Anne Pedersd. g.m. Lars Paulsen på Klokkerhaugen. Opphav?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Anne Pedersd. g.m. Lars Paulsen på Klokkerhaugen. Opphav?

Legg inn av Kai Olger Løseth » 9. november 2019 kl. 15.22

I Gardssoga for Sykkylven bd 4 under Svinnset, bnr 1, brukar Paul Ellingsen står på side 80:
Før han gifte seg vart Paul stemnd for lm med Siri Ellingsd. Svinnset frå
bnr 3 og lovde å gifte seg med henne. Betalte 3 rd 1 ort 12 skill. i bot. Son til
Paul og Siri var Lars Paul som kom til Klokkerhaug og vart kalla Lars
Tambur. Foreldra hans var trulova, men det vart sagt at dei ikkje kunne
gifte seg då dei ikkje fekk bygsle noko jord. Begge vart gifte seinare, men
ikkje med kvarandre.

Vi finn han igjen som brukar på Klokkerhaug, Gardssoga for Sykkylven bd 2, side 18:
Lars Paulsen Klokkerhaug (f. på Svindset ca. 1688, d. 1774) g. m. Anne Pedersdtr. Svindset.
Faren, Paul Ellingsen Svinnset er i bygdeboka oppgjeven å vere fødd ca 1673. Vi finn saka angåande leiarmålet med nabojenta i tingboka frå 1699 side 112a:
http://arkivverket.no/URN:rg_read/28687/113/
Dette må vel tyde at Lars Paulsen heller var fødd i 1698, og at bygdebokforfattaren har skrive 10 år feil. I 1688 var Paul Ellingsen også berre ca. 15 år.
Men kven var Anne Pedersd. som vart gift med Lars Paulsen? Kan det stemme at ho var frå Svinnset? Eg har leita i bygdebok under Svinnset utan å finne nokon som passer.
Trulovinga 23 okt 1723:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610256

Troloved k[arl] tambour Lars Pauls. og p. Anna Persd.
forlovere Erick Ericksen Svinset, Siver Ols. ibid.


Siver Ols. er stefaren til Lars Paulsen og Erick Ericksen er begge frå Svinnset.

Vigsla, 27 des 1724.
https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610259

Copuleret tambour Lars Paulsen og p. Anna Persd.

Kan faddrane ved dåpen til barna gi noko hint?
28 okt 1725 Ingeborg Maria:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610271
Fadd: Anders Houen, Jon Ols. Udvig, Magrete Møller, Birgthe Eyem, Ragnil Oure
23 okt 1728 Carl Friedrich:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610307
Fadd: Endre Blindem, Knud Glomset, Niels Svinset, Mallene Persd., Anna Svinset
16 febr 1732 Ole:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610347
Fadd: Ole Andsta, Siver Svinset, Knud Ramsta, Brithe Blindem, Lisbeth Engebritsd.
31 juli 1735 tvillingar Lars og Peder:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610384
Fadd for Lars: Aamund Vig, Paul ib, Salamon Oure, Helge Persd., Lisbeth Jacobsd.
Fadd for Peder: Peder Jespers., Lars Pers., Hans Oure, Guri Eckornes, Marthe Persd.

Der er nokre Persdøtre (Pedersdøtre). Har lurt på om det kunne vere søstre til Anne/Anna Pe(d)ersd.? Har prøvd å søke utan å finne dei.
Har nokon kunnskap om opphavet til Anne/Anna Pe(d)ersd., eller forslag til å kome vidare?
Mvh
Kai L.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5509
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Anne Pedersd. g.m. Lars Paulsen på Klokkerhaugen. Opphav

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 10. november 2019 kl. 10.27

I manntalet 1701 er det tre brukarar på Svinset
https://www.digitalarkivet.no/ft10051010281046

Paul ("Povell"), 27 år, med "gl. fader" Elling 68 år
Erik 34, med to små søner
Elling, 63, med son Anders, 26

Sannynlegvis er det dei to Ellingane vi finn att i prestemanntalet 1666, då som medbrukar til kvar sin far (Paul og Lars), saman med Erik d.e.
https://www.digitalarkivet.no/ft10041005190230


Siri og Paul i tingboka er rimelegvis barn til kvar sin av dei to Elling-ane.
Det ligg nærast å tenkje at Paul i tingboka er lik Paul 27 år i 1701. Men Paul var eit så vanleg
namn at den andre Elling også kunne hatt ein son med dette namnet.

