Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal
Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Eg har ei nøtt eg har halde på med i lang tid.
Iflg. Voldasoga av Årviknes er Rasmus Ingebrigtsson frå Haukeland i Syvde, og han og kona Olave Hansdotter kom som gifte folk i 1792. Den nye Busetnadssoga for Volda seier også at han er frå Syvde (sjølv om denne informasjonen var henta frå Årviknes). Han hadde også med seg mor si, Dorte Olsdotter, f. kring 1733 og gravlagd 12.12.1815, som i 1801 er enke for andre gong. Etter mykje leiting kan eg med ganske stor sikkerheit seie at dei ikkje er frå Syvde. Men kvar kjem då Rasmus frå?
Her er folketeljinga for Volda frå 1801, og garden Slåttelid.
FT-1801
Her stend berre eitt born; Ole. Her er alle:
Stephane (Steffine), døypt 12.7.1789
Ole, døypt 7.10.1792
Ingebrigt Siver, døypt 7.2.1796, og døyr 14 dagar gammal (same sida)
Etter mykje leiting (og god hjelp frå Olav Myklebust) finn eg trulovinga og giftarmålet til Rasmus Ingebrigtsson og Olave Hansdotter i Borgund. Trulova 27.7.1788 Dei giftar seg 23.11. same året.
Eg er overtydd om at det er desse to eg leitar etter. Det sterkaste argumentet er at Rasmus Ingebrigtsson stend frå "Lien i Wolden", som Olav Myklebust reknar å vere Slåttelid. Dei andre argumenta er sjølvsagt namn og alder. Olave Hansdotter er frå Joegaard på Nørve, som også kallast for Lykken. Desse namna går litt om kvarandre i kjeldene.
Det merkelege er at i klokkarboka stend Rasmus Ingebrigtsson frå "Gidsche". Det er også forlovarane. Eg finn ingen Rasmus eller Ingebrigt på Giske-gardane som kan passe overeins med Rasmus. Kan han ha vore fiskar med base på Giske? Slik historie kan eg ikkje. Men kvar kjem då Rasmus frå, om han ikkje er frå Giske?
Heldigvis har me ein leietråd i mora hans, som blei med til Slåttelid, Dorte Olsdotter. Etter mykje leit og søk finn eg eit treff i Eid/Hornindal. Der vert ein Rasmus Ingebrigtsson fødd på Kjøs med far Engebret Rasmusson i 1761.
Eg finn også at soldat Engebret Rasmusson Nord giftar seg med Dorte Olsdotter Kjøs 1.1.1759
Her er mogleg ei svakheit i teorien min ettersom eg ikkje har prov for at det er dei same (sjølv om eg ikkje finn andre i kombinasjonen Engebret + Dorte Olsdotter). Ho er frå Kjøs, men er oppvaksen på Rognnes med faren Ole Olsson Rognnes til Kjøs og mora Magdeli Jonsdotter. Men Engebret og Dorte får eit kortvarig ekteskap då Engebret Rasmusson Kjøs døyr allereie seint i 1761, og er gravlagd 1.1.1762
Og her byrjar nokre fleire teoriar:
Tilbake til Slåttelida i Volda, døyr i Niels Slåttelid 46 år gammal i 1797
Denne personen stend ikkje i Bygdebøkene - kanskje dei har tenkt det kunne vere ein dreng. Min teori er at dette kan vere Dorte Olsdotters andre mann - ho var jo trass alt enke for andre gong i 1801. Denne Niels var også fadder for Rasmus og Olaves andrefødde; Ole.
Tilbake til Eid/Hornindal finn eg denne trulovinga i 1771. Her ser me under 8. september at ungkarl Niels Jens. Gradaas (Grodås) vert trulova med enka Dorthe Olsd. Holmøe. Kan denne Niels vere den same som Niels Slåttelid? Når det gjeld Dortes bustad Holmøe, er det ein av nabogardane til både Kjøs og Rognnes, så ho kan ha budd nær heimen sin saman med sonen Rasmus.
