Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Legg inn av dn08004 » 11. desember 2011 kl. 13.14

Hei!

Eg lurer på om nokon veit noko om kvar denne Elen Pedersdotter Tenøen blei fødd eller kvar ho vart av? Ho vart konfirmert i 1752 i Vatne (då under Borgund).

Eg leitar etter aktuelle personar med namnet Elen Pedersdotter som er fødd +-5 år frå 1735. Sjå
dette foruminnlegget.

Tidlegare har eg funne tre andre aktuelle profilar som det ikkje kan vere. Denne på Tennøya er den einaste eg har att, men har ikkje funne noko. Ho stend ikkje i bygdeboka, men faren kan vere Peder Sivertsen (Sjursen), og mora anten (truleg) Kari Paulsdtr. (enke etter Elling – Eli kan vere fyrstefødde og oppattkalla) eller Marthe Kristensen.

På førehand takk!

Gunnar

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3141
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 11. desember 2011 kl. 15.05

Sjansen for at dette er en datter av Peder Sivertsen/Sjursen Tennøy er vel ikke så stor?

Ho kan neppe være datter av Kari Paulsdtr f ca 1750 og som hadde barn født i perioden 1793-1699 i følge bygdeboka.
Skulle Peder og Kari ha felles barn måtte det nok helst være i nærmeste tida etter ekteskapsinngåelse 1705.
Elen er oppgitt til 17 år ved konfirmasjonen i 1752. Om ho da gikk i sitt 17. år (fyllt 16) så ville ho være fødd 1735/36. Peder gifter seg på nytt i 1738 etter at Kari dør i 1737. Et ektefødt barn av Peder skulle da være fødd tidligst 1738. Ho skulle dessuten være med i skiftet etter Peder i 1752. Om ho var unnfanget før Karis død ville det jo være hor med de følger det ville få i de tider, og det tror jeg ikke hadde gått forbi bygdebokforfatter Slyngstad.

Jeg vil nok heller tro at Ellen Pedersen var tjenestejente på Tennøya og ikke oppvokst på garden.
Aktuelle kandidater i området for denne Eli er kanskje en av disse fra FamilySearch?

3. ELLEN PEDERSEN - International Genealogical Index
Gender: Female Christening: 07 APR 1735 Vatne, More Og Romsdal, Norway

4. ELI PEDERSEN - International Genealogical Index
Gender: Female Christening: 23 SEP 1736 Skodje, More Og Romsdal, Norway


6. ELI PEDERSEN - International Genealogical Index
Gender: Female Christening: 28 JUL 1737 Orskog, More Og Romsdal, Norway

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Re: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Legg inn av dn08004 » 11. desember 2011 kl. 15.17

Hei! Takk for svar!

Ho som er døypt 7. april 1735 er fødd på Grøt og og døydde 1803 på Ramstad. Så henne er det ikkje.

Vedkomande ho som var døypt i Ørskog, nærare bestemt Furset på Stranda, så døydde ho tre veker gammal. Foreldre var Peder Rasmusson og Tyri Olsdotter.

Ho på Skodje har eg ikkje sett på enno. Takk. :)

Gunnar

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Re: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Legg inn av dn08004 » 12. desember 2011 kl. 22.28

No har eg funne litt ut om ho på Skodje, og ho kan vere aktuell. Ho er fødd i 1736 med foreldrene Peder Olsson Store Engeset og Ingeborg Jonsdotter Gjærset (Grytestranda i Haram). Dei bur på Store Engeset i Skodje fram til kring 1745. Kvar dei reiser etterpå er uvisst. Sidan mora er frå Grytestranda, kan dei sjølvsagt ha reist den vegen.

Bygdeboka for Skodje (s. 625) nemner at Elis bror, Askild, kan ha reist til Nørve. Tidlegare budde han og på Leite, Stette. Til Nørve kom han frå Grytestranda.

Den einaste konfirmerte Elen Pedersdotter i Vatne som er aktuell, er Elen Pedersdotter Tenøen (ho på Grøt giftar seg til Ramstad). Det høyres ut som ein konklusjon, men det er det ikkje. Kvar var ho frå, og kvar reiste ho vidare? Nokon som veit noko om Peder Olsson og Ingeborg Jonsdotter, som nemnt over? :?

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3141
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 12. desember 2011 kl. 23.01

Det er også ei Eli Pedersdtr Næs 17 år konfirmert i Skodje 1753, kan ho være aktuell?

Vedr. Grytestranda så kanskje det finnes noe i den nye bygdeboka.

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Re: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Legg inn av dn08004 » 12. desember 2011 kl. 23.10

Takk for tips! Sistnemnde er fødd på og tek over Nes-garden. Så dermed er ei til ute av biletet! :)

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Re: Elen Pedersdotter Tennøy (konf. 1752)

Legg inn av dn08004 » 20. april 2012 kl. 16.52

Eg har DNA-testa meg, og har funne to personar som har felles gener med meg på same del av eine kromosomet, og begge desse har Engeset-sida som einaste genealogisk link. Det provar ikkje noko, men gjev ein indikasjon på kven eg bør jobbe vidare med! :)

Svar

Gå tilbake til «Haram»