Opphavet til Rasmus Jonson Eidset gift 1759, død 1812

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 258
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Opphavet til Rasmus Jonson Eidset gift 1759, død 1812

Legg inn av Kjell Jan Remø » 4. august 2017 kl. 15.41

Hei!

Rasmus Jonsson og Dorte Nilsd, opphavleg frå Hesteflot, var brukarar av garden Eidset (Eisset) i Volda i perioden 1759-1806.
Trulovinga og vigselen til Rasmus og Dorte finn vi i kyrkjeboka.
Truloving: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829650652
Vigsel: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829650657
Her ser vi at Rasmus kjem frå ein plass som vert kalla Øygaar.
Vidare finn vi at Rasmus døde i 1812. Skal vi tru det som er ført inn i kyrkjeboka i samband med dødsfallet, må han vere født pluss / mins 1730. (Rasmus heilt sist på lista over)
https://media.digitalarkivet.no/kb20070829660374
Det som står i Busetnadssoga for Volda Band I side 514 må definitivt vere feil, jf vedlegg. Det ser vi på alderen som er ført opp, jf. det som står under Hjartåsen.
I og med det er fleire Øygard i Volda og elles på Sunnmøre, ville eg vere takksame om nokon kunne tipse meg om kva Øygard det er snakk om og ev. andre opplysningar om Rasmus sitt opphav. (Kanskje står det rettingar i eit seinare band av Busetnadssoga for Volda?)

mvh Kjell
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Opphavet til Rasmus Jonson Eidset gift 1759, død 1812

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 5. august 2017 kl. 0.17

Rasmus var altså knappe 7 år ved vigsla - om ein skal lese Busetnadssoga slik ein vanlegvis gjer; vi kan vel vere med på skepsisen til det....
Spørsmålet er om det er ein enkel trykkfeil, eller om det er feil person.
Men "før <dato>" treng ikkje vere dåpsdato; iallfall i prinsippet kan det vere tidspunktet for noko anna, t.d. ei skifte der han er nemnd.

FT1801 held iallfall på ca. 1731 (70 år) https://digitalarkivet.no/census/person ... 8414001717

Det er mange Øy(de)gard. I Volda kjem eg på Strand/Kleiva (gnr. 15) i Morka-bygda, Øvsteberget (gnr.82) i Høydalen, Eidseflot (gnr.92) i Bjørkedalen og Aksnessæter (gnr.140) i Dalsfjorden som har vore kalla Øydegard/Øggar/Øygard på 1700-talet (det var fleire på 1600-talet).
Elles i nærområdet v. Moltu (Herøy), v. Eiksund (Rovde sokn), sør på Sula (Hareid sokn), v. N.Vartdal (Hareid sokn).

Det kan vere skifte som fortel meir nøyaktig. I så fall bør skiftet vere nemnt der han kom frå (Hjartåsen ifl Busetnadssoga).

Kjell Jan Remø
Innlegg: 258
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Opphavet til Rasmus Jonson Eidset gift 1759, død 1812

Legg inn av Kjell Jan Remø » 5. august 2017 kl. 10.58

Hei !
Takk for tilbakemelding.
Trykkfeil av fødselsåret var og min første tanke, men ser vi på det som står på side 570 i Busetnadssoga for Volda band 3 er den Rasmus det vert referert til faktisk født i 1752. (døypt 5/11-1752). I kyrkjeboka finn eg ein Rasmus Jonson (sjå nede til venstre) https://media.digitalarkivet.no/kb20070829650582
Det heile og fulle namn greier eg ikkje å tyde, men 5. november stemmer i alle fall med det som står i Busetnadssoga.
På ein eller annan måte har bygdeboka blanda saman to personar med namnet Rasmus Jonson.

mvh Kjell
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Opphavet til Rasmus Jonson Eidset gift 1759, død 1812

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 5. august 2017 kl. 23.06

"Rasmus Jonsøn Aasen"

Avskrift av Volda 1741-1760 finn du her: http://folk.ntnu.no/ivarse/kbvolda/
Åsen kan vere mange stadar i Volda prg, men sidan to faddrar er frå Hovden, har eg føreslege Åsen i Ørsta. Eg har ikkje funne noko innleiing som høver.
Bjørn Dale, "Ørstingar I", plasserer han også der. Det er i tilfelle snakk om farbror til Ivar Aasen og brorson til ein av mine aner. Dersom det er rett, må han vere død før skiftet etter mora 1784.

Han er nok framleis for ung til giftarmål i 1759...
Opplysningane du siterer frå band 1 er tekne oppatt under Åsen i Hjartåbygda (også kalla Hjorthaug-Åsen), b. 3 s. 570. Eg finn ikkje noko retting av dette i seinare band.

Her må ein nok leite på dei ulike "Øygard"-ane, sidan det er det han er kalla ved vigsla.

Kjell Jan Remø
Innlegg: 258
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Opphavet til Rasmus Jonson Eidset gift 1759, død 1812

Legg inn av Kjell Jan Remø » 6. august 2017 kl. 22.30

Hei !
Mange takk for linken.
Eg ser at her vert det mykje leiting.
Det er synd kyrkjebøkene for Volda prestegjeld frå tida rundt 1730 manglar.

mvh Kjell

Svar

Gå tilbake til «Volda»