Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Erik Hov
Innlegg: 1115
Registrert: 19. desember 2005 kl. 13.02
Sted: GJØVIK

Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Legg inn av Erik Hov » 30. mai 2015 kl. 10.32

Hei.
Legger merke til av Busettnadssoga for Volda bind 3 nevner familien til Hans Olsen Ullaland (1666-1734 på Olagarden Ullaland) se også debatt
https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?p=652635

I bygdeboka står det at Hans hadde 4 barn
1 Ole f ca 1680 ,se Hunneset
2 Elias f ca 1703 ,overtok Ullaland
3 Ole f ca 1705 se Klokkargarden Klepp
4 Anne ,f ca 1709 ,sjå Svarthammaren.
De 3 siste barna er greie ,men den eldste Ole har jeg problemer med å plassere.
Dersom årstallet stemmer må Hans ha vært eldre enn født ca 1666 ,eller Ole på Hunnes ikke ha vært hans sønn og at den eldste Ole dermed er feilplassert på Ullaland.
Om jeg slår opp på Hunneset står Ole Hansen f ca 1680 d 1741 skrevet skifte i parantes etter dødår. Ole var gift med Lisbet Arnesdatter som døde i 1755. Ole og Lisbet hadde 7 barn født fra 1702 til 1717.
Utfra alderen på de barna må jo Ole ha vært født før 1682 ,men det er jo mer enn 20 års forskjell fra de andre barna til Hans Ullaland. Hans var jo gift andre gang med Barbro NIlsdatter født ca 1658 død 1744 ,kanskje hun var mor til denne Ole på Hunnes?
Noe er det som ikke stemmer her......så nå lurer jeg på hvordan bygdeboka har kunnet koble Ole mot Ullaland og isåfall hvordan Ole Hunnes faktisk var i slekt med Ullalandsfolka?
Erik

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5032
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 30. mai 2015 kl. 11.16

Vi kan byrje med årstala....

I manntalet 1701 http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/mt1701_Sunnmore.htm
er Hans Ullaland ført opp med alder 39 år - altså fødd ca. 1762 - og med son Elias, 1 år.
(Denne Elias kan naturlegvis vere død, og så er det fødd ein ny Elias i 1703 - men det er vel like truleg at det er den same, f. 1699/1700 (teljinga var i september og alderen er fyllte år - ikkje inneverande leveår, som i 1801)

Dette fjernar "problemet" med at Hans er for ung til å verte far "ca." 1680 (som t.d. kan vere 1683).
Det gjer også at Hans skal kunne finnast i manntala 1664-66. (Med det atterhaldet at registrering av unge menn var mangelfull i desse manntala.)


I 1701 er det ein Ole på Hunnes, ugift gardbrukar, 21 år.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5032
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 30. mai 2015 kl. 11.31

I emnet du lenkjer til, er det lenkje til skiftet etter Hans Ullaland, 1734, der arvingane er
"3 Børn Nemlig Ellias Hansen Myndig, Ole hansen myndig, Anne Hansdatter med formynder Brodenen Elias Hansen"

Sidan Ole Hunnes levde i 1734, kan han ikkje ha vore ektefødd son av Hans Ullaland. Men han kan framleis vere uektefødd son.

Erik Hov
Innlegg: 1115
Registrert: 19. desember 2005 kl. 13.02
Sted: GJØVIK

Re: Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Legg inn av Erik Hov » 30. mai 2015 kl. 11.52

takk for svar. Har fått med meg at Hans hadde 3 barn ja ,og alderen så langt tilbake kan en vel ta med en klype salt ,så Hans var nok født ca 1662 selv om bygdeboka har ham født ca 1666.
Siden Ole Hunnes ikke er nevnt i skiftet etter Hans var han ikke Hans ektefødte sønn.
Lurer jo fortsatt på hvorfor bygdeboka har plassert Ole Hunnes til å være fra Ullaland?!! ,må vel være en grunn til at han står der? om Ole Hunnes ikke var sønn til Hans Ullalands andre kone da fra før hun ble gift med Hans?.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5032
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 30. mai 2015 kl. 12.17

Det er mogeleg... men kanskje ikkje så truleg. Ole er framleis ein Hansson.

Barbro Nilsd. f. ca. 1668, d. 1744 ifl. Busetnadssoga,
Barbra Ulland, Jordfesta 1744 12.s.e.tr |16.8, 86 år ifl. kyrkjeboka

"Nilsd." kan vere frå skiftet etter Hans; fødselsåret etter alderen i kyrkjeboka. Elles er det vel ikkje så mykje kjendt om henne.
Ho må vere gift med Hans etter 1722 (Sara død) og før 1734 (Hans d.). Dvs at det ikkje finst noko kyrkjebokinnførsle for vigsla.

Dersom Barbro var mor til Ole Hunnes, skulle det ha vore (offentleg) skifte etter henne, sidan
det var tre umyndig døtre etter Ole i 1744. (Men det er ikkje sikkert dei brydde seg med det, om ho hadde fordelt alt i levande live.)


