Martin Johan Hendrik Larsson Notø 1826 -1889

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn07419
Innlegg: 9
Registrert: 21. juli 2006 kl. 19.55
Sted: HOVDEBYGDA

Martin Johan Hendrik Larsson Notø 1826 -1889

Legg inn av dn07419 » 21. juli 2006 kl. 20.26

Eg har ei mormor som er fødd i 1911 i Røren (Røyra) i Ulstein kommune. Ho (og eg!) har mange spørsmål kring mor hennar Sara Jørgine Martinsdatter Notø(y) g. Røren 1881 - 1963.
Foreldra til Sara Jørgine var:
Marta Bergitta Jørgensdtr Kolgrov (i Syvde) 1839 -1919
Maritn Johannes Hendrik Larsson Notø(Y) 1826 -1889

Martin var først gift med Synnøve Torine Olsdtr Lillemek (Volda) 1816 -1878.
Dei hadde 6 born:
-Larense Petrine 1847 -
-Ingeborg Oline Katrine 1849 -1849
-Ingeborg Marie Sofie 1851 -
-Olai Johannes 1854 -
-Martinus Sevrin Nikolai 1856 -1863
-Herman Sevrin Nikolai 1859 - 1863

Alle disse opplysningane har eg frå Herøysoga.

1. spørsmål: Er det nokon som kjenner til etterkomarane til desse?

Mormor kan fortelje at halvbroren til Sara Jørgine; Olai Johannes. Sara var gift i Røren då ho vart spurt om ho kunne ta seg av denne broren.

Olai Johannes hadde med Oluffa Olsdtr. Notø ein son: Isak Sigvald Kristoffer, Notøy f. 29.12.1873.

2. spørsmål: Er det nokon som kjenner til denne Isak? Vil gjerne høre om evt. etterkomarar.

Martin Hohan Hendrik Larsson Notø og
Marta Bergitta Jørgensdtr Kolgrov hadde desse borna:
-Sara Jørgine Martinsdtr Notø (g. Røren) 1881 - 1963
-Magdalena Karoline Mattea Martinsdtr Notø 1885 -

Sara og Magdalena vart etter farens død i 1899 sett bort til forsterforeldre (Herøysoga band 5). Sara var då 8 år og Magdalena var 4 år. Ei muntleg historie seier at då Sara skulle bli henta av sine fosterforeldre, gøymde ho seg oppe i eit tre for å sleppe unna.
Sara har ikkje fortalt sine born kven ho budde hos som småjente.

3. spørsmål: Er det nokon som kan hjelpe meg med dette?

Sara hadde i alle fall kontakt med mor Marta etter at ho gifta seg, for mormor mi kan hugse besøka på Notøya då var lita. Ein kan enno skimte murane etter huset Marta og Martin budde i. Petterholmen Gard nr. 41
Herøyboka s. 539

Eg gler meg til å sjå om det er nokon som har interessante opplysningar å kome med :lol:

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Martin Johan Hendrik Larsson Notø

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 21. juli 2006 kl. 22.35

Hei Venke

Isak først: I folketeljinga 1900 er han registrert i Ålesund, ugift fiskar. Han bur saman med mora, Oluffa (også ugift). http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... 10646#ovre
Om du orkar, kan du gå gjennom Lysingsprotokollen 1901-1918 (skanna kyrkjebøker, digitalarkivet) og sjå om han finst der.
Han står også i Adressebok for Romsdals Amt 1900 (s.39)
http://www.romsdal-sogelag.no/pdf/Adressebok_1900.pdf
Slike bøker kom fleire år utover (innteksgrensa for å kome med i 1900 var 600 kr, og då tente Isak 700 kr; så det kan vere han kom under grensa somme år). Eg vil tru bibl. i Ålesund, kanskje også Ørsta eller Volda har slike bøker.

Herøyboka seier litt, men ikkje så mykje om enkja og dei to jentene. Men vi får vite (b.2 s.470) at fattigstyret var inne i biletet. Dei bør ha etterlete seg ein protokoll og evt. også eit arkiv med sakspapir. Der kan det stå kven som var fosterforeldre. Eg ville ha kontakta (ringt) Herøy kommune, og spurt meg fram om kvar slikt er lagra.

Om ikkje Sara fortalde noko, kan Magdalene ha fortalt noko til sine etterkomarar - dersom ho har nokon.

dn07419
Innlegg: 9
Registrert: 21. juli 2006 kl. 19.55
Sted: HOVDEBYGDA

Re: Martin Johan Hendrik Larsson Notø

Legg inn av dn07419 » 1. desember 2013 kl. 15.48

Svar mange år etterpå:
No er mormora mi død. Ho vart 99,5. Ein verdig alder. Ho sa at ho ikkje ville verte 100år og det vart ho heller ikkje..
Før ho døde, forska vi ein del på dei spørsmåla eg stilte før. Ein del frå muntlige kjelder.
Isak sin far, Olai, hadde psykiske problem. Det var vel derfor han ikkje var i lag med mor til Isak, Oluffa. Det er fortalt at Olai var innlagt på Rotvoll i Trondheim, ein psykiatrisk institusjon.
Sara, systra hans, fekk spørsmål om han kunne bu hos hennar familie, fordi han var for frisk for Rotvoll.
Vi har funne at Sara vart konfirmert 4.10-1896. Då hadde ho bopel/opphaldstad i Aurvåg i Herøy. Sansynleg var ho der som tenestejente.
Eg har eit nytt spørsmål:
Mormor fortalte at Martin Nøtø vart begravd på Kyrkja ved Herøy Gard. Fordi han var fattig, hadde ikkje enkja råd til gravstøtte til han. Stemmer dette at ein kan vere begraven der utan at det viser at nokon ligg der?
Finnast det ei oversikt over kven som ligg der begravne?

dn09334
Innlegg: 3545
Registrert: 27. mai 2007 kl. 13.55
Sted: BODØ

Re: Martin Johan Hendrik Larsson Notø

Legg inn av dn09334 » 1. desember 2013 kl. 16.27

Martin Larsen gravlagt nr 25 Herøy i Herøy, Ministerialbok nr. 507A08 (1878-1904), Døde og begravede 1889, side 270.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-259
Gravstøtte var vel aldri noe krav.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Martin Johan Hendrik Larsson Notø

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 1. desember 2013 kl. 22.11

Eg har eit nytt spørsmål:
Mormor fortalte at Martin Nøtø vart begravd på Kyrkja ved Herøy Gard. Fordi han var fattig, hadde ikkje enkja råd til gravstøtte til han. Stemmer dette at ein kan vere begraven der utan at det viser at nokon ligg der?
Finnast det ei oversikt over kven som ligg der begravne?


Oversynet er kyrkjeboka....

Eg er ikkje sikker på kor vanleg det var med gravstøtter i 1889. Som Wilfred seier, var det neppe noko krav om gravminne - det er det vel ikkje i dag heller.

For snart 20 år sidan leita eg opp gravminnet etter ei tipp-oldemor som døydde i 1927 og er gravlagd på kyrkjegarden i Gursken. Det er (reknar med at han er der enno) ein vanleg, stor rullestein, mest sannsynleg henta frå fjøra litt lenger ute. (På desse kantane kan rullesteinar vere opp til 2-3 meter - denne var kanskje 40-50 cm). Namn og år var hogge/rissa inn (og nesten uleseleg 70 år). Eg reknar med at slekta hadde ordna dette sjølve, kanskje med hjelp frå nokon i grannelaget som var hendig med hammar og meisel. Det var neppe nokon stor kostnad.

Svar

Gå tilbake til «Herøy i Møre og Romsdal»