Eg legg også merke til at Rasmus og Olave har ei tenestepike frå Roti i Nordfjord, men det treng ikkje ha noko med dette å gjere.
Eg tykkjer det er mange påfallande teoriar som peikar i retning av at eg kan ha rett, men eg manglar nokre prov i overgongane; kva gjorde Rasmus Ingebrigtsson i Borgund? Er det den same Rasmus som er fødd av Dorte Olsdotter og Engebret Rasmusson i Eid/Hornindal? Kan denne Niels Slåttelid vere den same som giftar seg med Dorte Olsdotter Holmøe?
Om du ikkje vert klokare enn meg, høyrer eg gjerne om dette er prov nok for deg - eller om det er for uklart enno til å trekke konklusjonar. Lukke til!
Mvh.
Gunnar Sigve Aurdal, Volda

-
- Innlegg: 5726
- Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
- Sted: TRONDHEIM
- Kontakt:
Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Tja... sidan du spør: Nei - eg vert ikkje mykje klokare og dette er ikkje prov nok for meg. Eg vil vel seie at det ikkje er "nokre prov" i overgangane du manglar, men heller at du manglar prov i alle overgangane. Så langt eg kan sjå, er det berre namnelikskap og "Lien i Volden" (trulovinga) som på noko vis knyter sogene saman.
At ein volding har opphald på Giske er godt mogeleg. Det var mange frå Volda/Ørsta som hadde "Fjordamannastove" på øyane, eller som tok teneste som fiskarar der. Ein mindre truverdig del av soga er at Nils Slåttelid, d.46 år i 1797, skulle vere haleheng til ein steson som slo seg ned i Volda. Dersom alderen er rett, var Nils "i sin beste alder" og skulle som gift mann ha funne seg eit bygselbruk sjølv.
Namna (utanom Olsdotter) er ikkje av dei aller mest vanlege på 1700-talet (i Volda og i Eid). Det var 5-6 % som heitte Rasmus, 1-3% som heitte Nils, Ingebrigt, Dorte og Olave. Men det vil seie at namna var om lag like mykje brukte som dei aller mest populære namna i vår tid. Kvar sjuande mann (14-15%) heitte Ole, og rimelegvis med ein tilsvarande del "Olsdotter".
"Eliminasjonsmetoden" er svært usikker. Bygdebøker manglar ofte personar med svak tilknyting til matrikulerte gardsbruk - først og fremst fordi dei manglar eller er vanskelege å finne/identifisere i kjeldene. Det same gjeld naturlegvis når du leitar sjølv. Det kan altså godt ha vore ein Rasmus på Giske som du ikkje finn i kjeldene.
Lied kan vere Slåttelid, men eg har også notert det som alternativt namn for fremmerlid og Nedrelid; og naturlegvis for Indre Lid og Ytre Lid. (Dette er notat eg har gjort i gardsnamnlista for Volda, for eiga hjelp - ikkje opplysningar som eg kan dokumentere på ståande fot.)
Opplysninga om at Rasmus og Olave kom til Volda (Slåttelid?) frå Syvde i 1792 kan vere ei mistyding - men mest truleg har Aarviknes ei kjelde for dette. Den mest opplagde må vere ei tinglyst bygselkontrakt og kanskje ei kårkontrakt. Eg ville ha leita i Panteboka/-registeret. Pantebøkene (skanna) ligg på nettet, men Panteregister for Søre Sunnmøre har framleis ikkje kome. Då må du anten leite gjennom panteboka for 1790-92, eller vere tolmodig nokre veker/månader til registeret vert lagt ut, eller undersøkje om Høgskulen har mikrofilm av registeret; eller ta ein tur på Statsarkivet i Trondheim.
