Dorte Marie Hansdotter Nyaas (Islands-Doret)

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Løseth
Innlegg: 814
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Dorte Marie Hansdotter Nyaas (Islands-Doret)

Legg inn av Kai Løseth » 10. januar 2012 kl. 20.09

I heftet Islands-Doret hennar liv og etterslekt, skrive av Anna Julnes i 1977 står det at ho 29. september 1773 vart gift med Erik Hansen Harbaken, Nordman. Etter at dei flytta til Norge busette dei seg i Orvika på Otrøya. Vidare står det at namnet Nyaas tyder på at ho ikkje var frå Island, men heller frå Danmark, Sverike eller Norge.
Gravfestinga til Erik Hansen er 22 søndag etter Trefoldighet (6. november) i 1803, side 259:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-131

Doret gravfesting side 193, nederst:
’Daaret Hansd Lægdsfattig Enke fra Orvig 71 Aar’
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-99
Problemet er tilgang til Islandske kjelder og språkmessig å kunne lese det.
Det har gått lang tid sidan 1977, og kanskje har nokon funne meir ut om henne?

mvh
Kai Løseth (etterkomar av henne)

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3025
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Dorte Marie Hansdotter Nyaas (Islands-Doret)

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 10. januar 2012 kl. 23.26

Johan Julnes i Midsund III 2006, skriver om denne Dorte Marie Hansdt Nyås. Dette er kanskje samme kilde og de samme opplysninger du har fra heftet til kona?

Ekteskapsinngåelse i Røykjavik den 29/9 1773 er vel det nermeste han har kommet med opplysninger om henne, der forlover var Sr Hans Lindberg. Samt at han har med sønnens dåp på Island med navngitte faddere.
Og Johan sin teori er fortsatt (2006) at namnet Nyås tyder på at ho er skandinavisk.

Kai Løseth
Innlegg: 814
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Dorte Marie Hansdotter Nyaas (Islands-Doret)

Legg inn av Kai Løseth » 11. januar 2012 kl. 13.11

Takk for svar!
Ja, det er nok det same som står i heftet til Anna Julnes (som har nøsta opp ei stor etterslekt!).
Om der skulle vere eit slektsforum der islendingar deltar ville det kanskje vere ein sjanse. Eg får prøve å undersøkje.
mvh
Kai Løseth

Svar

Gå tilbake til «Midsund»