Klara Olsd Langvatn?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj07363
Innlegg: 32
Registrert: 22. juli 2008 kl. 18.46
Sted: VOLDA

Klara Olsd Langvatn?

Legg inn av gj07363 » 16. juni 2012 kl. 16.14

Er "Siri Klara Olsdotter Langvatn" i Voldasoga, band 2 (Aarviknes, 1971) den same som

"Siri Olsdotter Langvatn" og "Klara Olsdotter Langvatn" i Busetnadsoga for Volda (2007)?

Alle desse er gifte med Hans Jonsson Eide.

Frå Voldasoga (Aarviknes, 1971), band 2:

Langvatn, Vindsåsen
(s.480): "Ola og Brit hadde borna: ... 2. Siri Klara, f. ... , g. 1743 m. Hans Jonsson Eide."

Eide br.1 (s.490): "1. Hans, f. 1717, g. 1743 m. Siri Olsdotter Langvatn."

Frå Voldasoga (Aarviknes, 1971), band 3 :

Sunndalsfolla 2 (s.55): "Hans Olsson Sunndal, g. 1744 m. Klara Olsdotter Langvatn. . . . Jon Jakobsson Førde g. 1752 m. enkja Klara Olsdotter."

Frå Busetnadsoga for Volda (2007), band 3:

Langvatn, Vindsåsen 4-4 (s.349):
"Siri f. ca. 1707, sjå Eide (1-5b)"

Eide 1-5b (s.349): "Siri Olsd. frå Vindsåsen, Langvatn (4-4), f. ca.1707, d. før 18.08.1743."

Klårefolla 2-5 (s.269): "Klara Olsd. frå Langvatn?, f. kring 1720, d. før 15.1.1786. Han var gift før, sjå Eide (1-5b)"

"Klara gifta seg att 12.11.1752 med Jon Jakobsson frå Danielgarden, Fyrde (2-4), f. ca. 1729, d. før 16.10.1803."
Sist redigert av gj07363 den 17. juni 2012 kl. 12.03, redigert 1 gang totalt.

gj07363
Innlegg: 32
Registrert: 22. juli 2008 kl. 18.46
Sted: VOLDA

Re: Klara Olsd Langvatn?

Legg inn av gj07363 » 17. juni 2012 kl. 12.03

Har funne i Kyrkjeboka, Volda og Ørsta, 1741-1760, avskrift ved Ivar S. Ertesvåg
http://folk.ntnu.no/ivarse/kbvolda/

truloving (1742), vigsle og død for Siri (1743)
truloving og vigsle for Klara/Clara (1744)

så det ser ut for å vere to ulike personar, men eg greier ikkje finne opphavet til Klara Olsd.

gj04587
Innlegg: 12
Registrert: 27. februar 2007 kl. 12.15
Sted: GURSKEN

Re: Klara Olsd Langvatn?

Legg inn av gj04587 » 18. juni 2012 kl. 14.40

Som det går fram av kjeldene du siterer, så har eg i Busetnadssoga for Volda tolka det slik at Hans Jonss. først var gift med Siri, og så oppattgift med Klara då Siri døde, noko som blir styrka ved at eldstedottera er oppattkalla etter førstekona. Eg har sett eit spørsmålsteikn etter Langvatn for Klara sin del. Det skuldast at heller ikkje eg greier å finne henne att på Langvatn. Siri er nemnt i skiftet etter Brite Haraldsdotter (mora) i 1741, men ikkje etter faren Ole Larsson i 1743, då ho var død like før. Klara er ikkje nemnt i nokon av skifta, noko ho burde vere om dei var systre. Men det utelukkar sjølvsagt ikkje verken at ho kan vere fødd på Langvatn eller at ho har vore der tilfeldig (t.d. som tenar) når ho blei gift med Hans Jonss. Dei flytte sidan til Sunndalsfolla.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5119
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Klara Olsd Langvatn?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 18. juni 2012 kl. 21.59

Det ser ut som ein nokså konsekvent praksis å kalle folk med namnet på garden dei kjem frå fram til dei giftar seg. (Vi ser det tydeleg for tenestefolk både i 1701 og 1801). Dvs at når Klara er kalla "Olsd. Langvatn" og "Langvatn" ved truloving og gifte, så er ikkje det ei tilfeldig adresse som tenestetaus.

Ho kan ikkje vere dotter til Brite Haraldsdotter sidan ho ikkje står i skiftet. At ho ikkje står i skiftet etter Ole Larson, fortel at ho ikkje var hans ektefødde dotter (uekte born hadde ikkje arverett etter faren).

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Re: Klara Olsd Langvatn?

Legg inn av dn08004 » 19. juni 2012 kl. 9.38

Hei Liv Mari!

Eg tenkte at det kunne vere ei moglegheit for DNA-testing av dei to ulike morslinene. Alle born arvar mtDNA frå mora si, men berre jentene kan føre dette vidare til sine born. Søner arvar Y-DNA frå faren sin, det gjer ikkje døtre. Siri fekk jo ikkje barn, men systrene hennar har etterkomarar i rein morsline (mor-dotter) fram til i dag. Ein/ei av desse skulle blitt testa opp mot ein etterkomar i rein morsline til Klara. Det har ikkje lukkast meg å finne nokon i rein morsline etter Klara, så den floka får me diverre ikkje nøsta opp i på den måten. Ville berre nemne det i tilfelle andre tenkte på det same.

Gunnar

Svar

Gå tilbake til «Volda»