Boel Andersdt (Binston?) (frå Flusund?)

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj07363
Innlegg: 32
Registrert: 22. juli 2008 kl. 18.46
Sted: VOLDA

Boel Andersdt (Binston?) (frå Flusund?)

Legg inn av gj07363 » 17. juli 2012 kl. 13.05

Kjenner nokon til opphavet til Boel (Bodil) Andersdt (Binston?) frå Herøy, gift med Ola Pålson Engeset i Volda?

Ho skal vere fødd i Herøy rundt 1744, gift rundt 1773 og budde på Digernes i Ørsta i FT 1801:
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =3176#ovre

Eg greier ikkje å finne nokon dokumentasjon på henne, kvar ho kom frå, kven som er foreldra osv.

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Boel Andersdt (Binston?) (frå Flusund?)

Legg inn av gj09903 » 18. juli 2012 kl. 13.38

"Boel Andersdtr. Nærøen" og "Ole Povelsen Engeseth" vart trulova og gifte i Volda i 1772: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-165

Far til Boel, Anders Robertson (Binston) var busett på Nærøy i Herøy og vart lensmann etter far sin, Robert Anderson, som truleg var frå Orknøyane. Mor til Anders heitte Boel Hansdtr. (ukjent opphav). Det var skifte etter Robert Anderson i 1711, og då heitte enka Anne Larsdtr. (Lund): http://arkivverket.no/URN:sk_read/24547/5/

Anders Robertson var og gift to gonger, fyrst med Maren Christensdtr. (Fros) (d. ca. 1740)
I andre ekteskap med Maren Andersdtr. (Bie) fekk han to døtre, Maren og Boel. Det er skifte etter Anders i 1748: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24557/211/

Det står ein del (om opphavet til) desse folka (Robert, Boel Hansdtr., Anders) i t.d. Herøyboka. Diverre er mykje av det som står skrive direkte feil. I ein tråd på Digitalarkivet sitt gamle brukarforum (debatt 32389: Slekten Schønnebøl) kallar Bjørn Jonson Dale desse historiene for rein fantasi: http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe ... aak=#anker

gj07363
Innlegg: 32
Registrert: 22. juli 2008 kl. 18.46
Sted: VOLDA

Re: Boel Andersdt (Binston?) (frå Flusund?)

Legg inn av gj07363 » 19. juli 2012 kl. 10.42

Vanskeleg å finne fram i dette materialet, så dette var imponerande! ;-)
Tusen takk!

Nokre meiner mor til Anders, Boel Hansdtr, kan vere av lagmannsslekta Glad, men eg ser at her er mykje diskusjon rundt at det ikkje kan vere Boel Hansdtr Glad, slik det står i Herøyboka. Bjørn Jonson Dale skriv at ho døydde i Volda 1645, der søstra Ingeborg var prestekone, gm Mads Claussen Skaaning, medan Anders Robertsen Binston var fødd kring 20 år seinare.
http://forum.arkivverket.no/topic/98042 ... _p__805732

Svar

Gå tilbake til «Herøy i Møre og Romsdal»