Var det på Nerland to Lars Johnsen Stokke i 1840 åra?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Var det på Nerland to Lars Johnsen Stokke i 1840 åra?

Legg inn av dn26165 » 27. august 2011 kl. 19.21

I temaet ”Ole Olsen Brudeli” under Rauma er det nemnt ein Lars Johnsen Stokke som kjøpte garden Øverli på Kleive i 1825. Han gifte seg med Mari Davidsdotter. Dei selde seinare garden og flytte til Bud prestegjeld, først til Skarset, og deretter til Nerland der dei budde i alle fall frå 1840 åra til dei døydde.

I Bud kyrkje vart det 26.09.1841 konfirmert ein gut Ole Larsen som var fødd i Grytten 18.05.1825 av foreldre Lars Johnsen Stokke og Eli Olsdotter Abelstad. Ved konfirmasjonen i Bud kyrkje er det opplyst at foreldra hans var ”Husmd. Lars Johnsen og Konen Elie Nerland”.

Om dette siste er rett, måtte det i 1840 åra på Nerland ha budd 2 Lars Johnsen frå (ein gard) Stokke, den eine gift med Mari Davidsdotter og den andre (frå Grytten) gift med Eli (Olsdotter Abelstad). Dette har eg svært vanskeleg for å tru på. For meg synest det mest truleg at det på Nerland budde berre ein Lars Johnsen (Stokke), gift med Mari Davidsdotter, og at denne Lars Johnsen også var far til Ole Larsen (konfirmert 1841 og død som enkemann på Nerland 30.12.1909). - Dette er basert på at eg til no ikkje har funne noko som kan tyde på at det i desse åra også var ein familie Lars Johnsen og Eli Nerland. Difor er eg usikker her, og vil verdsette alle opplysningar.

Nærare opplysningar om dei nemnde personane, og lenker til dokumentasjon, er lagt inn i temaet ”Foreldra til Ole Larsen Nerland, fødd 1825 i Grytten”, innlagt under Rauma. I temaet ”Ole Olsen Brudeli”, også under Rauma, er det breiare omtale av Lars Johnsen Stokke og Mari Davidsdotter.

Håpet mitt med dette tema under Fræna er å få nærare opplysningar om spørsmålet i tema-overskrifta, og elles andre opplysningar som kan bidra til sikker identifikasjon av desse personane på Nerland.

Kjell Farstad
Innlegg: 1908
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Var det på Nerland to Lars Johnsen Stokke i 1840 åra?

Legg inn av Kjell Farstad » 31. august 2011 kl. 21.40

Det kan være nyttig å avklare denne Lars Jonsen født i Opdals Prestegjeld ca.1802, som i
1865 bor på Mahlofeten, Hustad.Ugift skomaker 64 år gammel. Opplysningene i FT er til tider villedende. Det er ikke usannsynlig at denne Lars har barn!
Saken fra Opdal:

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Var det på Nerland to Lars Johnsen Stokke i 1840 åra?

Legg inn av dn26165 » 11. september 2011 kl. 11.46

Takk for innspel, Kjell!

Eg hadde vel i grunnen ikkje så stort håp om reaksjon på dette tema. For dersom det er slik som eg meiner – at det på Nerland i 1840 åra var berre ein Lars Johnsen (frå ein gard Stokke), og at han var gift med Mari Davidsdotter, kan det neppe vere nokon som har opplysningar om den andre (teoretiske) Lars Johnsen (også frå Stokke) som var gift med ei Eli Olsdotter. Og då er det vel ikkje så mykje å skrive heim om. Men det er håp i hengande snøre. Difor valde eg likevel å legge ut dette tema i tilfelle nokon hadde opplysningar om eitt eller anna som kunne vise eller indikere at eg er på ville vegar.

Difor er eg takksam for innspelet frå deg. Eg er samd i at her kan det vere grunn til å snu alle steinar. Kjelder som normalt har stort truverde (kyrkjebøker og folketeljing), ser ut til å ha fleire forvirrande feil om denne familien. M.a. kan eg ikkje finne Mari Davidsdotter i FT1865. (Dette gjeld rett nok avskrifta på Digitalarkivet. Eg har enno ikkje kontrollert den originale teljinga, og veit ikkje om feilen også er i originalen eller berre i avskrifta på Digitalarkivet.) Og i kyrkjebøkene ser det ut til å myldre av feil om denne familien. I kyrkjebøkene har presten m.a. skrive at Mari Davidsdotter var kona til både Lars Johnsen/Johansen og skomakar Olsen. Om dette var rett, måtte ho truleg vere første (og einaste?) bigamist på Nerland. Ei slik hending på Nerland i 1840 åra trur eg i det minste måtte bli lagt merke til. Presten og medhjelparane hadde nok då hatt litt av kvart å stelle med. For ikkje å snakke om påtalemakta.

Ein kan sjølvsagt ikkje sjå vekk frå at FT1865 har feil opplysningar også om skomakar Lars Jonsen, fødd i Oppdal, losjerande på Malefeten i 1865. Men det vil kanskje kunne vere tidkrevjande å finne ut noko meir om denne karen enn det som har kome fram i andre tema om han. Eg veit ikkje ein gong om han var bufast på Malefeten, eller om han kunne vere på vandring frå heim til heim med tilbod om sko.

Alle spor som eg har om Lars Johnsen Stokke og sonen Ole Larsen, peikar mot Grytten, ikkje mot Oppdal. Skal skomakar Lars Jonsen frå Oppdal kunne vere far til Ole Larsen og gift med ei Eli Olsdotter og busett på Nerland i 1841, må ein vel helst tenkje seg at han på si vandring frå Oppdal først tok vegen om Dombås og ned Romsdalen der han seinast hausten 1824 i Kors sokn møtte Eli som han fekk ein son med i mai 1825, at dei seinare gifte seg ein eller annan stad i tida mellom mai 1825 og september 1841, og at dei etter mai 1825 reiste vidare og var på Nerland før september 1841 og på Malefeten i 1865. Dette er sjølvsagt ikkje utenkjeleg. Men det stemmer ikkje heilt med kyrkjebøkene for Grytten som opplyser at faren til Ole Larsen var Lars Johnsen på Stokke. – Alle innspel her vert mottekne med takk!

Kjell Farstad
Innlegg: 1908
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Var det på Nerland to Lars Johnsen Stokke i 1840 åra?

Legg inn av Kjell Farstad » 11. september 2011 kl. 21.34

Som Erling har dokumentert tidligere så døde; Lars Jonsen 17. april 1853 på Nerland 64 år gammel. Lars er født 17. november 1791 i Grytten. Denne aldersforskjellen er ikke noe å si på. Jeg kan ikke se at det er funnet et skifte etter Lars. Lars's barn fra Øverlia, Skarset og Nerland var ved hans død fra 8 år og oppover. Jeg har funnet bare et skifte som knytter Lars Jonsen Øverli til Skarset. Lars er nevnt under arving nr.4 Magnild Larsdatter. http://arkivverket.no/URN:sk_read/24626/73/

I Skifteutlodningsprotokoll 3A 19 , 1844-1859, Romsdal sorenskriveri er det ført opp en Lars Johnsen, jeg tror det må være Krogset som står skrevet etter navnet. Det hele er litt uleselig, det kan være side 555 det henvises til i protokollen. På de sidene finner ikke jeg noe opplysninger om denne Lars. Sideregisteret: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24628/573/

Svar

Gå tilbake til «Fræna»