Rogne-tunet på Hellebostad, Gullaug Eriksdtr ca 1713.

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 6. februar 2005 kl. 20.46
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Rogne-tunet på Hellebostad, Gullaug Eriksdtr ca 1713.

Legg inn av dn14369 » 20. november 2008 kl. 0.00

Nokon som veit opphavet til namnet på g nr 62 b nr 2 i Sunnylven?

Eg vart nysgjerrig når eg såg kor mange etterkomarar herfrå det er i Haram, spesielt etter Halstein Rasmussen og Gullaug Eriksdtr, gift 1740, 8 born fødde på -Rogne- i Haram., men også etter Ingeborg Rasmusdtr. og Knut Halkjellson Ringdal.

Eg finn ikkje opphavet til Gullaug Eriksdtr. Hole f ca 1713.

gj04644
Innlegg: 32
Registrert: 7. mars 2007 kl. 20.11
Sted: PARADIS

Re: Rogne-tunet på Hellebostad, Gullaug Eriksdtr ca 1713.

Legg inn av gj04644 » 23. november 2008 kl. 21.43

Gullaug Eriksdtr er truleg dotter til Erik Eriksen Hole 24 år i 1701.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=281#ovre

Han er i 1711 busett på Hole, er gift og har eitt barn.

http://soga.no/kjelder/skoskatt1711/skoskatten1711.htm

I 1759 er det halde skifte i Syltevik etter Siri Eriksdtr. f. Hole. Ho var gift med Hans Larsen Hellebostad. Arvingar er systrene Marit Eriksdtr, som er enkje, og Gullou Eriksdtr Alvestad.

Svar

Gå tilbake til «Norddal»