Peder Pedersen og Birgte Rasmusdtr på Aurdal FT1801

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj12483
Innlegg: 77
Registrert: 22. januar 2011 kl. 17.13
Sted: Ålesund

Peder Pedersen og Birgte Rasmusdtr på Aurdal FT1801

Legg inn av gj12483 » 9. august 2012 kl. 19.40

Er der nokon som veit noko meir om Peder Pedersen og Birgte Rasmusdtr. som sat på Aurdal i FT1801?
­http­://­digitalarkivet­.­no­/­cgi­-­win­/­webcens­.­exe­?­slag­=­visbase­&­sidenr­=­14­&­filnamn­=­f18011527­&­gardpostnr­=­73­&­personpostnr­=­1157­#­nedre­

Eg har nokre puslespelbitar men veit ikkje om dei passar saman ...

Etter FT1801 burde Peder vera fødd i 1751 eller so. Ifylgje bygdeboka for Sykkylven er han fødd 1843, frå «Øye i Vartdal?» (sic). Finst der andre kjelder som underbyggjer det?

Peder Pedersen Helsylthe og Brithe Rasmusdatter Blombach vert vigde i Sunnylvskyrkja 9. april 1787. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-55 (OK. Eg klarer ikkje heilt å tyda oppslaget, og støtter meg på FamilySearch òg.)
Kan det vera dette paret som slo seg ned på Aurdal?

Pro. Året stemmer bra med eldste dotter på 14 år i FT1801. Namna stemmer bra.
Contra. Etter bygdeboka er Peder brukar på Aurdal frå 1786. Kvifor er han då nemnd Helsylthe i 1787?

Eg går ut frå at Helsylthe er Hellesylt i Sunnylven. Peder Gamalson's son Peder var fødd i 1751 og kan vera same person. (Eg trur dåpen står her http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-47, der faren er kalt Per Corporal, men er ikkje sikker.) Eg aner ikkje kvar Blombach er :-)

Alle nye bitar vert mottekne med takk.
:-- Hans Georg

Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Peder Pedersen og Birgte Rasmusdtr på Aurdal FT1801

Legg inn av Kai Olger Løseth » 9. august 2012 kl. 20.22

Trulovinga her, nederst ve side: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-54
Den 7de Febryary troelovet landværen (?) Soldat Peder Pedersen Helsylth og Pigen Birthe RasmusDatter Blombach. Fæstevidner Peder Polsen Alstad og Iver Arnesen Engeseth

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Peder Pedersen og Birgte Rasmusdtr på Aurdal FT1801

Legg inn av gj09903 » 9. august 2012 kl. 23.10

Kva grunnlag bygdeboka i Sykkylven har for å seie at Peder Pedersen Aurdal var frå Øye i Vartdal, kjenner eg ikkje til. Men eit tinglysingsdokument frå 1796 ang. Aurdal, nemner Peder Pedersen Aurdal i samband med m.a. Thore Ingebrigtsen frå Møll i Geiranger: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?i ... x_side=-93
Thore Ingebrigtsen Møll var syskenbornet til Peder Pedersen Hellesylt som har vorte nemnt her. (Mor til Peder var Stenor Thoresdtr. frå Møll)

Ei Stenor Ingebrigtsdtr. Møll (syster til Thore) vart i 1784 gift med Poul Monsen Aurdal: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-41
Det var skifte etter Poul på Blomberg, Geiranger i 1788.

Bygdeboka for Sunnylven og Geiranger finn ein her: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008062304010
Peder Pedersen Hellesylt er nemnt på s. 393. Det står ikkje noko om kvar han vart av. Folka frå Møll vert nemnt på sidene 481 og 482. Blombakken finn ein på s. 251 og er ein plass under garden Kjellstad. Birthe Rasmusdtr. vert ikkje nemnt her.

Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Peder Pedersen og Birgte Rasmusdtr på Aurdal FT1801

Legg inn av Kai Olger Løseth » 10. august 2012 kl. 19.54

Kan dette vere ”puslebitar” av interesse?

Den 14de oktober 1763 var det skifte på Hellesylt etter Peder Gamelsen:
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24562/228/
Enkje etter han var Stenor Thorsdotter med laugverge Ole Larsen Store Ringdalen. Søner: Peder Pedersen 12 år, Thore Pedersen 10 år, Niels Pedersen 6 år, Gammel Pedersen 8 år, Otto Finde Pedersen 2 ½ år. Døtre Anne Pedersdotter24 år og Magnilde Pedersdotter 4 år.

Den 16de april 1790 er det skifte Øyen i Sundelven Skibreede etter Peder Gammelsen:
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24570/248/
Enkje etter han er Marie Larsdotter med laugverge Lars Olsen Korsbrech. Einaste barnet eg ser er Brithe Pedersdotter 1 ¼ år

gj12483
Innlegg: 77
Registrert: 22. januar 2011 kl. 17.13
Sted: Ålesund

Re: Peder Pedersen og Birgte Rasmusdtr på Aurdal FT1801

Legg inn av gj12483 » 10. august 2012 kl. 20.38

Kai skrev:Den 14de oktober 1763 var det skifte på Hellesylt etter Peder Gamelsen:
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24562/228/
Enkje etter han var Stenor Thorsdotter med laugverge Ole Larsen Store Ringdalen. Søner: Peder Pedersen 12 år, Thore Pederse
n 10 år, Niels Pedersen 6 år, Gammel Pedersen 8 år, Otto Finde Pedersen 2 ½ år. Døtre Anne Pedersdotter24 år og Magnilde Pedersdotter 4 år.


Det er min Peder Gamalson, ja, og det stadfester det som stod i bygdeboka. Takk; det er alltid kjekt med primærkjelda.

Kai skrev:Den 16de april 1790 er det skifte Øyen i Sundelven Skibreede etter Peder Gammelsen:
http://arkivverket.no/URN:sk_read/24570/248/
Enkje etter han er Marie Larsdotter med laugverge Lars Olsen Korsbrech. Einaste barnet eg ser er Brithe Pedersdotter 1 ¼ år


Veit me om han er i slekt med dei andre?

Svar

Gå tilbake til «Sykkylven»