Engel Andersson på Rønningen på Eidsøra frå før 1777

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 558
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Engel Andersson på Rønningen på Eidsøra frå før 1777

Legg inn av Magnar Husby » 25. mars 2015 kl. 13.50

Eit oppsett om Siri Engelsdatter f 1711 ((fødselsåret står tydeligvis i bygdeboka for Rennebu, men ho var døypt 15. juni 1710) på nettstaden ”Skifter Orkdal, Meldal, Rennebu og Oppdal 1689-1805” viser at ho var gift tre gonger, siste gong med Jon Olson, som ho ikkje hadde barn med i Rennebu. Familien er notert i eit manntal for Rennebu i 1769, men så er det ikkje meir om dei. Ho har ein son Engel Andersson frå 2. ekteskapet sitt, fødd 13. februar 1752. I 1769 er også barna Ragnhild og Guru heime hos foreldra. Dei heldt til på garden Brattset i Rennebu.

Denne familien må ha reist til Møre og Romsdal, for eg meiner det må vere dei som bygsla Rønningen på Eidsøra i noverande Nesset, daverande Tingvoll, ein gong i 1770-åra, og som sonen Engel Andersson kjøpte til sjølveigande med skjøte datert 22.05.1777. I Gards- og ættesoge for Nesset bind 4 side 71 spekulerer forfattaren Ottar Roaldset på kvar denne familien kom i frå. Han kjem ikkje i mål, og han har truleg lese farsnamnet til Siri som Einar i staden for Engel, eller det kan vere feilskriving i dokument. Men alt anna stemmer med det som står om den nykomne familien på Rønningen. Men kona, Kari Jørgensdotter Ramsvik, har Engel truleg funne i Møre og Romsdal. Mange av barna til Engel og Kari er namn frå ætta til Siri, eller Sigrid, som er den mest brukte namnevarianten i Møre og Romsdal.

Er det nokon som kan verifisere denne identifiseringa med andre dokument?

Kjell Farstad
Innlegg: 1820
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Engel Andersson på Rønningen på Eidsøra frå før 1777

Legg inn av Kjell Farstad » 25. mars 2015 kl. 16.24

Har ikke svar på spørsmålet, men det kan være greit å se på FT1801 for Rønningen i Tingvoll.
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8428001237

Magnar Husby
Innlegg: 558
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Engel Andersson på Rønningen på Eidsøra frå før 1777

Legg inn av Magnar Husby » 25. mars 2015 kl. 17.03

Namninga på desse barna er heilt i samsvar med namna i slekta til Sigrid Engelsdotter. Ho døyr i 1777 68 år gamal her:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-5

Men her er ho altså ei Ejnersdatter, så det kan vere herifrå Ottar Roaldset har fått namneversjonen sin. Men eg trur framleis det skal ha stått Engelsdatter.

Alderen stemmer svært god med opplysninga om Siri Engelsdotter i Rennebu.

Kjell Farstad
Innlegg: 1820
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Engel Andersson på Rønningen på Eidsøra frå før 1777

Legg inn av Kjell Farstad » 25. mars 2015 kl. 23.14

1777 .. p: F: Cirium: Trolovet Ungkarl Engel Anders: Rønningen med pigen Kari Jørisdr Rønningen. Sp: Jon Olsøn Rønningen & Hallvar Andersøn Tallsætt.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-5

x. Sigri f.25.01.1777, døpt 02.02.1777 i Tingvoll (FS)
Nede til venstre på siden.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-6
x. Jorrin f.04.03.1779, døpt 07.03.1779 i Tingvoll (FS)
x. Anders f.25.04.1781, døpt 29.04.1781 i Tingvoll (FS)
x. Ragnild f.31.10.1783, døpt 01.11.1783 i Tingvoll (FS)
x. Jørgen f.24.12.1786, døpt 26.12.1786 i Tingvoll (FS)
x. Arent f.03.06.1789, døpt 07.06.1789 i Tingvoll (FS)
x. Jon f.xx.10.1791, døpt 25.10.1791 i Tingvoll (FS)
x. Ole f.20.05.1794, døpt 01.06.1794 i Tingvoll (FS)
x. Guri f.13.12.1796, døpt 18.12.1796 i Tingvoll (FS)

Magnar Husby
Innlegg: 558
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Engel Andersson på Rønningen på Eidsøra frå før 1777

Legg inn av Magnar Husby » 26. mars 2015 kl. 1.24

Viss du finn frm på nettstaden eg har omtala ovanfor. kan du sjå at faren til Engel Andersson heitte Anders Arntson, at mora til Sigrid heitte Guru, og dette er i tråd med namninga på barna. Men vi veit ikkje noko om Kari Jørgensdotter sin familie. Namnet Jorrin må vere frå hennar side, og likeins Jørgen.
1. jente: Namna Sigrid etter mora til faren
2. jente: Jorrin etter mor til Kari?
3. første guten: Namna Anders etter far til faren
4. tredje jenta, skal vere etter farmora til Engel, og han hadde avdøde søstre med det namnet
5. andre guten: Jørgen etter faren til mora
6. tredje guten: Arent etter farfaren til Engel som vanleg skikk
7. fjerde guten: Jon - her er det ruleg stefaren Jon Olsen som er oppnamna, men det han jo vere at faraferen til Kari heitte Jon og.
8. femte guten: Ole - her er det truleg den første ektemannen til Sigrid som er oppnamna. Han heitte Ole Fredriksen.
9. fjerde jenta: Guri, skulle vere namna etter ein av Kari sine, men det kan vere etter mormora til Engel også.

Innskrifta når Engel og Kari giftar seg er spesiell: Det står altså Kari Jørisdotter. Det var vanleg med namnet Jørus, ei korting for Jørgen, i Tingvoll. Men Jøris? Og Jorrin er svært sjeldan i Tingvoll. Er det nokon som har vore borti det namnet som ganske vanleg namn for nokon stad? Og det ser ut til at ho og oppheldt seg på Rønningen. Kanskje hadde ho vore i teneste hos familien, eller i teneste hos dei føregåande drivarane av Rønningen, som var av "finare" folk? Ottar Roaldset har skrive at Kari og er omtala med etternamnet Ramsvik. Det er Ramsvik både her og der, men eg har ikkje funne nokon Jørgen eller Kari på dei stadene eg har sjekka for ekstraskatten frå 1762 til 1769: Eg fann ikkje Kari konfirmert i Tingvoll heller.

Svar

Gå tilbake til «Nesset»