Jon Olsen Åkernes (Mid Åkneset)

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Løseth
Innlegg: 814
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Jon Olsen Åkernes (Mid Åkneset)

Legg inn av Kai Løseth » 7. mars 2014 kl. 17.54

I Bygdeboka SUNNYLVEN OG GEIRANGER II
http://www.nb.no/nbsok/nb/86ce2130d273e ... ?lang=no#0
side 414 står:
1701. Ole, 53 år g., sat her og hadde sonen Jon. – Det er nemnt 1711 at Ole Ingebriktsson hadde ei dotter heime.
1724. Jon Olsson er nemnd som brukar, og er det i 1732. Byskrivar Gartner eig garden. Jon døydde 1740.
1763. Ole Olsson kjøpte bruket på auksjon for 22 dl. Han var g. m. Anne Jonsd. Ole døydde i 1765, 64 år g. Buet er verdsett 146 – 28 dl. Anne døydde 1802, 89 år g.

Det eg lurer på her er om Anne Jonsd. er dotter til Jon Olsson, brukaren før dei? Det står ikkje kven som var brukar i åra etter at Jon døde i 1740. At Ole Olsson kjøpte bruket i 1763 utelukker ikkje at han hadde bruket på byksel før det, vil eg tru.

Anne Jonsd. døde i 1802, 89 år g. Ho skulle då vere fødd ca. 1713.
Jon Olsson døde i 1740, 82 g. år står det i kyrkjeboka, heilt nederst på venstre side her:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-15
Han skulle då vere fødd ca. 1658.
Då Anne Jonsd. vart fødd ca. 1713 ville Jon Olsson vere ca. 55 år.
Eg har sett fleire gonger at enkjemenn gifta seg att med yngre kvinner og fekk nytt barnekull, var «produktive» opp i 60-åra. Så aldersmessig skulle det passe, men går det an å fastslå?
Skifte etter Jon Olsson har eg ikkje funne, og der er ikkje kyrkjebøker frå den tida.
Eg har leita i tingboka frå 1763 etter evt auksjon, men utan resultat. Veit ikkje om der kan vere eigne auksjonsprotokollar?

Av barna til Ole Olsson og Anne Jonsd. finn vi mellom anna:
1737 vert Ole døypt:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-6
Ole Aagnæsets b. Ole
1742 vert Anne gravfesta:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-20
Ole Midt Ognæsets barn Anne gl 4 ½ aar
1743: Anne vert døypt:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-22
Døbt Ole Ognæsets barn Anne
1747: Ole Aagernesets qvinde introdusert. (Dotra Marta fødd det året).
1749: Ole Midtaagernesets qvinde introduset. (Sonen Johannes fødd det året).

Dette tyder på at han var brukar på Mid Åkernes hele denne perioden, og har kanskje byksla bruket og dreiv det etter Jon Olsson – og at han kunne vere svigerfaren?

Nokon som veit – eller har tips?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4999
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Jon Olsen Åkernes (Mid Åkneset)

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 7. mars 2014 kl. 20.43

... ikkje så mykje svar, men litt til:

Manntalet for ekstraskatten 1762 (oktober): http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49637/231/
Ole og Anna, med dotter Anna

Det er av- og tilgangslister for nov. 1762-des.1763 etter hovudlista. Eg ser ikkje nokon tilflytta Åkneset - men du kan sikkert sjå meir nøye sjølv.

Det kjem til (dvs. fyller 12 år og vert skattlagd) ein son Johannes i juni
http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49637/248/

Kai Løseth
Innlegg: 814
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Jon Olsen Åkernes (Mid Åkneset)

Legg inn av Kai Løseth » 8. mars 2014 kl. 12.06

Svar:
Takk for svar!
Anna nemnd i manntalet for ekstraskatten 1762 er nok Anna fødd 1742, og Johannes som i bygdeboka skulle vere fødd 1749. Eg finn heller ingen andre i av- og tilgangslistene som gjeld Åkerneset.
Anne Jonsd. er mi 4x tippoldemor. Grunnen til at det kunne vere interessant å finne ut om ho var dotter til brukaren før, er at Jon Olsson Me Åknes vart trekt inn i ei tragisk sak:

