Anton Iverson Myrbostad - kvar vaks han opp?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Anton Iverson Myrbostad - kvar vaks han opp?

Legg inn av Erling Myrbostad » 22. september 2016 kl. 20.52

Anton Iverson Myrbostad (min bestefar) har etternamnet sitt frå Myrbostad i Fræna. Faren Iver Justson Bø var gardsarbeidar på ymse gardar i Fræna, men var oppaveleg frå Innfjorden. Og mora var opphaveleg frå Ringebu. Her er dei på Håset i 1900:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 7402001613

Og her på Nygjerdet i 1910:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 6782001329

Det eg prøver å finne ut er kvar dei bodde på Myrbostad. Det har vore sagt "ei lita stue", men dei må sikkert ha vore der ei tid, sidan bestefar tok Myrbostadnamnet. Anton Myrbostad er f. 3. mai 1876.

Håper nokon med lokalkunnskap kan avklare dette.

mvh Erling

10730
Innlegg: 187
Registrert: 13. oktober 2007 kl. 16.00
Sted: TORNES I ROMSDAL

Re: Anton Iverson Myrbostad - kvar vaks han opp?

Legg inn av 10730 » 22. september 2016 kl. 22.57

Iver Justesen Bø er nemnd i bygdebok for Fræna, bind III, side 52.

Det står der at Iver og kona bygsla ein plass under bnr 1, under gnr 16 Ås. Restar etter murane skal finnas der i dag.

Myrbostad er ikkje nemnd.

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Anton Iverson Myrbostad - kvar vaks han opp?

Legg inn av Erling Myrbostad » 23. september 2016 kl. 9.25

Takk for det, Knut.

Det er vel rimeleg å tru at dei flytta på seg. Eldste bror til bestefar bruka nemleg Aas til etternamn, så han hadde det vel truleg frå plassen under Ås. Da er det kanskje vanskeleg å finne ut kvar dei bodde på Myrbostad. Sikkert er det i alle fall at dei bodde der, det fortalde bestefar sjølv.

mvh Erling

10730
Innlegg: 187
Registrert: 13. oktober 2007 kl. 16.00
Sted: TORNES I ROMSDAL

Re: Anton Iverson Myrbostad - kvar vaks han opp?

Legg inn av 10730 » 23. september 2016 kl. 11.21

Hei, eg trur gir deg eit par namn som PM.

Dei kan vite noko om dette.

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Anton Iverson Myrbostad - kvar vaks han opp?

Legg inn av Erling Myrbostad » 23. september 2016 kl. 19.44

Takker så mykje.

mvh Erling

Svar

Gå tilbake til «Fræna»