(tilføya): Ein ting til: Aarviknes (b3 s. 109) har med ei dotter til, Anne Lisbet f. 1783. Har du funne spor etter henne? Han nemner også at det var skifte etter Olave 25.6.1804. Skifta er nettopp lagde ut på nettet - har du sett etter dette?

Takk Ivar - det er godt med litt nøktern tenking inn i dette. Lett å bli litt riven med!
Og eg fekk, som eg ville, svar på at eg må jobbe vidare med saka. Ei sak eg ikkje nemnde var deira fyrste born, Steffines/Stephanes, namn. Det er jo eit ganske uvanleg namn, i alle høve i desse traktene. Men eg fann ut at mora til Steffine, Olave Hansdotter, hadde ein tvillingbror døypt Steffen som eg ikkje har sett noko meir av sidan. Eg stussa nemleg på å kalle fyrstefødde for Steffine. Sjølvsagt berre endå eit indisium - men verd å nemne. Døypte i Borgund 1755 (20. april)
Eg har også søkt etter skiftet etter Olave - og andre på Slåttelid, utan at eg finn noko. Tykkjer det er litt vanskeleg å leite i skifta, ettersom eg ikkje er så veldig øvd i gotisk skrift. Det er leselig, men det går for sakte i fht. så mange sider eg må gjennom. Men kanskje eg finn noko seinare. Ho stend heller ikkje i registeret i eine boka.
Det er ingen andre med namn Rasmus Ingebrigtsson som er fødde i Volda prestegjeld i tidsromet 1752-1767 som kan passe med denne. Der finst andre, men desse har andre lagnadar. Alle søk eg gjer er gjennom kyrkjebøker. Oppslagsverk og søkemotorar er kun for hjelp. Difor har eg søkt vidare utanombygds. Eg fann også ein passande i Vanylven ein stad (har ikkje dokumentert dette), men han gjekk også andre vegar.
Den Ane Lisbet som er fødd i 1783, er fødd på Slåttelid men av brukarane før. Ho er døypt Ane Lisbet Olsdotter, og desse brukarane flytta vidare til eit plassebruk på Hamre (4-1 i Busetnadssoga).
Tek gjerne mot fleire innspel på korleis eg kan finne prov på:
1. Om Rasmus Ingebrigtsson og Olave Hansdotter som giftar seg i Borgund er dei same som flyttar til Slåttelida i Volda
2. Om kvar Rasmus Ingebrigtsson og mora Dorte Olsdotter kjem frå.
3. Om nokon "tilfeldigvis" har kome over skiftet etter Olave Hansdotter (eg kjem til å halde fram med leitinga, sjølvsagt).
Gunnar

Steffen og Steffine (og Stevling) var ikkje så vanlege namn - men heller ikkje heilt ukjende på Sunnmøre.
Kva du finn i Volda fortel berre kva du finn, ikkje kva som fanst. I utgangspunktet er det ein del manglar i kyrkjebøkene, kanskje så mykje som 20% http://folk.ntnu.no/ivarse/slekt/paalit.html . I tillegg manglar det ein del blad av kyrkjeboka for åra 1758-60, sjå http://folk.ntnu.no/ivarse/kbvolda/ , altså om lag på den tida Rasmus vart fødd.
1. Eit prov på at Rasmus og Olave på Slåttelid er dei same som er vigde i Borgund kunne til dømes vere eit skifte der Olave Slåttelid var arving; etter foreldre eller sysken, og at desse kunne knytast til Olave i Borgund.
Eit anna prov kunne vere om born til Olave Slåttelid hadde ein verje som var identifisert som ein slektning i skiftet (t.d. "moderbroder") og som også kunne knytast til Olave i Borgund. (Men sjå 3. nedanfor).
2. Bortsett frå eventuelle skifte der Dorte i Slåttelid er arving, finst det er neppe andre kjelder enn Panteboka (bygselkontrakt) som kan seie noko om dette. Teoretisk kan det finnast flyttemeldingar i militære rullar, men det er tvilsamt på denne tida, og dei vil vere vanskelege å finne om dei finst.
