Eufemia Pedersdotter Grande frå Geiranger

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Eufemia Pedersdotter Grande frå Geiranger

Legg inn av Kai Olger Løseth » 19. november 2022 kl. 17.45

Ho vart døypt 15 november 1741, side 204, ve oppslagside:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640469
Døbt Peder Grandes barn Euphemia, faddere Rasmus Homlung, Ingebrigt Andersen Grande, Mons Maragers Hustrue Synneve etc

Konfirmasjon 28 oktober1759, side 193, ve oppslagside:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640458

Så kjem det eg lurer på. Er Femia Grande som trulover og gifter seg med Bottolv Tostensen Aagernes den 5. juni 1770 identisk med Euphemia Pedersdotter Grande?, side 123 hø. oppslagside:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640569

I kyrkjeboka for Stranda 1773, side 296 finn vi dette:
July d. 4. introduseret Bottolf Korsedalens Qvinde Femia Pedersdatt. efter tvillinger 1 Søn og 1 Datter, det eene dødfød, det andet var hiemmedøbt, og døde strax efter.
https://www.digitalarkivet.no/kb20070830660284

1777 får dei ei dotter: dp Brit dotter til Femia og Bottolf Tostensen Korsedal, side 305, nederst:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070830660288

Skifte etter Bottolv Tostensen Fausa (Korsedal), side 163a:
https://www.digitalarkivet.no/sk20090126710165
Ao 1781, den 14. Aug. blev Skifte holdet paa Fouse i Dahle Skibrede efter afdøde Bottolv Tostensen hvis Arfvinger er Enken Femia Pedersdatter, tilstæde med Laugværge Peder Pedersen Brune og deris eniste Datter Brite Buttolvs Dr. 4 aar gl, hiemme, form[ynder] Lars Pedersen Grande.

Etter lova skulle ein til formyndarar setje inn nære slektningar, om dei kunne og var tilgjengelege, og ikkje har for mange formyndarskap å ta seg av frå før.Derfor vil eg tru det er morbroren, Lars Pedersen Grande, som er formyndar til Brite. Kvifor skulle dei ellers fare til Grande i Geiranger for å finne formyndar?
Eit anna indisium er at i Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt står det at kona til Peder Larsson Grande, far til Eufemia, truleg var Brit Olsd. som døydde i 1785. Det er då naturleg at Eufemia kalla dottera si opp etter mormora.

Personleg trur eg at denne Eufemia/Femia omtala her er ein og same person, men ønskjer synspunkt, evt andre kjelder som kan stadfeste dette. Har prøvd å finne skifte på Grande som kunne stadfeste det, men utan resultat.

Har også prøvd å finne Bottolv Tostensen Aagernes på Åkerneset, men finn ikkje opphavet der.
 
 
Mvh
Kai L.

Tor Myklebust
Innlegg: 2
Registrert: 4. august 2017 kl. 22.23
Sted: Bergen

Re: Eufemia Pedersdotter Grande frå Geiranger

Legg inn av Tor Myklebust » 4. februar 2023 kl. 15.09

Eg har ikkje funne andre kjelder som stadfestar dette, men at Femie Persdtr Grande som gifta seg med Bottolv Thorsteinson i 1770, er den same som du har funne døypt i 1741, det tvilar eg ikkje på. Eufemie/Femie er så pass skjeldsynt at der er liten sjanse for forveksling.

Bottolv Thorsteinson vart fødd i 1738 på Timbjørgane. Dei bygsla Yste-Åkneset i 1757 og flytta dit. Det var broren Gunnar Thorsteinson som overtok bruket på Åkneset.

Dåpen til Bottolv, nederst på venstre side:
https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640394
 

Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Eufemia Pedersdotter Grande frå Geiranger

Legg inn av Kai Olger Løseth » 4. februar 2023 kl. 18.02

Takk for svar.
Det er nok ein del sekundærkjelder (t.d. bygdebøker) som ikkje har så god dokumentasjon som dette, vil eg tru.
Og takk for svar på opphavet til Bottolv Thorsteinson.
Interessant med slektene i indre fjordstrøk!
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Stranda»