Dorte Abrahamsdotter, fødd i Hornindal 1696, vart halshogd på Oksneset, Stranda og hovudet sett på stake den 23. mars 1729. Grunnen var at ho to gonger hadde fødd eit barn i dølgsmål, og angiveleg teke livet av begge barna og gøymt dei.
Begge gongane var det Peder Arnesen Duken som var barnefaren. Han var gift mann, kona var 40 år då dei gifta seg i 1717, Peder under 20 år.
Dorte kom som tenestejente til Duken sommaren 1723 og var der i alle fall til september same år, men skulle også ha vore saman med Peder i januar 1724. På forsommaren 1724 tok ho seg teneste hjå Ole Olsen Åkernes. I juni vart buskapen sleppt til fjells, og Dorte saman med ei anna tenestejente tok seg av krøterstell og gjeting på Åkernessetra. Omkring Jonsok hadde Dorte fødd eit barn i dølgsmål i setremarka og lagt det under ein stein. Barnet var dødfødd, sa ho seinare. Den andre tenestejenta kom seinare over nokre bein i setremarka. Dette fortalde ho til husfrua, og meinte det måtte vere frå eit lite barn. Husfrua bad Ole ta tenestejenta med seg og vise funnet. Dei fann to små bein, som dei meinte måtte vere frå ein barneskalle, og tok beina med seg heim. Husfolket måtte ha hatt mistanke til Dorte, for dei kalla henne inn i stova og viste henne beina. Ho nekta først kva som hadde hendt, men til slutt tilstod ho at ho månaden før hadde fødd eit barn ovanfor setra, og lagt det under ein stein. Barnet var dødfødt på grunn av at ho hadde hatt eit fall, sa ho. Barnefaren var Peder Duken.
Etter ein del grunding fram og tilbake, og også samrådd seg med naboen Jon Olsen, vart alle som var tilstade samde om ikkje å seie noko om kva som var hendt til nokon. Husfrua kasta beina inn i omnen og brende dei.
Likevel fortalde Ole noko seinare til Peder Duken kva som hadde hendt. Peder hadde ikkje visst noko om at Dorte var gravid.
Dorte var så i teneste ymse stader, og også tilbake på Duken. Ho vart gravid for andre gong med Peder, og fødde også då i dølgsmål, denne gong på Vindsnessetra i Norddalen. Barnet begravde ho under ein stein. Men ho fortalde då sjølv til husfolket kva som hadde hendt.
Deretter vart det ei sak for styresmaktene. Dette er grundig beskreve og dokumentert i boka Vargtider av Astor Furseth.
Ole Olsen Åkernes og Jon Olsen Åkernes var av dei som møtte i retten og forklarte seg. Ole Olsen fekk problem med å forklare at han ikkje hadde varsla styresmaktene første gong. Han sa at han hadde meldt frå til lensmannen på Stranda, men dette var ikkje sant. Det var snakk om at det skulle reisast eiga sak mot Ole, men det har ikkje vore råd å finne dokumentasjon på dette i kjeldene.

M.a. i tingboka 1725-1729 står om saka:
http://arkivverket.no/URN:rg_read/31110/83/

Nederst side 248 i kyrkjeboka står innføringa til presten som førebudde henne på dødsdomen:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-125

Helsing Kai

gj04644
Innlegg: 32
Registrert: 7. mars 2007 kl. 20.11
Sted: PARADIS

Re: Jon Olsen Åkernes (Mid Åkneset)

Legg inn av gj04644 » 8. mars 2014 kl. 23.35

Jon Olsen kallar seg Langeland når han får bygsel på 1/2 vog fisk i Åkernes i 1714. Ole Olsen Matvik får bygsel på 2 mellag fisk (=1/2 vog) i 1732 og tek over Me-Åkerneset etter Jon Olsen. Har ikkje funne det stadfesta at kona Anne Jonsdtr var dotter til førre brukaren, men det er ikkje usannsynleg.
Dorte var i teneste på Yste Åkernes hos Ole Arnesen (ikkje Olsen) I 1726 er han fråflytta Yste Åkernes og ein ny mann kjem inn der.

Ting Langlo 5. nov 1714.
Joen Olsen Langeland lod forkynde sin bøxelseddel paa 1/2 vog fisk udi Mid Aachernes, Daterit, 4 juni Anno 1714 og udstæd af Hans Møller.

http://arkivverket.no/URN:rg_read/31106/115/

Ting Sløegstad 13. nov 1732
Blef lest og publiceret, et bøxel bref, som Sr. Hans Møller har udgifvet til Olle Olsen Madvig, paa 2de mellaug fisk udi gaarden Mid Aachernes,af dato 29 octobr 1732.

http://arkivverket.no/URN:rg_read/31112/38/

Kai Løseth
Innlegg: 814
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Re: Jon Olsen Åkernes (Mid Åkneset)

Legg inn av Kai Løseth » 9. mars 2014 kl. 16.22

Takk for «harde fakta» om brukarane på Åkerneset.
Ser at også Ole Arnesen forkynte sin bygselsetel på Ytre Åkernes på same tingsamlinga i 1714.
Har prøvd å leite i panteboka frå 1714 om der kunne vere bygselbrev eller kårbrev som kunne gi meir opplysning, men utan resultat.
Heller ikkje har eg funne skifter frå Langeland som kan kaste lys over evt. slektskap mellom Anne Jonsdtr. og Jon Olsen på Me-Åkerneset.

Helsing Kai

Svar

Gå tilbake til «Stranda»