Torger RaspinusTorgersen Nykrem f. 1836

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Torger RaspinusTorgersen Nykrem f. 1836

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 9. januar 2012 kl. 14.23

Eg ynskjer opplysningar om Torger Raspinus Torgersen f. 30.03.1836 på Nykrem i Rovde døypt 10.04.-36 nr. 3 Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Rovde i Herøy, Ministerialbok nr. 504A01 (1816-1861), Fødte og døpte 1836-1837, side 33.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-38

Her gifter han seg 26.06-64 i Rovde med Maria Pedersdtr. Hellebust f. 1826 ( nr.2)
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Rovde i Herøy, Klokkerbok nr. 504C01 (1863-1883), Ekteviede 1863-1864, side 78.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-56

Ved FT-1865 finn vi dei på Nykrem der han hjelper faren med gardsdrifta.
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =3855#ovre

Etter det finn eg dei ikkje att i kjeldene, heller ikkje som emigrantar.

Nokon som kjenner til kva som vart av dette paret etter 1865 ?

Brukeravatar
dn22196
Innlegg: 2308
Registrert: 16. januar 2008 kl. 11.32
Sted: FJERDINGBY

Re: Torger RaspinusTorgersen Nykrem f. 1836

Legg inn av dn22196 » 9. januar 2012 kl. 18.57


Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5509
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Torger RaspinusTorgersen Nykrem f. 1836

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 9. januar 2012 kl. 19.56

Det er lett å gå seg bort i sokn og prestegjeld her....

Nykre(i)m ligg i Leikongbygda. Frå gammalt av låg Leikongbygda i Rovde sokn, Herøy prestegjeld.
I 1866 vart Herøy prg. delt, slik at Sande sokn og Rovde sokn vart Sande prestegjeld.
I 1772 vart Rovde sokn delt, slik at Leikongbygda og Eiksundbygda vart til Leikanger sokn, og overført til Herøy prg.

Bygda står i bygdeboka for Herøy. Torgeir m.fam i "Gardar og Folk" b.3 s. 413.
Ifl. denne er Torgeir d.6.2 1884. Dødsdato for Marie ikkje nemnt (ho skal vere f. 1835).
Ingen barn er nemnde.

For å finne dødsdall må du leite i kyrkjeboka for Leikanger sokn.; evt. etter Marie i FT1900 (Herøy kommune/prg. - Leikanger sokn).

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Torger RaspinusTorgersen Nykrem f. 1836

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 9. januar 2012 kl. 20.02

Ja grensene mellom dei forskjellige sokna og presetgjelda på ytre, søre Sunnmøre blir eg ikkje heilt klok på, Ivar! :lol:

I allefall takk både til deg og Lisbeth for hjelpa!

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5509
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Torger RaspinusTorgersen Nykrem f. 1836

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 9. januar 2012 kl. 21.52


Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Torger RaspinusTorgersen Nykrem f. 1836

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 10. januar 2012 kl. 5.21

Takk for linken Ivar, den kan verte nyttig når egav og til er i stuss! :wink:

Svar

Gå tilbake til «Herøy i Møre og Romsdal»