Det er ikkje nokon son til Paul på Svinset i 1701.
Dersom Paul og Siri gifta seg, og resultatet av legermålet var ein gut som vaks opp,
skulle vi kanskje vente å finne han her.

......
Står det nokon stad (utanom bygdeboka) at Anna Persd. er frå Svinset?
Ved truloving og vigsel er det berre "Anna Persd."

Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Anne Pedersd. g.m. Lars Paulsen på Klokkerhaugen. Opphav

Legg inn av Kai Olger Løseth » 10. november 2019 kl. 15.59

Takk for svar.
Det siste spørsmålet først. Nei, det er kun i bygdeboka eg har sett Anna Persd. Svindset.

Kan vel ikkje vere sikker på kvar Lars Paulsen vaks opp, men kanskje hjå mora?
I manntalet 1701 under Soerenmand Elling 63 står berre Anders 26. Over denne kolonna står Deris Søner og hvor de findes. Om Siri budde hjå faren, ville då den "uekte" sonen hennar (Lars Paulsen) vere innførd der?

I skiftet etter Paul Ellingsen i 1734 finn eg ikkje Lars Paulsen, side 232a:
https://www.digitalarkivet.no/sk20090126620246
Det det står at skiftet er etter Paul Olsen, men det må vere feilskrift. Barna er Paul Ellingsen sine etter det som står i bygdeboka. Laugverge til enkja er Svoderen Peder Krogen, og kona til Paul Ellingsen var Ragnhild Knutsdotter Krogen.

Guten må ha vakse opp. Han står som arving etter Siri Ellingsd. i skiftet etter henne i 1738 Frillesøn Lars Povelsen Klockerhoug, side 491a:
https://www.digitalarkivet.no/sk20090126630225
Mvh
Kai L.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5509
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Anne Pedersd. g.m. Lars Paulsen på Klokkerhaugen. Opphav

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 10. november 2019 kl. 17.51

Om Siri budde hjå faren, ville då den "uekte" sonen hennar (Lars Paulsen) vere innførd der?

Ja, det skulle han vere.

I skiftet etter Paul Ellingsen i 1734 finn eg ikkje Lars Paulsen

Uekte born hadde i utgangspunktet ikkje arverett etter faren. Unnataket var om han hadde tinglyst barnet som sitt.
Uekte born hadde arverett etter mora.

Guten må ha vakse opp. Han står som arving etter Siri Ellingsd. i skiftet etter henne i 1738 Frillesøn Lars Povelsen Klockerhoug

Det stemmer vel med resten av soga, sjølv om det ikkje er ei klar stadfesting av at det var
han som var resultatet av legermålet i tingboka.

Siri skulle vere 70 år i 1738 (bygdeboka); det kan vel vere ei opplysning frå dødsfallet i kyrkjeboka. Ho er i så fall fødd om lag 1668 og om lag 30 år i 1698.
Men dersom det stemmer at dottera Anne var f. ca. 1714, var kanskje Siri litt yngre enn det aldersoppgåva vil ha det til(?).

Det er ikkje opplagt at Siri budde heime på farsgarden i 1701. Det er vel meir truleg at ho var i teneste einkvan stad. Så er spørsmålet om Lars var med henne, eller om han var i fostring ein annan stad.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Anne Pedersd. g.m. Lars Paulsen på Klokkerhaugen. Opphav

Legg inn av Kai Olger Løseth » 11. november 2019 kl. 18.55

Fint å få innsikt i arveretten den tida.
Eg har sett på alle innføringane då Anna Persd. vart introdusert. På alle stadane står Anna Persd.
Har også leita etter skifte etter Anna Persd., men finn det ikkje. Heller ikkje etter Lars Paulsen.
Ser ikkje lett ut å finne opphavet til Anna Persd.
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Sykkylven»