Oppslag om Kvassnes

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 258
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Oppslag om Kvassnes

Legg inn av Kjell Jan Remø » 31. august 2018 kl. 9.33

Hei !
Kan nokon gjere eit oppslag for meg i Sula-soga, band I Kvasnes-Bjørkavåg ?

Eg er ute etter meir informasjon om ei Ragnhild Jakobsdatter. Kvasnes.
Skiftet etter Jakob Olsen i 1749 viser at han var far til Ragnhild. Ut frå den digitaliserte Gardssoga for Borgund og Giske ser eg at han heldt til på bnr 1 på Kvasnes.
Ragnille /Ragnhild vart døypt i 1730 og gift i 1753.

Er det nemnt noko under Kvassnes (Jakob Olsen død 1748) kvar Ragnhild og Lars Knudsen vart av ?

Div linkar:
Dåp Ragnille 26. jan 1730, langt nede på venstre spalte.
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 528/L0390: Ministerialbok nr. 528A01, 1698-1739, s. 374-375. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831640473
Vigsel Lars Knudsen Furre 1753- (Brudepar nr 6 3. januar)
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 528/L0391: Ministerialbok nr. 528A02, 1739-1761. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831640631

mvh Kjell Remø

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Oppslag om Kvassnes

Legg inn av gj09903 » 31. august 2018 kl. 16.02

Det er ingen opplysningar i Sula-soga om kvar Ragnhild og Lars vart av, men i skiftet etter Knud Larsen Fure frå 1754 står at sonen Lars Knudsen var busett Skodjebakken på Sunnmøre: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128650066

Det var skifte etter Lars Knudsen på Indre Skodje i 1786 (venstre side): https://www.digitalarkivet.no/sk20090126710507

Dei er nemnde i Skodjeboka band 1 under Skodjebakken (bruk 13 Indre Skodje), utan at det der kjem fram kvar dei var ifrå (sjå s. 477): https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_d ... 2110724002

Kjell Jan Remø
Innlegg: 258
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Oppslag om Kvassnes

Legg inn av Kjell Jan Remø » 31. august 2018 kl. 21.41

Mange takk !

Eg har faktisk hatt skiftet etter Knud Larsen Furre som utgangspunkt, men gardsnavnet som Lars vart gift til har vore ei nøtt. Eg har funne ei tolking der det går fram at Lars Knudsen var gift til Scharebachen på Sunnmøre. Min teori har derfor gått på Skarbakk på Hareid. Fasit som du har gitt meg er altså Skodjebakken.

Bror til Lars, Rasmus som er nemnt i skiftet som 22 åring, har eg funne att på Reitehaug i Sula.

Link til Rasmus sin bygselsetel mars 1768. (Venstre side, ned om midten). SAT, Sunnmøre sorenskriveri, 1/1A/L0039: Tingbok 34B, 1767-1771, s. 396b-397a. Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rg20090420360064

Tusen takk til Inge Asbjørn for å ha fått meg på rett spor.


mvh Kjell :D

Svar

Gå tilbake til «Sula»