Sjeleregister av Philip Wilhelm Nicoll, sokneprest i Haram

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj03619
Innlegg: 65
Registrert: 09 apr 2019 15:16:22
Sted: FØRDE

Sjeleregister av Philip Wilhelm Nicoll, sokneprest i Haram

Legg inn av gj03619 » 11 nov 2015 20:26:03

I heftet "Nærsamfunnet i kulturhistorisk lys" (1975) utgjeve av Haram kulturhistoriske lag skriv Peter Hove, tidlegare prest i Haram, på side 68 at sokneprest "Nicoll tok opp eit sjeleregister kring 1820.." (sitat frå artikkelen "Den gamle stavkyrkja på Haram som kulturminne").

Eksisterer eigentleg dette sjeleregistereret?

Hove ritar opp bøker av ymse slag sjelene vart registrert med. Eg har ikkje kome over denne kjelda omtalt andre stadar.

Er det ved statsarkivet i Bergen eller Trondheim sjeleregisteret kan vere oppbevart sidan Haram høyrde til Bjørgvin bispedøme?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4943
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Sjeleregister av Philip Wilhelm Nicoll, sokneprest i Har

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 11 nov 2015 22:12:02

Den første og mest naturlege plassen å leite er sokneprestarkivet for Haram.
Det ligg i Statsarkivet i Trondheim.

Svar

Gå tilbake til «Haram»