Mari Olsdotter Heimre Fjørstad – hennar opphav

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Olger Løseth
Innlegg: 827
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Mari Olsdotter Heimre Fjørstad – hennar opphav

Legg inn av Kai Olger Løseth » 17. desember 2017 kl. 16.26

Eg lurer på om nokon kan ha opplysningar om denne kvinna.

I Stranda lll Bind A, side 247 under Fjørstad Heimre står at Mari Olsdotter vart gift med Iver Størkerson Fjørstad i 1750. Dei fekk 4 barn. Vart enkje i 1763.
Skifte etter Iver 12 juli 1763. Lagverge for enkja er Knut Ellingsen Røseth. Formynderar for barna er Rasmus Hans. Fierildstad, Lars Lassesen Fierildstad, Ole Knudsen Giere og Anders Pederson Møchlebust
https://media.digitalarkivet.no/sk20090126670446
Gifta seg så i gjen med Rasmus Hansen Myklebust 1764, dei fekk to barn.
Det er klart der var mange Olsdøtre den tida. Eg har prøvd å leite etter henne i Stranda lll, også sett på skiftet etter første mannen og dåpen til barna, men utan å finne kva som kan vere hennar «opphavsfanilie».
Her er ein del aktuelle lenker:
Giftarmålet med Iver Størkersen 3. jan 1750, side 731:
https://media.digitalarkivet.no/kb20070831610559
Giftarmålet med Rasmus Hansen Myklebust 1. jan 1764, side 197:
https://media.digitalarkivet.no/kb20070830660236
Han er her skriven som Hemre Fierildstad. Har vel då flytta dit før dei gifta seg.
Ho vart gravfesta 11 januar 1800, er då opplyst å vere 74 år:
https://media.digitalarkivet.no/kb20070830660232
Barna i første ekteskap:
5 des 1750, side 759: Døbt Iver Fierelstas barn Størker, fadd: Per Ivers. Jelle, Zacharias Rør, Tosten Hagen, Mallene Holt, Marthe Emdal
https://media.digitalarkivet.no/kb20070831610573
1 September 1754, side 849: Døbt Iver Hemmerfierelstas barn Peder, fadd: Erik Hagen, Serqver Overaa, Østen Fierelsta, Synneve Emedal, Gislov Overvold
https://media.digitalarkivet.no/kb20070831610618
9 juli 1757, side 920: Døbt Iver Hemmerfierelstas barn Marthe, fadd: Ole Overvold, Peer Røset, Siri Hagen, Ragnil Emmedal, Birthe Dræge
https://media.digitalarkivet.no/kb20070831610653
6 april 1760, side 4: Døbt Anni. Fad. Iver Størkersen Hemmer Fierelstad, Ole Olsen Ringstad, Anni Størkersd. Hagen, Anni Persd. Dræge, Marithe Larsd. Dræge
https://media.digitalarkivet.no/kb20070830660154

Barna i andre ekteskap:
21 okt 1764, side 16: Døbt Iver. Faderen: Rasmus Hansen Hemre Fievildstad. Mod: Maren Olsd.
Testes: Klokkeren Iver Olsen Hagen; Jon Larssen Ringstad; Skolemester Hans Hansen Møckelbust; Karen Rasmusdatter, Ole Hansen Øyes qvinde; Helge Tostensdatt, Iver Møckelbusts qvinde
https://media.digitalarkivet.no/kb20070830660160
24 jan 1767, side 24: Døbt Karen, Faderen Rasmus Hansen Hemre Fievelstad, Moder Maren Olsdatter. testes Ole Siursen Øgaarden, Jan Nielsen af Fievelstad, Kirsten Monsdatter, Stuepige hos Præsten, Gullov Larsdatter Rasmus Overvoldens qvinde, Birte Larsdatter af Overvolden
https://media.digitalarkivet.no/kb20070830660164
Mvh
Kai L.

Svar

Gå tilbake til «Stranda»