Ein eller annan gong før 1844 flytte Thron Knudsen Malme frå Fræna til Molde. 30/9 1843 fekk han ein son Teodor - og ved dåpen 1/1 1844 i Molde kyrkje var oppført som foreldre Thron Knudens Malme og Karen Halvorsdatter fra Molde (Krybben). Faddere var Ingebrigt Knudsen Malme, Edvard Pedersen Hansvig og Bødtker Olsen samt Mali Madsdatter Malme, Thea Pedersdatter og Martha Hansdatter. Hjemmedøbt af Gjordemoderen.
Ingebrigt Knudsen Malme (=Rødal) reknar eg med var gift med den andre fadderen frå Malme - Mali Madsdatter Malme. Ho levd framleis i 1865 - då var ho kårkone på Malme.
I 1801-telling for Agerø Vaagø Rødal kan ein finne ein Ingebrigt Knuds. , 2 år.
Knud Ingebrigts. Huusbonde, 38 Aar, 1. ekteskap, bonde og gaardbeboer
Berit Olsd. hans kone, 36 Aar, 1. ekteskap,
Ingebrigt Knuds. deres børn, 2 Aar, Ugivt
Elie Knudsd. deres børn, 11 Aar
Marit Knudsd. deres børn, 6 Aar.
Kan Thron Knudsen vere ein son av Knud Ingebrigts. og Berit Olsdtr.?
Kven var Thron Knudsen Malme?
Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal
-
- Innlegg: 1026
- Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
- Kontakt:
-
- Innlegg: 3054
- Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
- Sted: Øksendal
Re: Kven var Thron Knudsen Malme?
Hei. Eg får ikkje treff på nokon Trond når eg gjer eit foreldresøk på Knut Ingebrigtsson og Berit Olsdotter i FamilySearch. Men derimot får eg treff på ein Trond Knutsson døypt i Fræna i 1806:
http://www.familysearch.org/Eng/Search/ ... rompage=99
Foreldra er Knut Eriksson og Anne, og det kan vere dei vi finn i FT 1801 på Malmedal:
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... =2182#ovre
Kona til Knut ser vi heiter Anne Trondsdotter. Farsnamnet hennar er ein sterk indikasjon på at dette er dei foreldra du søkjer. Gardsnamnet peikar i same lei.
Helsing Knut Sæther
http://www.familysearch.org/Eng/Search/ ... rompage=99
Foreldra er Knut Eriksson og Anne, og det kan vere dei vi finn i FT 1801 på Malmedal:
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... =2182#ovre
Kona til Knut ser vi heiter Anne Trondsdotter. Farsnamnet hennar er ein sterk indikasjon på at dette er dei foreldra du søkjer. Gardsnamnet peikar i same lei.
Helsing Knut Sæther
-
- Innlegg: 1026
- Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
- Kontakt:
Re: Kven var Thron Knudsen Malme?
Takk skal du ha!
Det ser ut som om du har heilt rett! Her er konfirmasjonen.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-171
Tron Knudsen Malmedal - foreldre Knud Erichsen og Ane Tronsdattr. Tron født 2/9 1806.
Så var det berre å leite vidare etter ytterlegare prov på at dette er rette karen! Eg har leita i kyrkjebøkene for Molde utan å lukkast. No får eg ta meg ein runde i kyrkjebøkene fpr Frænadistriktet - kanskje eg har meir flaks der?

Eg har leita litt vidare.
Tron Knudsen son av Knud Erichsen Malmedal og Ane Tronsdatter er lite truleg arbeidsmand i Molde Tron Knudsen Malme gift med Karen Halvorsdatter. Då Tron og Karen gifta seg i Molde kyrkje i 6/8 1843 vert han kalla ungkar. Rett nok vart han då skriven for Malmedal då.
Tron Knudsen son av Knud Erichsen og Ane var gift både i 1834 og 1836 - og i 1865 bur han framleis på Malmedal og har endå til ei 3.? kone.
Så er det attende til utgangspunktet, nemleg Knud Ingebrigtsen og Berit Olsd. (Sylte) som heldt til på Rødal i 1801. Dei hadde mellom anna sonen Ingebrig Knudsen g. m. Mali Madsdatter. Begge dei to sistnemnde var fadrar når Theodor, eldste sonen til Tron Knudsen Malme var født.
Berete Olsd. var neppe mor til Tron Knudsen Malme i Molde, ho døydde nemleg des, 1803. Tron er nemnt 58 år gl. i 1865. No kan vel alderen vere feil i folketeljinga - og noko fødselsår elles kan eg ikkje finne i kjeldene.
Knud Ingebrigtsen var framleis ein mann i sin beste alder då han vart enkemann - og allereie i 1804 gifta han seg på nytt med Synnøve Tronsdatter. Ho var ca. 20 år yngre enn mannen og fødte han fleire barn, m.a. Inger Anna (1808 - 1848). Gjett kven ho vart gift med 19/6 1836 - jo Tron Knudsen Malmedal, son av Knud Erichsen som er omtala lenger opp! 10/8 1850 døypte Trond Knudsen Malme dottera Inger Anna. Også her stod Ingebrigt Knudsen og Mali Madsdatter faddere - og rundt 1860 fekk han sonen Ingebrigt.
Her er mange ting som tyder på at Ingebrigt Knudsen kan vere far åt Trond Knudsen Malme på Molde. Problemet er imidlertid at eg ikkje kan finne nokon Trond Knudsen nemnt som son av Ingebrigt Knudsen. Kyrkjebøker manglar.
Den einaste kandidaten eg kan finne er blant konfirmerte i 1828, nemleg Trond Knudsen på Elnes f. 1811. Kan det vere ein son av Knud Ingebrigtsen? Knud fekk elles barn som eg kjenner til i 1806, 1808, 1818 og 1821. Det er kanskje rom til Tron mellom 1808 og 1818?
Kanskje dykk Family Search spesialistar kan finne noko ut frå desse opplysningane?