Kari Gundersdtr. Rønneberg i Norddal

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Brukeravatar
22060
Innlegg: 108
Registrert: 26 des 2007 13:34:17
Sted: SYKKYLVEN

Kari Gundersdtr. Rønneberg i Norddal

Legg inn av 22060 » 18 jan 2008 20:35:53

Er det nokon som finn denne dama, foreldre, syskjen og kanskje namnet på mannen hennar:
Her er det eg finn i Gardssoga for Sykkylven:

Same året går Hau-Knutbruket over til Rasmus Larssen sin son
Helge Rasmussen Lade (f. 1761, d. 1803).
Han skreiv seg Nedrevoll då han i 1783 gifte seg med enkja Guri Jakobsdtr. (f. Brunstad 1734, d. 1789) g.2. m. Dorte Jakobsdtr. d. 1807, 48 år gml. Mor hennar, Kari Gundersdtr., var frå Rønneberg i Norddal. Ho var gift i Valde skipreie. Bygsetel i 1783 til Helge Rasmussen på 4 mællag frå Jørgen Abelset. Helge sat som brukar til han døydde, sidan hadde enkja bruket til 1807. Skiftebuet etter førstekona i 1789 var fallitt. Buet etter Helge i 1803 hadde 149 rdl. i br. eige. Gjelden var 88 rdl. Dorte hadde ein son før ho gifte seg («slegfredsønn»), og denne sonen tok over bruket. Det var
Gander Jakobsen Lade (f. ca. 1779, d. 1872) g. 1807 m. Jo-hanne Olsdtr. Eidem, Jenshaug bnr. 6 (f. Klokkerhaug 1775, d. 1856).

Brukeravatar
dn04977
Innlegg: 1753
Registrert: 14 nov 2004 18:33:25
Sted: SØVIK
Kontakt:

Re: Kari Gundersdtr. Rønneberg i Norddal

Legg inn av dn04977 » 18 jan 2008 21:11:50

Hei

Du finner desse personer i Ættebok for Norddal, del 2, 1997. Norddal Bygdebøker Bind V. side 693 og 694 under garden Rønneberg. Masse aner og etterslekt.

Mvh
Ingmar Seth 8)
mvh Ingmar Seth

Slektsblogg: http://ingmarsblogg.blogspot.com/

Slektsdatabase: http://ingmarseth.net/

Brukeravatar
22060
Innlegg: 108
Registrert: 26 des 2007 13:34:17
Sted: SYKKYLVEN

Re: Kari Gundersdtr. Rønneberg i Norddal

Legg inn av 22060 » 18 jan 2008 21:26:12

Takk skal du ha.
Stranda Norddal og Stordalen er dei neste områda eg tenkte å låne bygdebøker frå. Fint å vite kva bøker ein treng.

Svar

Gå tilbake til «Norddal»