3. Skiftet etter Olave er "tilfeldigvis" her: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24574/315 (lengst til høgre), på datoen Aarviknes gjev. Sonen Ole, 11 3/4 år, er einaste arving og har Knut Knutson Skinnvik (ein granne) som verje. Steffine - og evt. andre born- døydde altså før mora.

Desse folka har eg med leitt etter lenge. Dei er 3 x tippoldeforeldra mine. Eg leitar ennå etter dei i ytre strok. Pga at yngste barnebarnet til Rasmus og Olave busette seg på Håneset i Rovde. Føremannen der var Anders Ingebrigtsen Bjørlykke. Folk tok av og til over gardar, som vart ledige etter slektningar. Namna på barna til Anders B stemmer ein del med namn som har vorte brukt i familien seinare. Men eg har ikkje ennå funne nokon tråd mellom desse.
Eg har sett i bygdeboka for Hornindal etter dei som vert nemnt derifrå, utan å funne noko,men såg at
Ingeborg Pedersen, kona til Lars Larsson, føremannen i Slåttelida var fødd Holmøy.
Kvar kjem du inn i bildet, som etterkommar av Rasmus og Olave - eg reknar med at du er det.
Olave - dotter til Ole og Marte er dobbel tippoldemor mi.
Kjenner til ein god del av etterkommarane - men ikkje alle
Eg har sett i bygdeboka for Hornindal etter dei som vert nemnt derifrå, utan å funne noko,men såg at
Ingeborg Pedersen, kona til Lars Larsson, føremannen i Slåttelida var fødd Holmøy.
Kvar kjem du inn i bildet, som etterkommar av Rasmus og Olave - eg reknar med at du er det.
Olave - dotter til Ole og Marte er dobbel tippoldemor mi.
Kjenner til ein god del av etterkommarane - men ikkje alle
Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Ivar:
Takk for at du fann skiftet! Eg var ikkje komen så langt i skifteprotokollen, og har nytta lang tid på å prøve å forstå noko av det som stend på sidene. Forstår ikkje halvparten av det som stend i skiftet etter Olave, men skal trene meg opp. Skifter er nytt for meg, men eg ser jo at det er gull.
Skal byrje å sjå etter skifta til Olaves moglege syskjen i Borgund, for å sjå om ho stend i desse.
Solbjørg:
Det var eit indisium til eg ikkje var klar over, det med Ingeborg Pedersd. som var fødd på Holmøy. Kanskje der er ein link der? Eg er også etterkommar av Ole og Marte Slåttelid; Ole Slåttelid - Rasmus Slåttelid - Pernille Oline Slåttelid, g. til (Skinviks)Botn - Elling Johannes Botn - Sigurd Levi Botn - Solveig Botn g. Aurdal - Gunnar Sigve Aurdal. Så Rasmus, som er bror til di doble tippoldemor, vert min 2-tippoldefar.
Takk for all hjelp til no. Om eg finn noko meir, legg eg ut funna mine her. Håpar andre også vil gjere det.

Eg har undersøkt litt kring Olaves foreldre og syskjen, og funne ut at:
Faren Hans Hansen Valderhaugstrand (1728-1778) og mora Karen Olsdatter Lykken/Jogård (1733-1759) er døde før Olave giftar seg og evt. flyttar til Slåttelid.
Skifte etter Karen Olsdotter Døngen
Skifte etter Hans Hansen Joengaard
I fyrste skiftet ser me at borna Steffen, Olave og Sofie Marie er arvingar, og har kvar sine formyndarar.
I andre skiftet tykkjer eg det vanskelegare å tolke skrifta, men eg kan lese ei Kirsten Knudsdotter, som eg veit er Hans si andre kone. Elles kan eg lese nokre ukjende namn, og ein heil del om auksjon. Er Olave nemnd i dette skiftet - eg klarer ikkje å finne ho?
