Marte Olsdatter Valgermo og Jakob Henriksen Vadsæter

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22 jul 2010 16:15:27
Sted: VIGRA

Marte Olsdatter Valgermo og Jakob Henriksen Vadsæter

Legg inn av dn25459 » 13 feb 2012 11:42:27

Marte Oline Olsdatter Valgermo var fødd i Ørskog 15/3-1835. Ho fekk dottera Johanne med Jørgen Ottesen Vaksvik 25/2-1863 i Ørskog. 29/12-1869 fekk ho sonen Hans Oluf Martin med Ole Pedersen. I folketeljinga 1875 er Marte og sonen i Frølandsbakken i Ålesund. 17/6-1880 giftar Marte seg i Ålesund med Jakob Henriksen Vadsæter frå Kinn. Dei får dottera Anna 13/3-1881- ho døyr 1/1-1882 i Ålesund. Hans er konfirmert 22/2-1885 i Ålesund. Bustad er Skansen. Dette er siste spor av både Marte og Hans. Eg finn dei ikkje i folketeljinga 1900 eller 1910 og heller ikkje som døde i Ålesund. Eg har og leitt i kyrkjebøkene i Skodje, Borgund og Ørskog. Truleg har både Hans og stefaren Jakob reist ut som sjømenn, men eg finn ingen spor. Er takksam for tips eller spor. Dottera Johanne vart konfirmert i Ørskog, kom til Ålesund og vart gift på Giske 5/8-1883 med Bernt Larsen Giske. Far til Johanne, Jørgen, fekk dottera Petrine 1859 med Dortine P. Amdam, gifte seg med Susanne Gregoriusdatter i 1865. Dei bodde i Ålesund og i Bergen og fekk sju barn. Dette blir mange bustader, men eg er på jakt etter kva som hende med Marte. Sonen Hans Oluf sin skjebne er løyst.
Sist redigert av dn25459 den 11 apr 2012 20:01:12, redigert 1 gang totalt.

dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22 jul 2010 16:15:27
Sted: VIGRA

Re: Marte Olsdatter Valgermo og Hans Oluf Pedersen

Legg inn av dn25459 » 22 feb 2012 14:30:40

Det kan føyast til at Marte fekk i alt fire barn med fire ulike menn i sitt vidløftige liv.
Dottera Petrine fekk ho med Severin Løvik i 1866. Petrine gifta seg 1910 med Jakob Petersen Nes i Skodje. Dei fekk ikkje barn.

Men kvar Marte Olsdotter enda er eit mysterium.
Det same gjeld sonen Hans Oluf Martin (eller Matias) sjølv om halvsøstra skal ha fått brev frå Oslo. - Ingen spor der.

dn26919
Innlegg: 85
Registrert: 29 mar 2011 20:57:28
Sted: LILLESAND

Re: Marte Olsdatter Valgermo og Hans Oluf Pedersen

Legg inn av dn26919 » 09 apr 2012 12:32:49

Spørsmål om Hans Oluf Pedersen kan du rette direkte til han barnebarn k-sv-mor@online.no

Solveig Viken

dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22 jul 2010 16:15:27
Sted: VIGRA

Re: Marte Olsdatter Valgermo og Hans Oluf Pedersen

Legg inn av dn25459 » 11 apr 2012 19:57:24

Skjebnen og etterslekta til (Hans) Oluf Pedersen er løyst. Fantastisk og tusen takk!
Kva skjedde med mora Marthe Olsdatter?

Ho gifta seg 17/6-1880 i Ålesund:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-230
Ektefelle Jakob Ole Iver Henriksen Vadsæter, sjømann og enkemann.
Han var frå Førde prestegjeld i Sogn og Fjordane.
Dei fekk ei dotter 13/3-1881 som døydde 1/1-1882:
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=569#ovre

(Hans) Oluf vart konfirmert i Ålesund i 1885, og han var 10 1/2 år då mora gifta seg.

Eg har sjekka kyrkjebøkene for Reknes hospital og Molde fram til og med 1900. Finn ikkje Marte der, og ho ser ikkje ut til å vere i FT1900. Ikkje død i Ålesund eller Borgund heller, ser det ut til.

dn26919
Innlegg: 85
Registrert: 29 mar 2011 20:57:28
Sted: LILLESAND

Re: Marte Olsdatter Valgermo og Hans Oluf Pedersen

Legg inn av dn26919 » 22 apr 2012 15:17:00

Hei igjen

Når det gjelder far til Hans Oluf tror jeg at dere har feil fødselsår iflg folketellingen for 1865 så er han da 17 år. dersom født i 1844 skulle han da vært 21 år. den 05.01.1849 finner jeg Ole pedersen med foreldre fra Skriubakken : http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-31


tror dette beviser at fødselsåret er et annet. foreldrene giftet seg 05.06.1845

Solveig

dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22 jul 2010 16:15:27
Sted: VIGRA

Re: Marte Olsdatter Valgermo og Jakob Henriksen Vadsæter

Legg inn av dn25459 » 23 apr 2012 08:22:00

Den rette fødselsdatoen er 5/1-1849 som Solveig har funne ut.
Eg har både fødsels- og dødsdato på Ole Pedersen Skriubakken (og bilete av gravsteinen).
Men kvar vart Marthe Oline Olsdatter Valgermo av?

dn25459
Innlegg: 158
Registrert: 22 jul 2010 16:15:27
Sted: VIGRA

Re: Marte Olsdatter Valgermo og Jakob Henriksen Vadsæter

Legg inn av dn25459 » 04 jun 2012 23:05:45

Så fann eg Marte. Ho døydde i Ørsta 23/1-1911 på Garveriet, Ørstavik som fattigunderstøtta enke. Vart gravlagd i Ørsta 27/1-1911 som nr 2 av kvinnene dette året.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-207

Og i ministerialboka til Ålesund:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-279

Ho er og å finne i folketeljinga 1910 i Ørsta på Garveriet:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 6755000897

Kvar ho (og evt. mannen Jakob) var i 1900 har eg ikkje funne. Men då dødsfallet er innført i kyrkjebøkene både i Ålesund og Ørsta, går eg ut frå at ho hadde heimstavnsrett i Ålesund.
Her blir det å lese i fattigprotokollane i kommunale arkiv.

Case closed.

Svar

Gå tilbake til «Ålesund»