Handelsmann i Tusvika

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Brukeravatar
6820
Innlegg: 1287
Registrert: 5. januar 2005 kl. 0.47
Sted: ULSTEINVIK

Handelsmann i Tusvika

Legg inn av 6820 » 24. mai 2011 kl. 16.17

Kan noen av dere som har bygdebøkene sjekke handelmenn i Tusvika? Er der noen Jens/Madz el.l. Evt. flyttet til Ålesund/Borgund, handelsmann? Er der en sønn Elling Andersen f. ca ca 1750?

Diskusjon under Ålesund, Elling Andersen.

Takker :)
Hilsen fra Marianne

Brukeravatar
Asbjørn Grebstad Hovland
Innlegg: 108
Registrert: 26. desember 2007 kl. 13.34
Sted: SYKKYLVEN

Re: Handelsmann i Tusvika

Legg inn av Asbjørn Grebstad Hovland » 25. mai 2011 kl. 20.48

Ikkje noko som passer heilt inn, men legg ut teksten om Tusvik frå Gardssoga 3 for det aktuelle tidsrommet. (Har ikkje lest tråden under Ålesund enno)
Mads Jensen Bondal f ca. 1665 d 1749
(son til hjørundfjordpresten Jens Pedersen og frue Alhed Madsd. Glad)
1703 g Bodil Larsd. Smith f ca. 1674 d 1756
Br ca. 1706-1749, enkja til 1754
Born: 1. Laurits, dp i Borgund 1703
2. Alette f ca. 1705 d 1743
3. Nils, dp i Borgund 1711
4. Peder f 1714, g p br
5. Andrea, dp i Borgund 1717
6. Berte f 1722 i Bergen, g Nicolai Ottesen Wingård (ca. 1728-
1786), handelsmann i Ålesund.
Mads studerte teologi, men måtte slutte etter lm med Dorte Jensd. Hege-lund i 1692. Han hadde lovt å gifte seg med henne, men det vart ikkje noko av. Han vart dømd til å betale henne 40 rd, og ei bot på 12 rd. Dorte fekk 6 rd i bot. Barnet døydde 1 time etter fødselen.
Før Mads tok over gardsbruket dreiv han handel i Tusvik for Mads Forman, bergensborgar. Då var dette den einaste handelen i skipreidet.
Det var far til Mads som åtte Tusvik. Då han døydde i 1705, fekk 2. kona hans, Anna Jakobsd. Bandzbil, jordeigedomen i Tusvik. Men i 1710 gjorde ho og Mads makeskifte, slik at han fekk Tusvik-jorda mot å gi frå seg jord han åtte på Sæbø, Skylstad og Nordang, og odelsretten til Eide.
I 1711 la han 24 skill. i skoskatt, hadde ein dreng med 4 rd i årsløn og ei jente med 2 rd 3 ort 8 skill.
Det året skreiv presten (Ibe Rafnsberg) dette om Mads: Han er «en fattig og uformuende mand som ved sitt lille jorde- og fiskebrug som en anden almuesmand i disse vanskelige tider neppelig kand forhverve det hand til sin hustruis og mange smaa børns underholdning behøfver». (Futerekneskap,)
406
I 1714 skreiv Mads seg for ei ort på ei liste over bidrag til det nye hospitalet på Reknes. Til samanlikning lovde presten å gi 2 rd.
1725: Mads har i fleire år vore så fattig at han ikkje har kunna betale gjelden sin. Han driv ingen handel, men lever av «en ringe bondegård».
Då han døydde vart enkja hans eigar av Tusvik, etter makeskiftebrev av 11/11 1740.
Peder Madsen Bondal f. 1714 d 1788
Br 1754-1779
Skøyte frå mora på Tusvik-bruket «samt de der stående bygninger» for 180 rd 16/1 1754.
I 1758 vert det nemnt at han dreiv bondehandel, men det gjekk ikkje så storveies. I 1763 heiter det at «Peder er en fattig jordbruger, selger nu og da en potte øl. Blir nu neppe betroet ½ t malt til at brygge øl med». Vart i 1760-åra stemnd for gjeld 141 rd av Nicolai Ulrich. Det var nær slekt: kona til Nic. Ulrich og kona til Mads Bondal var systre.
I 1769 vart Peder og andre brukarar i Tusvik-krinsen stemnde av Hovde- og Myrset-karane fordi dei hadde late hestane sine beite på deira mark. Det vart markegangsforretning, og enda med at Peder og dei andre måtte bøte med 2 rd til Reknes hospital og erstatte skaden hestane hadde gjort.
I 1774 var Peder enno sjølveigar, men hadde vanskeleg for å klare seg. Ein obligasjon til Jakob Frich på 300 rd mot pant i Tusvik førde til at David Frich i Bergen fekk hand om Tusvikjorda (1776). På denne tida hadde Peder desse skattane å betale: Leiglendingsskatt 3 ort, proviant-skatt 8 skill., odelsskatt 0, rossteneste 4 skill. munderingspengar 12 skill., utreiingspengar 8 skill., standkvarterpengar 2¾ skill. arbeids-pengar til futen 3½ skill., leidang 2 kalveskinn. = 16 skill., i alt 1 rd 1 ort 23 skill. Dessutan kvernskatt 4 skill. og tiend 1 ort 8 skill. (Søndmøre Fogderi, kassabok nr 2.) I 1776 gav Peder grunnsetel til Arne Førrenes på eit lite stykke jord under Tusvik. (Sjå Husmenn under Tusvik.)
