Hjelp til bygdebokarbeid: "heimstad" Volda

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 424
Registrert: 29 nov 2004 08:56:33
Sted: VOLDA
Kontakt:

Hjelp til bygdebokarbeid: "heimstad" Volda

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 29 jan 2005 10:24:14

I Volda går det føre seg oppdatering av dei gamle Dalsfjord- og Voldasogebøkene, som mange kjenner til (http://tilsett.hivolda.no/ak/Voldasoga/Voldasoga.htm). I samband med dette arbeidet er vi generelt interessert i informasjon om voldingar (pr def. personar som er fødd i Volda eller har budd her nokre år) som så har flytt ut og har vore/er etablert andre stader.

Om muleg vil vi da i tillegg til namnet og (ca) f. år gjerne vete: evt. dødsår, om personen er/var gift: namn, heimstad, f.- og d.-år for ektefelle/sambuar, kvar ho/han/dei budde og evt. kva dei dreiv med (yrke) viss kjent.

Slik informasjon kan evt. sendast OlavM@hivolda.no (men vi abonnerer sjølvsagt på dette forumet og får melding viss nokon legg inn informasjon).

På førehand mange takk for hjelpa!

(Vi kan sjølvsagt òg til ein viss grad vere behjelpelege med slektsinformasjon frå det innsamla materialet "i bytte" for informasjon om utflytte.)

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 2958
Registrert: 10 des 2004 22:15:36
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Hjelp til bygdebokarbeid: "heimstad" Volda

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 10 mar 2005 23:35:28

Veit ikkje om denne er kjent for bygdebokforfattaren?

I Gards og Slektshistorie Fiksdal Sokn av Olav Rekdal finn vi på side 536:

"-------- Far til Sivert, John Sivertsen Bratteberg frå Volda var båtbyggar (Båt-Jo). vart 1804 g.m. Anne Aretsdtr Nerås og kom som plassmann åt Fiksdals-Haua."

Helge Bjerkevoll

dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 06 feb 2005 20:46:21
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Hjelp til bygdebokarbeid: "heimstad" Volda

Legg inn av dn14369 » 17 mar 2005 22:26:24

Lars Andersen Geitvik, f ca 1760 vart i 1807 gift i Haram med Marie Sjursdtr. Haram, f. sept 1783.

Eg har skrive at foreldra til Lars er Anders Persen Geitvik og Eli Torsdtr. Hollen, dei vart gifte 1758. Har ikkje meir om forfedrene deira.

Foreldra til Marie er Sjur Sjursen Haram og Ingeborg Pedersdtr. Haram.

Etterslekt i Haram.

gj01089
Innlegg: 1
Registrert: 29 mar 2005 11:14:45
Sted: GURSKEN

Re: Hjelp til bygdebokarbeid: "heimstad" Volda

Legg inn av gj01089 » 29 mar 2005 11:19:33

Hei, og takk for nyttige innspel til arbeidet med den nye Busetnadssoga for Volda.
Berre ein liten korreksjon: Kjeldematerialet viser at foreldra til Lars ikkje er Anders og Eli som oppgjeve av Ivar Fylling. Det er fleire personar med same namn i Geitvika på om lag same tid, så det kan lett oppstå feiltolkingar her. Dei rette foreldra til Lars skal vere Anders Pedersson frå Otterdal i Hornindal og kona Anne Larsdotter frå Bueidet. Sonen Lars er nemnt i skiftet etter Anders 1813.
Mvh
Olav

dn19102
Innlegg: 69
Registrert: 30 apr 2005 22:40:17
Sted: OSLO

Re: Hjelp til bygdebokarbeid: "heimstad" Volda

Legg inn av dn19102 » 07 mai 2005 23:05:57

Jeg er usikker på grensene i Ørsta/Volda på tidspunktet dere dokumenterer, men tipser allikevel:
Jeg har notert en 3xtippoldefar fra Ørsta/Volda.
Det var Ola Pålson Brekke, 1769-1849. Han bosatte seg i Hjørundfjord. I FT 1801 er han notert der som Ole Paulsen på Ejde. nr 256.
Gift med Brit Thoresdatter Eide, 1767-1850. Datter av Tore Monsen Skylstad 1734-1803, og Ingeborg Nilsdatter Nordangshol, 1737-1820. Begge svigerforeldre reg på Ejde i 1801.
Jeg har ikke Ole/Olas foreldre i Ørsta/Volda, håper derfor Voldaprosjektet kan svare.

Med hilsen
Stine Heldal Kvistad, Oslo.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Hjelp til bygdebokarbeid: "heimstad" Volda

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 08 mai 2005 11:31:05

Stine Heldal Kvistad skrev:Jeg er usikker på grensene i Ørsta/Volda på tidspunktet.


Grensa mellom Ørsta og Volda har vel knapt vore endra så lenge ein veit om - med eitt unnatak (Ytrestøyl, til Volda i 1893). Før du får alle Ørstingar og Voldingar på nakken, er det vel best du skaffar deg kjennskap til denne viktige grensa :)

Sjå her: http://www.ntnu.no/~ivarse/gard.html , http://www.ntnu.no/~ivarse/grenser.html

(Og ja....: Brekke er i Ørsta.)

19316
Innlegg: 1
Registrert: 08 sep 2005 00:06:39
Sted: OSLO

Re: Hjelp til bygdebokarbeid: "heimstad" Volda

Legg inn av 19316 » 08 sep 2005 00:17:57

Hei.
Brithe Hansd. Osdal, Volda, gifta seg med Nils Hansson Navelsaker, Hornindal den 30.06.1747 og flytta til Navelsaker. Ho var fødd ca.1717 og dauda 24.01.1803 på Navelsaker. Eg er 8. generasjon etter henne.
Omtrent samtidig med at Brithe vart gift på Navelsaker, vart ei Jønette Hansd. Navelsaker, fødd ca.1722, gift til Osdal.

mvh
Rune Refsdal

Svar

Gå tilbake til «Volda»