Jon Gunnarson Storesunde 1669-1746

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 06 feb 2005 20:46:21
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Jon Gunnarson Storesunde 1669-1746

Legg inn av dn14369 » 05 jan 2008 21:46:37

Han skal vere far til Brite Jonsd Mindresunde ca 1704 - 1767, som vart gift med Johannes Andersson Røyrhus ca 1696-1777. Som mor til Brite, og kone til Jon, har eg skrive Sønnøv Pedersd Mindresunde, dotter til Peder Knutsson f Kirkhorn og Kari Olsd. Haken er at eg har notert 1696 som fødselsår for Sønnøv. Dette kan ikkje vere rett, men eg har mist kjelda. Er det nokon som kan hjelpe?

20053
Innlegg: 57
Registrert: 21 mai 2006 18:36:11
Sted: STRYN

Re: Jon Gunnarson Storesunde 1669-1746

Legg inn av 20053 » 05 jan 2008 22:40:51

Hei Ivar!

Eg har sett i "Bygdesoge Innvik-Stryn," og der står som du skriv, at Jon Gunnarson
Storesunde er gift med Synnøve Pedersdatter Mindresunde. Desverre står det ingenting
om fødsel- eller døds-år. Men son til Jon, som heitte Arne, var også gift med ei som
heitte Synnøve Pedersdatter. Ho døde i 1770-åra. Det står ingenting om kvar ho er frå, eller når ho er født. Kanskje det er hennar fødselsår du har notert.
Men det står og at Arne døde i 1794, 67 år gammel. Isåfall er han fødd i 1727, 31 år
etter 1696, men det kan vere feil årstal eller alder.

Odd.

Svar

Gå tilbake til «Stryn»