I bygdebok for Fræna Gard og slekt bd. II s. 277 av Johan Julnes under garden Havnes bnr. 1 står nemnt ein Ole Iversen d. ca. 1764 truleg son til Iver Gundersen Harholt, Nesset og kone Marit Gjertsdtr. Langset.
Diverre har eg ikkje den bygdeboka som omtalar Harholt, men eg forstår at det må vere bd. II s. 121 når eg les i dei binda eg har.
Eg skulle gjerne få meir kunnskap om forfedrane til Ole Iversen Havnes som vart gift med Elisabeth Torsteinsdtr.
Iver Gundersen - kan det vere den same som er oppført i FT!701 under Harholt (Nesset, Røe) - 40 år gl med sonen Ole Iversen 2 år?
Harholt - bygdebok for Nesset bd. II s. 121?
Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal
Re: Harholt - bygdebok for Nesset bd. II s. 121?
Du har nok rett foreldre på Ole Iversen, men det er ikkje ført opp barn på dei i Nessetboka b. 2 s. 126 v/O. Roaldset, og det kjem nok av at kyrkjebøkene i Nesset ikkje begynner før 1757.
Det som er skrive er følgjande:
"Iver Gunderson fikk byksel på 1 1/2 våg i Harholt 4.7.1692. Dette var sikkert den delen som faren hadde, men det ser ikkje ut til at faren heilt gav frå seg drifta trass i denne bykslinga.
I 1694 vart Iver innstemnd på hausttinget av futen for leiermål med Marit Gjertdotter Langset. Iver møtte på Tinget og "lovede betaling efter haanden hvilket han og med 6 3/4 lod sølv bør efterkomme under exekution". No ja, Iver og Marit let seg ikkje skræme. På tinget 18.10. 1697 vart Marit Gjertsdotter og Iver Gunderson dømt til "egteskabs-leiermaalsbøder" med 3 rdl. 1 ort 12 skilling. Ved dette høvet var Marit skriven for Klokset, og det var derifrå ho var.
Korleis det vidare gikk med Marit og Iver veit vi lite om. På tinget i 1711 vart Iver opprekna mellom skatteskyldnarane, og det er det siste som er kjent om han".
På sida framfor står det om far til Iver, Gunder Iverson, ein uvanleg dyktig smed som hadde lært kunsten av dvergane i Kvennberghammaren. Han hadde arbeidd i fleire år i den kongelege verkstaden i København. Kona til Gunder er ikkje namngitt, noko som truleg var vanskeleg.
Men faren var Iver Trondson brukar på Harholt 1628-1650 da Gunder tok over.
Brukaren før han var Trond som var brukar i 1597, "vidare vi kjenner til 3 gutar som må ha vore sønene til Trond: 1. Iver , brukar av denne gardparten etter faren, 2. Knut, vart brukar av den andre gardparten, 3. Ola, omtala som dreng hos faren i 1617 og 24."
På Klokset i same boka s. 188, står det:
"Gjert var gift, og kona heitte Gunhild, dei hadde i alle fall ei dotter, Marit, som vart dømt for leiermål med Iver Gunderson Harholt. Knut Estenson er brukar etter faren på 1650-talet, og frå 1661 tok broren Gjert Estenson over.
Esten skattar for garden i 1651, det er spørsmål om ikkje det er den same som er brukar i Nilsstua i Høvik på same tid.
Nilsstua, Høvik, b. 2 s. 149:
Om eg slår opp i Nilsstua på Høvik, er det ikkje mykje nytt å få vite. Esten Høvik var brukar frå 1624. Han betalte koppskatt for kone og ei dotter, men må også ha hatt ein son.
Så kjem sonen Knut Estenson i 1647 som var vekslesvis funnen saman med faren eit 10-år framover.
Det var så langt Gards- og ættesoge for Nesset kunne gi hjelp.
Mvh Randi Ingunn Selnes

Hei!
Tusen takk for god hjelp! Det er synd at bd. 2 og 3. er utselde av bygdebøkene. Dei andre har eg.
Ole Iversen og Elisabet Torsteinsdatter hadde 3 barn, 2 av dei skulelærarar, Gunder og Tosten (ca. 1735 - 65), men det er berre Gunder som har etterslekt. Torsten Olsen skriv ikkje Julnes meir om enn at han vart gift til Male og etterlet seg ei dotter, Ellen Nøring (1761 - 1771).. Tosten vart i 1759 gift med Anne Halvorsdatter Male. Tosten og Anne hadde ei dotter til, Elisabeth (1764 - 66). Foreldra hennar Anne Halvorsdatter var Ellen Willumsdatter Nøring (dotter av lensmann Willum Nøring) og Halvor Iversen Male (Foreldre: Berette Erlandsdatter og Iver Bendixen Male). Ei farsøster av Anne Halvorsdatter var Anne Iversdatter, ho trur eg vart gift med klokkaren på Sundsbø, der nokre av etterkomarane kalla seg Sundbech. Tenkte kanskje at du Randi Ingunn som forfattar av dei siste bygdebøkene for Nesset hadde interesse av å få vite dette om etterkomarar av slekt utvandra frå Nesset.
mvh
John H. Aarønes

Ja, eg er interessert, og har notert det i margen. Kjekt å ha! Sjølv om det er 2 1/2 år sidan eg arbeidde for Nesset kommune, og arbeider no for ein annan kommune. Det er mykje som er skrevet ved sida med penn i mine Nessetbøker.
Ja, det er trasig når ein ikkje får dei bøkene ein er interessert i. Men har du kontakta kommunen i det siste? Dei har fått skanna og trykt opp igjen utselde bøker. No er ikkje eg oppdatert med korleis situasjonen er i dag, men det er ikkje lenge sidan eg så på nettet at dei hadde tilbud på heile pakka med 11 bind. Om det er rett, må dei kunne selge b. 2 og 3 også. Eg gjekk inn på kommunen sine heimesider i dag og såg etter dette, men kunne ikkje finne det, og eg hugsar ikkje kvar eg såg det. Det står adresseliste der så det er no berre å kontakte kultursjefen, Bjørn Ølander.
mvh Randi Ingunn

Takk for tipset!
Har tinga bøkene. Fann dei på heimesidene til Nesset kommune ved å søke på Selnes:
Har tinga bøkene. Fann dei på heimesidene til Nesset kommune ved å søke på Selnes:
Re: Harholt - bygdebok for Nesset bd. II s. 121?
Kjekt det ordna seg. Det kom ikkje eg på.