Gudmund og Lovise Lien, trolig Sunnylven

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Gudmund og Lovise Lien, trolig Sunnylven

Legg inn av Erling Myrbostad » 30. mars 2011 kl. 20.33

Ein slektning av meg, bøkkermeister Gudmund Olson Lien, var fødd 3. Jan 1858 på garden Lia i dåværande Stangvik kommune på Nordmøre. Han fytta til Kristiansund og starta bøkkerverkstad der, og vart da først gift i 1889 med Ingeborg Hansdotter Eidsvaag frå Nesset. Paret hadde ikkje born. Etter at ho døydde i 1902, vart han kjend med Lovise Frøisa frå Sunnylven, f. 8. Mar 1872. Dei gifta seg i Kristiansund 8. Feb 1904. I FT1910 finn vi dei enno i Kristiansund, utan born.

Dei flytta til Geiranger-området eingong før krigen, eg veit ikkje når. Vi finn båe gravlagde på kyrkjegarden på Jogardsbøen i Geiranger. Gudmund døydde i 1941 og Lovise i 1961. Eg lurer på om nokon har nokre opplysningar om dette ekteparet, både om kvar dei bodde, kva dei dreiv med i Geiranger, og om nokon kjenner til om det finns bilete av nokon av dei. Alt av interesse.

mvh Erling
Sist redigert av Erling Myrbostad den 8. april 2011 kl. 22.19, redigert 1 gang totalt.

Paul Frøysedal
Innlegg: 11
Registrert: 14. november 2006 kl. 13.04
Sted: ØRSKOG

Re: Gudmund og Lovise Lien, Geiranger

Legg inn av Paul Frøysedal » 31. mars 2011 kl. 13.07

Desse folka var sikkert busette i Sunnylven,då dei er gravlagd på Jogardsbøen,som er Sunnylvsbygda sin nye gravplass. Lovise er frå Endrebruket på Frøysa.Dette er vel ein liten start.
mvh Paul

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Gudmund og Lovise Lien, Geiranger

Legg inn av Erling Myrbostad » 1. april 2011 kl. 17.50

Takk for opplysningane, Paul. Eg trudde Jogardsbøen var i Geiranger sidan det sto Geiranger kyrkjesokn, men det var altså Sunnylvsbygda. Men vi er fortsatt i Stranda kommune, reknar eg med.

Håpar framleis på at det finns nokon som veit om desse folka, det er ikkje meir enn 50 år sidan Lovise døydde. Eg set svert stor pris på om nokon kan finne ut noko!

mvh Erling

Paul Frøysedal
Innlegg: 11
Registrert: 14. november 2006 kl. 13.04
Sted: ØRSKOG

Re: Gudmund og Lovise Lien, Geiranger

Legg inn av Paul Frøysedal » 12. juni 2011 kl. 14.25

Har fått opplyst frå slektningar i Sunnylven fyljande: Truleg etter att dei vart pensonistar bygde dei seg hus i klyngetunet på Frøysa der dei budde. Dette huset sto ein plass i Endretunet og vart rive når det vart bygt nytt hus på garden.
Dette er alt eg har funne ut.

mvh Paul

Erling Myrbostad
Innlegg: 878
Registrert: 29. november 2005 kl. 21.38
Sted: KVANNE

Re: Gudmund og Lovise Lien, Geiranger

Legg inn av Erling Myrbostad » 12. juni 2011 kl. 15.31

Mange takk for forsøket, Paul. Da veit eg i alle fall litt meir.

Skulle nokon huske Gudmund og Lovise, eller ha bilete av dei, set eg pris på at de tek kontakt med ei privat melding eller som eit innlegg her. Grunnen til interessa er at eg samlar opplysningar om alle som har vakse opp på garden her, og mellom desse er Gudmund Lien. Han var søskenbarn til bestefar min, og ein god ven av han. Desverre døydde bestefar min tidleg, og etterkomarane mista kontakten.

Beste helsing Erling

Svar

Gå tilbake til «Stranda»