Ole fekk bygsel på Hunnes kring 1700. Dette er rimelegvis kunngjort på tinget, og dermed ført inn i tingboka. Det kan vere det står noko om opphavet hans der, idet minste eit gardsnamn. Men å finne det vert ikkje så enkelt.... (og tingboka frå febr. 1701 til febr. 1702 manglar)

Erik Hov
Innlegg: 1115
Registrert: 19. desember 2005 kl. 13.02
Sted: GJØVIK

Re: Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Legg inn av Erik Hov » 30. mai 2015 kl. 12.35

Da ser det ut som jeg må gå ut fra at Ole Hansen Hunnes ikke er sønn til Hans Ullaland inntil det motsatte er bevist!. hadde fortsatt vært interessant å visst hvorfor busetnadssoga har plassert Ole Hansen Hunnes til å være fra Ullaland da.... ,kanskje de som har laget boka kan si noe om kilden til det montro???

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5032
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 30. mai 2015 kl. 16.16

Du må i tilfelle spørje direkte - eg trur ikkje dei les dette forumet fast.

Det har tydelegvis kome til noko mellom Voldasoga (Aarviknes) og Busetnadssoga.
Aarviknes let Ole kome frå Vartdal. Dersom redaksjonen ikkje har funne noko, skriv dei gjerne noko slikt som at "VS meiner Ole kom frå Vartdal". Det står ikkje her og dei let han kome frå Ullaland utan atterhald.
Det er ikkje så mange kjelder å velje mellom: Tingboka, ymse skifte og private notat (fleire slike er utgjevne) er dei viktigaste. Ole kan t.d. vere nemnd med slektskap i eit skifte der han ikkje er arving.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5032
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 31. mai 2015 kl. 11.02

Eg leita litt til... (Ole er ein av "mine").

Grunnen til at Aarviknes let Ole kome frå Vartdal er nok her:
Skifte etter Hans Torsen Søre Vartdal, 1714: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24547/408/

Han etterlet seg enkja Anne Erichsdatter "og deris tilsammen auflede 8te Børn neml: Erich Hansen Aarset, gammel 45 aar, Ole Hundenæs gammel 42 aar, Joen Hansen Kinden, gl: 40 aar, og yngre Ole Hansen gl: 29 aar, Britte Hans datter med hendes Mand Arne Ødegaard, Daarthe Hans datter med hendes Mand Ole Haavolden, Anne Hans datter gl: 30 aar med formynder hendes Broder Erich Aarset og yngre Britte Hans datter gl: 23 aar med hendes formynder Broderen yngre Ole Hanss."

"Hundenes" er "truleg i Volda" heiter det i Vartdalssoga (Buset, 1964) b.1. s. 603 (Søre Vartdal).
Det einaste alternativet på Sunnmøre (iallfall av matrikkelgardar) er Hundsnes i Vanylven. Bygdeboka for Vanylven (Sæter, 1980) kjenner ikkje til nokon høveleg Ole Hansson på Hundenes (b.1 s. 164). Ved skoskatten 1711 er det to brukarar, Hallsten Olsen og Hans Pedersen på Hundsnes. http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/skoska ... nnmore.pdf (s. 49, midt på).

Vartdalssoga legg til at "Ein son, Jon, var bonde på Åm i Ørsta, d. 1778". Det kan vere tilfeldig at Buset har teke med denne opplysninga (og ikkje at syskena Peder og Anne også vart gifte i Åmdalen i Ørsta). Men det kan også tyde på at Buset har funne Jon med ei eller anna tilknytning til Hans Søre-Vartdal.
Men "Ørsta" (Myklebust, 1933) har også denne opplysninga om Jon Olson Hunnes på Ytre Åm (s. 245): "(Farfar til Jon: Hans Torson S. Vartdal)"

Då er det berre å leite etter eit skifte med denne opplysninga i.... - eller ei odelssak, der det vert gjort greie for slektskap.

redigerer: skyt inn utegløymd tekst frå skiftet (i kursiv ovanfor).
Sist redigert av Ivar Ståle Ertesvåg den 3. juni 2015 kl. 23.12, redigert 1 gang totalt.

Erik Hov
Innlegg: 1115
Registrert: 19. desember 2005 kl. 13.02
Sted: GJØVIK

Re: Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Legg inn av Erik Hov » 31. mai 2015 kl. 14.46

Interessant skifte det etter Hans søre Vartdal. Dette burde jo være bevis på Aarviknes har rett og at Ole Hansen Hunnes faktisk var fra søre Vartdal. Ser jo sånn ut.
Da stemmer jo også skiftet etter Hans Ullaland med de 3 barna på Ullaland ,men man kan jo fortsatt lure på hvorfor Ole Hunnes står oppført som sønn på Ullaland?! Får vel kontakte Arnfinn Kjelland eller noe, kanskje han kan si noe?......

dn27068
Innlegg: 3
Registrert: 8. august 2015 kl. 23.38
Sted: GURSKEN

Re: Ole Hansen Ullaland-Hunnes i Volda

Legg inn av dn27068 » 8. august 2015 kl. 23.41

Her er det berre å krype til korset:
Eg ser at eg har lagt inn tilknytninga til Vartdal i databasen min, men denne har blitt "overstyrt" av ei feilaktig kobling til Ullaland!
Beklager, men no har eg i alle fall laga retting på dette!

Svar

Gå tilbake til «Volda»