Det er altså tre born frå fyrste ekteskap som lever i 1759; Steffen og Olave (tvillingar døypt 20.4.1755) og Sofie Marie (døypt 26.8.1759) (det var også ei Sofie Marie 1752-1759).
I sitt andre ekteskap får Hans og Kirsten fire born; 1. Hans (døypt 21.10.1764, gravl. 9.10.1774), 2. Peder (dpt 6.8.1769, gravl. 4.10.1772), 3. Helena Petrikke (dpt. 6.12.1772) og 4. Karen Kristine (dpt. 21.12.1777).
Av dei som eg ikkje har funne død i ung alder har eg dette:
Steffen: finn han ikkje konfirmert/gift i Borgund
Olave: konfirmert og gift
Sofie Marie: konfirmert, gift og død i Borgund. Giftar seg med Ole Pedersen Aalesund, og får tre born. Ho dør i 1803, året før Olave, og er i grunnen den eg håpte å finne skifte etter. Men etter det eg kan sjå er der kun lagt ut ein skifteprotokoll frå Sunnmøre prosti (1790-1807) som eigentleg omhandlar 1751-1753. Ein liten glipp frå arkivverket, trur eg. Dei har ikkje lagt ut noko frå sorenskrivaren heller i 1803.
Frå det andre ekteskapet veks finn eg:
Helena Petrikke: konfirmert og gift. G.m. Bernhard (Bernt) Pe(t)tersen Møller, og blir buande på Joegård. Fekk to born. Dør truleg etter Olave.
Karen Kristine: finn henne ikkje konfirmert/gift i Borgund. Kan vere død før Olave.
Så lenge eg ikkje får sett Sofie Marie sitt skifte, stend eg framleis på bar bakke, om det ikkje stend noko av viktigheit eg ikkje klarer å lese i dei to skifta ovanfor.
Så langt.

Fotograferinga av skiftet etter Hans kunne vore skarpare... Det ser ut som buet er insolvent. Inntektene dekkjer om lag halvparten av utgiftene (gjelda). Arvingane er ikkje namngjevne sidan det ikkje er noko å arve - men kreditorane er nemnde.
Eit evt. skifte etter Sofie Marie er i Nordre Sunnmøre. Året 1803 er delt på tre protokollar og berre den eine har register (på gardsnamn). Men om Sofie Marie hadde born, var sysken ikkje arvingar og er neppe nemnde. Det kan likevel tenkjast at ein mostermann er verje for nokon av dei.
Eit evt. skifte etter Sofie Marie er i Nordre Sunnmøre. Året 1803 er delt på tre protokollar og berre den eine har register (på gardsnamn). Men om Sofie Marie hadde born, var sysken ikkje arvingar og er neppe nemnde. Det kan likevel tenkjast at ein mostermann er verje for nokon av dei.
Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Ok. Då får eg henge fast i det hårstrået, eller leite vidare på anna vis. Tusen takk for hjelpa, Ivar! Og takk for linkane lenger oppe! Du verkar å vere dreven på dette! 

Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Hei igjen!
Eg har snakka med ein etterkomar i rein farslinje til Rasmus som ville ta ein Y-DNA-test for å finne meir om røtene til Rasmus. Eg nemnde teorien om at Rasmus var frå Nordfjord, og då ringde det ei bjelle hjå han. Han leita i nokre papir, og fann eit intervju med oldebarnet til Rasmus, som fortalde om "den fyrste Slåttelid som kom frå Nordfjord". Har ikkje sett kjelda sjølv, men tenkjer at det er noko i det. Så får me sjå kva DNA-testen seier.

Skiftet etter Sofie er her: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24597/55/
Re: Rasmus Ingebrigtsson på Slåttelid (c. 1757-1843)
Takk!
Vrient å tolke alt der, men ser vel berre enkemannen og borna nemnde i skiftet. Eller?