Hjelp til oppslag i bygdebok for Aukra - Løvik og Nerbø

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Hjelp til oppslag i bygdebok for Aukra - Løvik og Nerbø

Legg inn av dn26165 » 3. juli 2012 kl. 11.41

Biblioteket i Molde er på flyttefot og lite publikumsvenleg for tida. Eg lurer difor på om nokon med bygdebøkene innan rekkevidde vil vere så venleg å gjere eit oppslag for meg på gardane Løvik (nedre) og Nerbø.

Problemet mitt er dette:
Jørgen Eriksen (fødd i Bud rundt 1693 – 8 år i 1701 - med foreldre Erik Størkersen og Ingeborg Sæmundsdotter) skal ha flytta til Løvika der han gifta seg. Eg legg til grunn at dette må ha skjedd ein gong før 1734, i og med at han då vart ført opp med gardsnamnet Løvik.

Det vart halde eit skifte 30.07.1763 i Løvigen etter avdøde ektefolk Jørgen Erichsen og Giertru Sørens Datter.

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24618/167/

Skiftet opplyser at Jørgen og Gjertrud hadde desse arvingane:

1. Erich Jørgensen Løvigen, myndig
2. Søren Jørgensen Smaage, myndig
3. Synev Jørgens Datter, gift med Lars Smaage
4. Anne Jørgens datter, gift med Iver Mortensen Røe
5. Ingebor Jørgens Datter, død. Ho etterlet seg desse borna etter ekteskapet med Jacob Jacobsen Bjørnsund:
- Jacob Jacobsen, 15 år
- Jørgen Jacobsen, 9 år
- Hans Jacobsen, 7 år
- Giertrue Jacobsd., 4 år

Eg legg til grunn at det er son nr. 1, Erich Jørgensen, som i 1801 er ført opp på Løvig Nedre som ”Huusbondens fader”, 73 år og i sitt ekteskap nr. 2.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=202#ovre

Eg held det for sannsynleg at den Jørgen Eriksen som var død på skiftet 1763, kan vere identisk med førstnemnde Jørgen Eriksen (fødd i Bud rundt 1693). Men eg har problem med å få dette til å stemme heilt. For Jørgen Eriksen (fødd i Bud rundt 1693) skal også - etter det som eg har fått opplyst - ha hatt ein son Mads Jørgensen, som igjen fekk ein son Hans Madsen (Nerbø), f. ca 1751 (50 år i 1801). Han er i 1801 ført opp på Næderbøe som ” Huusbonde”, 50 år og i sitt første ekteskap.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=296#ovre

Korkje Mads Jørgensen eller Hans Madsen er nemnde på skiftet i 1763 etter det som kunne vere far og farfar. Eg har etter dette problem med å finne samanhengen i dette, dersom det er rett at Hans Madsen var soneson av Jørgen Eriksen (f. rundt 1693). Kunne Mads vere fødd utanom ekteskap, og dermed utan arverett etter faren? Kan hende har Julnes løysinga i bygdebøkene for Aukra, og eg vil difor vere takksam om nokon kan kontrollere dette.

10730
Innlegg: 187
Registrert: 13. oktober 2007 kl. 16.00
Sted: TORNES I ROMSDAL

Re: Hjelp til oppslag i bygdebok for Aukra - Løvik og Nerbø

Legg inn av 10730 » 3. juli 2012 kl. 22.10

Det er opplysningane dine vedr Nerbø som ikkje samsvarer med det Julnes skriv: Han skriv: Mads Hansen f 1725 på Jendem, d 1785, søster hans var Jertru Hansdtr Mevold (gnr 20 bnr. 1).....

Hans Madsen er son til denne Mads Hansen , og altså ikkje son til nokon Mads Jørgensen.
Dette ifølge det Julnes skriv under Nerbø, bnr 4.

Knut R Sande

dn26165
Innlegg: 125
Registrert: 29. januar 2011 kl. 16.33
Sted: MOLDE

Re: Hjelp til oppslag i bygdebok for Aukra - Løvik og Nerbø

Legg inn av dn26165 » 4. juli 2012 kl. 12.12

Mange takk for at du tok deg tid til dette oppslaget! Det opplyste er avklårande. Det som Julnes skriv, er i samsvar med skiftet på Løvik i 1763. Det er også i samsvar med skiftet etter Mads Hansen på Nerbø 13.03.1786. Der er Hans Madsen ført opp som arving nr. 1.

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24620/208/

Etter dette synest det klårt at nemnde Mads Jørgensen må vere ein rein konstruksjon. Hans Madsen Nerbø kan i alle fall ikkje vere soneson av Jørgen Eriksen Løvik.

Svar

Gå tilbake til «Aukra»