L. Alf. Frøysa, Kristiania

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
8842
Innlegg: 15
Registrert: 07 jan 2009 21:51:55
Sted: SKODJE

L. Alf. Frøysa, Kristiania

Legg inn av 8842 » 12 jun 2013 22:30:26

Står det på tittelarket på ei bok som heiter "Elementær elektroteknik" og er frå 1920. Denne boka kjøpte bestefaren min brukt ein eller annan gong, og starta seinare kraftverk i Goksøyra på Runde.

Det eg lurer på er om nokon veit kven denne L. Alf. Frøysa var?

Eg har funne ein Lars Alfred Johannesson kjellestad i boka om Sunnylven og Geiranger,
http://www.nb.no/nbsok/nb/86ce2130d273e ... ndex=1#249
og i passande kyrkjebøker,
Møre og Romsdal fylke, Sunnylven i Sunnylven, Klokkerbok nr. 517C03 (1879-1912), Fødte og døpte 1894, side 47,
men er usikker på om det er rett mann. For eksempel har etternavnet vorte noko anna ...?

Det hadde vore interessant å vite litt meir om han, og kanskje også fått vite litt meir om bestefar Arnold si historie. Han fortalde nemleg veldig lite om livet sitt, og no har vi byrja nøste :wink:
Arnold Petter Olafsen Goksø(y)r var fødd på Runde i 1890 om det skulle vere av betydning.

Mvh
Heidi Goksøyr

gj14300
Innlegg: 72
Registrert: 04 jul 2011 22:27:44
Sted: Bergen

Re: L. Alf. Frøysa, Kristiania

Legg inn av gj14300 » 14 jun 2013 13:56:56

Frøysa er i det andre dalføret i Sunnylven. Det er naturlegvis mogleg at ein frå Kjellstad har flytta til Frøysa og skifta etternamn (slik det fortsatt var vanleg ved århundreskiftet).

Kanskje du også bør leite kronologisk under Frøysa.

FT 1910 (eller 1900) burde og vere til hjelp. I 1910 er det 37 oppført med etternamnet Frøysa og 54 med Frøisa.
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/sok/1910

Svar

Gå tilbake til «Stranda»