Peder Sjursen Aarset f. 1702 eller 1703

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kai Løseth
Innlegg: 814
Registrert: 7. mars 2006 kl. 17.25
Sted: ÅLESUND

Peder Sjursen Aarset f. 1702 eller 1703

Legg inn av Kai Løseth » 21. november 2009 kl. 12.22

I Ættebok for Norddal, bd V, del 2 står at Peder Sjursen (1702-1780) ”truleg er bror til Siver Sivers. Rødset (Stranda) 1716 – 1747”
Men i Strandabøkene finn eg dei ikkje.
I Stordal finn vi også ein gard Rødset.
Der finn eg skifte etter Agnete Pedersdatter Rødset i 1734.
Mellom arvingane er sonen Peder Siursen 28 år og Siur Siursen 18 år. I ei anna kjelde frå Stordal er fødselsåret til Peder Sjursen 1703. Namn og alder på disse skulle då passe.

Peder Sjursen Aarset har ei dotter, Gjøe f. 1740.
Den einaste Gjøe som er døypt i Norddal i 1740 er denne:
'Feria 1ma Paschatos Døpt Peder Rødalens barn, Giøe,
fadd: Lars Tafiorden, Jomfru Mette Marie Leyerdahl, Guro Arnesdatter Tafiorden etc'

Faren her har etternamnet Rødalen.
I Norddal ll, s. 294 står at ein Peder Sjursen Stavdal bygsla 1 ½ mællag 3 mark i Rødal N. (Jakobsgarden) i 1733. I 1750 bygsla ein Nils Olsen 1 mællag 2 mark. Dette tyder kanskje på at Peder Sjursen har flytta frå Rødal til Aarset, og vert kalla Peder Sjursen Aarset (Norddal ll, s. 420).
Det var vanleg at dei tok etternamn etter garden der dei budde.

Men så er det Stavdal. Det kan kanskje forklarast slik: Mor til Peder, Agnete, var fødd Stavdal. Peder kan då kanskje ha budd på garden til besteforeldra, og ha teke namnet Stavdal før han flytte til Rødal?

Er det nokon ’innfødde’, eller andre som kjenner til dette?

Svar

Gå tilbake til «Norddal»