Finn ikkje noko spor etter Bernt Severin - innførsel nr.12 i Møre og Romsdal fylke, Borgund, Ministerialbok nr. 528A09 (1858-1864), Fødte og døpte 1862, side 46:
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 630048.jpg
Han blei født på Gamlem, utanomekteskapeleg barn. Foreldra dreng (min oldefar) Johan Gundersen Gamlem (født 1841) og "u-pige" Synneve Villiksd. frå Jelle, Eikremsfjell, Sula.
Ingen spor i kyrkjebøker over dødsfall, konfirmerte, gifte eller om han blei far.
Har leita i FT: 1865, 1900 og 1910 utan resultat.
Men eg kan ha oversett protokollføringar, og difor nyttar eg dette forumet.
Takk.
Søker spor etter Bernt Severin, født 15.desember 1861, Borg.
Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal
-
- Innlegg: 2474
- Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
- Sted: BREMNES
Re: Søker spor etter Bernt Severin, født 15.desember 1861, B

Han er ikkje saman med mora i FT 1865. Adoptert eller pleiebarn?
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8290001888
Mvh
Anne Lisbeth
Anne Lisbeth
-
- Innlegg: 5735
- Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
- Sted: TRONDHEIM
- Kontakt:
Re: Søker spor etter Bernt Severin, født 15.desember 1861, B
Han blei født på Gamlem, utanomekteskapeleg barn. Foreldra dreng (min oldefar) Johan Gundersen Gamlem (født 1841) og "u-pige" Synneve Villiksd. frå Jelle, Eikremsfjell, Sula.
Det kan vere greit å få med alt rett frå starten.
Fødestaden for barnet står i kyrkjeboka under f.datoen. Det er litt vanskeleg å lese om det står "paa Gamblembshogen" eller "-hagen". Gamlemshaugen er eit gardsnamn (matrikkelgard), medan Gamlemshagen er bruksnamn (3 bruk i 1886) under Gamlem.
Sidan alle faddrane er frå Gamlemshagen, er det mest truleg det som er fødestaden.
Barnefaren er kalla "Gamblembshoug"
Mora er "Pige" (ikkje "u-"), og er kalla "Jelle". Det står ikkje meir, og Jelle (Hjelle(n)) er bruksnamn under Spjelkavik og gardsnamn sør på Sula (ved Eikrem, difor også Eikrems(h)jelle(n)). Elles er det (H)jelle i nær sagt kvart einaste sokn på Sunnmøre. Veit du sikkert at det var frå Hjelle på Sula ho kom?
Dersom du finn Synneve sitt opphav, kan det tenkjast Bernt oppheld seg der.
I 1865 er Johan framleis ugift og bur med bror Gunder (og far Gunder, som er kårkall) på Gamlemshaugen. http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8289006932
Bernt Severin er ikkje her heller.
Re: Søker spor etter Bernt Severin, født 15.desember 1861, B
Takk.
Fødselen til mora til Bernt Severin, Møre og Romsdal fylke, Borgund i Borgund, Ministerialbok nr. 528A06 (1828-1839), Fødte og døpte 1831, side 35:
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 620705.jpg
Opplysingane om Hjelle på Sula har eg etter eit kvalifisert tips frå bygdebokskrivar som held på med skriving no.
Mora til Bernt Severin hadde truleg søstra Eline J. Vilaiksdatter buande på Skjelten, nabo til Gamlem.
Ho var gift med ein av fadrane til Bernt Severin, sjå også nedanfor, Folketelling 1865 for 1531P Borgund prestegjeld:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8289006890
Fødselen til Eline J. Vilaiksdatter, Klokkerbok for Borgund prestegjeld, Borgund, Giske sokn 1827-1840:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb ... 0002657038
Namnet ført i kyrkjeboka er Hellene Jacobine, født 1829.
Mannen, Knut Olsen, var han som gav beskjed om utanomekteskapeleg barn - sjå kommentar i kyrkjeboka ved innførsla. Han var også ein av faddarane som nemnt.
Etternamnet til Bernt Severin: Johansen, Gamlem, Gamlemshaug eller etter morfaren (om han budde hos slekta til mora): Williksen eller Villiksen?
Mest sannsynlege er adopsjon, forsterheim?
Eller har nokon funne han oppført som død?

Først: Sidelenkjer er betre enn biletlenkjer:
ok - ja eg såg denne Villiksdottera mellom faddrane. Ho vart gift i 1853: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-200
og fødd i 1829, her frå kyrkjeboka:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-12
Helene og Eline går om kvarandre med halvemål.
Har du sett etter om Synneve har fleire sysken? - i tilfelle dei kan ha teke hand om Bernt.
Det er ei nyare bygdebok for Sula. Der står det gjerne om foreldra Villik og Barbro levde også. Det kan vere at Bernt er nemnd også.
Adopsjon er ei nyare sak - så Bernt var nok til fostring, om han levde. Då burde han kunne finnast i FT1865.