Herøy. Drukningsulykke 1830

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 258
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Herøy. Drukningsulykke 1830

Legg inn av Kjell Jan Remø » 7. januar 2019 kl. 18.37

11. april 1830 er seks personar ført inn i kyrkjeboka i Herøy som drukna. Det er sett ei klamme rundt namna til desse og 16. mars er ført på som felles dødsdato. (Nr 5 – 10 i kyrkjeboka)
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 507/L0069: Ministerialbok nr. 507A04, 1816-1841, s. 114. Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829630337
5 av dei som drukna kom frå Koparstad, mellom dei Carl Jakobsen og to stesøner.
I Bjarne Rabbeb si bygdebok, Gardar og Folk I (utgitt 1962) står det at Karl og to stesøner omkom ved Hidsneset. Carl og dei to stesønene finn vi igjen i kyrkjeboka som nr 5,6 og 9. For dei andre er berre dødsdatoen 16. mars nemnt i bygdeboka.
Det går ikkje fram kor vidt desse 6 var i same båt. Nr. 10 - som ikkje vart funnen - kom frå losstasjonen på Kvalneset. Det ligg nær å tru at i alle fall dei 5 frå Koparstad var i same båt, men eg har ikkje funne noko som kan stadfeste eller avkrefte teorien.
Er det nokon som har meir kjennskap til ulykka ?

mvh Kjell

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5508
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Herøy. Drukningsulykke 1830

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 7. januar 2019 kl. 21.57

Spørsmålet er vel kvar ein skulle finne slik informasjon, når ikkje kyrkjeboka seier meir.

Det kan tenkjast det var skifte etter Karl og/eller ste-sønene; og i så fall kan det stå noko der.
Det kan også tenkjast det står noko (i tilfelle ein liten notis) i avisa som kom ut på Ekset. På denne tida heitte ho vel "Landboe-Avisen" eller "Postbudet", dersom ho kom ut.
Elles kan det vere private notat eller dagbøker.

Elles legg eg merke til at drengen på Kvalneset også er ein "Madsen"; fødd om lag 1808, året etter at Mads Koparstad gifta seg. Veit du noko meir om honom?
Kvalneset var vel fyrstasjon på denne tida (frå 1826) - eller er det eit anna Kvalnes?

Tore Kristiansen
Innlegg: 4188
Registrert: 18. november 2004 kl. 9.47
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Herøy. Drukningsulykke 1830

Legg inn av Tore Kristiansen » 7. januar 2019 kl. 22.24

Jeg har funnet opplysninger om slike ulykker i avisene.
I 1830 hadde i Romsdals Amtstidende startet, så nærmeste avis var vel den i Bergen og den i Trondhjem. Disse skal finnes på nb.no
Du kan jo ta en titt der og se om det kan stå noe. Forsøket verdt i alle fall!
:) Tore

Kjell Jan Remø
Innlegg: 258
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Herøy. Drukningsulykke 1830

Legg inn av Kjell Jan Remø » 8. januar 2019 kl. 10.28

Hei !

Mange takk til Ivar og Tore om avis-tipset.
Dessverre ser det ut til at det i 1830 ikkje vart gitt ut avis i Volda (Ekset). Oppgåva mi vert dermd å søke i Bergen / Trondheim.

Med unntak av Lars Madsen, har eg funne alle skifta. Eg har ikkje fått ut meir informasjon om ulykka der, men kombinasjonen dårlege evner til å tolke gamle dokument og middelmådig kvalitet på det som er skanna, er definitivt ikkje noko godt utgangspunkt.

Ivar spør om eg veit noko meir om Lars Madsen.
Egentleg ikkje, men han er neppe døypt i Herøy. Eg finn i alle fall ingenting i kyrkjeboka. Derimot finn eg ein Lars Madsen Røren , konfirmert i 1824. (nr.7).
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 507/L0069: Ministerialbok nr. 507A04, 1816-1841, s. 245
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829630392
Som det går fram av kyrkjeboka er han døypt utanom prestegjeldet. Foreldra flytte ifølgje Herøyboka til Bergen. Grunnen til at eg har ein slags vag/usikker teori om at dette kan vere ‘rett’ Mads, er følgjande: 1. Mora Mette Johannesd. kom opphavleg frå Koparstad. 2.Herøyboka omtalar Mads Larsen i eit vedlegg over drukna som Mads Larsen Koparstad.

Eg har tatt det for gitt at Kvalneset er identisk med det Kvalneset som fyrstasjonen vart etablert på. Hadde det vore eit anna Kvalnes vil eg tru det hadde vore presisert.

mvh Kjell

Svar

Gå tilbake til «Herøy i Møre og Romsdal»