Ingebrigt Ingebrigtsen
1779 Anne Karen Clausd. Swerts f ca. 1760, dotter til handelsm. Claus Swerts på Slinningen.
Br 1779-1782
Born: 1. Petrine Bolette f 1781 d 1875, g 1825 em. Magnus Claussen Fausa (1775-1854). Bustad Nakkegjerde, bnr 2
2. Anne Karen f 1782
Kona til Ingebrigt var syskenbarn til Peder Bondal.
407
I 1781 vart Ingebrigt stemnd for tinget av Henrik Hanssen Nes fordi han skal ha teke frå han ½ av ei håkjerring som Henrik fann i open sjø, utan at ho kom nær noko land. Retten fann at Ingebrigt ikkje hadde rett til landslott, og at han difor skulle betale til Henrik verdien av ½ håkjerring, 4 rd 3 ort. (SSTb.) Det hadde Ingebrigt råd til å betale, for nokre dagar før han vart stemnd hadde han selt ein del gods i Hessen, Skarbøvika og plassen Trones + ei sildenot til Nils Wind for 102 rd.
Mons Knutsen Fauske f 1740 d 1788
Br 1782-1788
Mons var først ei tid brukar på Fauske, men selde bruket der til brordotter si og mannen hennar, sersjant Hans Larssen Aure for 85 rd. Tusvikbruket kjøpte Mons av sorenskrivar Bull, som året før hadde kjøpt det av David Frich i Bergen for 60 rd. Mons måtte gi 150 rd.
I 1783 kjøpte Mons 2 mællag i Sandvik for 44 rd. I 1784 søkte han om gjestgivarbevilling i Tusvik. Han døydde same året som broren Knut, som var lærar i Haram.
Jens Knutsen Winje f 1751 i Vesterås, Geiranger, d 1824
g 1. 1792 ek. Charlotte Juliane Arendberg f 1749 d 1801
g 2. 1802 ek. Emte Elisabet Abelset f Hagerup 1767 d 1802
g 3. 1807 ek. Berte Iversd. Pihl f Hagen, Stranda 1768 d 1810
Br 1789-1819
Born i 2. ekteskap:
1. Nils Winje f 1802, d 14 dg
2. Emte Juliane Arensborg f 1802, p br
Etternamnet til 1.-kona vert skrive på ulike måtar. Også danske kjelder har ulike former. Aldersoppgåva ved død stemmer heller ikkje med det ein finn i danske arkiv. I 1762 var det både i Danmark og Norge folketeljing over alle personar på 12 år eller meir. I ei slik liste står det at Charlotte fylte 13 år 30/12 i 1762.
Då Jens Winje gifte seg med henne var ho enkje etter Jakob Syversen Klokk på Flisholmen. (Sjå meir om han under Klokk.) Frå Danmark hadde ho med seg fine møblar, m.a. barokk stolar av bøk og ein stor forgylt barokk spegel. Dei nemnde sakene finst enno hjå slekt i Ålesund. Også i Sykkylven finst liknande ting frå Danmark.
Fru Flindt på Ørskog fortalde i si tid at der av og til var besøk av danske offiserar i Tusvik. Då var det om å gjere for unge sykkylvingar å få kome til og oppvarte desse. Var offiseren tilfreds med t.d. børsting av uniform eller støvlar, kunne han skrive at vedkomande unge mann skulle fritakast for militærteneste.
408
2.-kona var enkje etter Henning Abelset, presteson som vart handels-mann i Djupvika. Ho var syster til eigaren av Giske gard. I første ekteskap hadde ho sonen Henning, som budde i Tusvika frå 11- til 12-årsalder, og frå 18- til 20-års alder. Han tok seinare sveinebrev i Bergen som snikkar.
Foreldra til 3.-kona var Iver Olsen Hagen f Vestre og kona Anne som var av gammal Stranda-ætt. Dei vart vigde i huset i Tusvika etter konge-brev.
Initialane sine og initialane til dei tre konene sine meisla Jens inn i dørhellene framfor hovudinngangen til huset.
Dei sa før «Vert du gift med ei enkje, fær du både bord og benkje.»
Ein gammal slektning av Jens Winje har fortalt at Jens først var omreisande skomakar,
Han kjøpte Tusvik med handelen på auksjon etter Mons Knutsen i 1788 for 248 rd og fekk skøyte av sorenskrivar Bull. Han starta med handel snart etter.
I 1794 la han m.a. desse skattane: Handelsskatt 2 rd, skatt for brenne-

Brukeravatar
6820
Innlegg: 1287
Registrert: 5. januar 2005 kl. 0.47
Sted: ULSTEINVIK

Re: Handelsmann i Tusvika

Legg inn av 6820 » 13. juni 2011 kl. 0.26

Tusen takk - kjempeflott, nei kan ikke se noe direkte men likevel så var det til god nytte :)
Hilsen fra Marianne

Svar

Gå tilbake til «Sykkylven»