Anders "murer» - Nymarka, Fyllingen

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Anders "murer» - Nymarka, Fyllingen

Legg inn av Kai Olger Løseth » 20. januar 2017 kl. 20.57

I Gardssoga for Sykkylven bd lV under garden Melset, side 187/188 står dette:

Anders Andersen f ca. 1750 g 1780 Marte Olsd. Melset f 1747 d 1816 Br ca. 1780-1811
Born: 1. Olave f 1781, g Knut Andreas Bendiksen Ramstad. Bustad bnr 7 Ramstad.
2. Peder f 1784, g p br
3. Synneve f 1788, g 1. 1820 em Rasmus Knutsen Svinnset, br 2. 1829 g 2. Peter Nilssen Krogen f 1789 d 1835, g 3. 1836 Lars Larssen Almeskar.
Ved giftarmålet vart i kyrkjeboka skrive Anders Andersen Melset, men berre Marte Olsd. Det er likevel uvisst kvar Anders var ifrå. I 1811 fekk han dette kåret: Årleg 4 v bygg, 9 v halvbygg, 13 v havre, ein liten åker, eit lite stykke til poteter, for til 2 kyr, 4 sauer og 4 geiter, kammers bak stova, fri kornmaling, fri brenneved framkøyrd.
I 1818 bygsla Anders eit stykke jord under Fyllingen av J. D. Stub, og er truleg identisk med den «Anders murer» som rydda plassen som vart til bnr 7 Nymarka. (Sjå Borgund III s. 388)

I BORGUND OG GISKE bd lll, 1964 under Fyllingen side 388 står:
Nymarka, bruksnr.7
Vart rydda som plass under garden i 1820-åra, av
1. «Anders murer». – Så vart plassen slegen saman med hovedbruket att, til 1843 bygsla av
2. Bernt Knutsen Hofseid

Det står ikkje meir om Anders.

Er dette den Anders Andersen som er omtala under Melset i Sykkylven?
Og er det nokon som evt veit noko om han og opphavet hans?
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Sula»