Emne: garden Sætre – bruk Utigard gnr 43/3 i Stryn

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
54698
Innlegg: 6
Registrert: 23. februar 2012 kl. 0.37
Sted: STRYN

Emne: garden Sætre – bruk Utigard gnr 43/3 i Stryn

Legg inn av 54698 » 23. februar 2012 kl. 0.43

Hei!

Gjeld garden Sætre – bruk Utigard gnr 43/3 i Stryn
Eg har pusla litt med å finne fram til mine forfedre på heimegarden Utigard på Sætre der eg er fødd og oppvaksen, men no treng eg eksperthjelp når det gjeld mine aller eldste stamfedre(mødre).
Garden Sætre i Stryn eller Setter er nemnd i Aslak Bolts jordbok av 1430-40 då var garden erkebispegods.
I 1563 var det eitt bruk, i 1602 to og frå 1642 3 bruk.
I skattemanntalet frå 1563 finn eg under Id.nr 45 ein Joenn po Setter – Indevigs prestegjeldtt og han må då dengongen vere eigar av heile eigedomen som idag er tilsaman bruk 1, 2 og 3..

Så har vi Aalandsboka som har lista opp dette for gnr 43/3 og gnr 43/1 og som må ha noko felles (eg tek med dei første ætteledda):
Utigard, gnr 43/3:
* Mogens brukar frå 1595 - halve garden
*Paul ? son , brukar 1620 same (halve garden), i 1634 heile garden..
*Ivar Bodvardson, brukar 1622 - 1 7/8 pund, brukar 1628 1 1/3 pund, krungods som Morits Jensson sa opp.
I bruket var ¾ pund pantegods.
+ Enkja hans brukar 1652.
*Rasmus Jonson , brukar 1653. Son Jakob busett på Rake.
*Verson Samson Andersson død 1722, skøyte 1699; skøyte 1707 på odelsrett og åseterett med Jakob R. Rake.
+ Kona Malene Rasmusdtr (Sætre) brukar 1723.
____________________________
Knutbruket 43/1:
Bodvar Sverkeson, br. f. 1595 (åtte 2 laup)
+ kona Synnøve ho brukar 1611-20. I 1592 pantsette dei 1 l. i Faleide til Jens P Vik
(under Utigardbruket på Faleide gnr 150/6 står at Peder Bodvardson - Sætre – Stryn , brukar 1621, han og brødrene åtte 2 ½ pd. Odg. I bruket.)
Morits Jensson, lensskr/fut i Nordfjord - brukar 1620 – flytte til Gloppen 1633.
Oluf Bodvarson, brukar 1634. (tente i Garbrandson i 1601) . Han løyste inn pantegodset i 1601. (orginaldokumentet ligg på garden Utigard Faleide)
sonen Bodvard Olufson, brukar 1637 – 1 ¼ lott
--kona: Mari (Jørgensdtr), nemnd 1646.
Sonen Oluf, d. ( D. står for ma. døvstum/tunghøyrd) f. 1693, br. 1671.
*Ivar Knutson, brukar 1693 – gift med Oluf si enke.
--------------------------------------------
Eg har under koppskatt funne:
Koppskatt for Nordfjord frå 1645 (side 8 Skipsrede:Stryn – Induigs Prestegielld):
¤ Boduer Setter
¤ Quinden Mari
¤ Jon Setter
¤ Quinden Syndeue (kan det bety Synnøve)
Nytt ætteledd:
*Rasmus Joensøn Setter f. ca. 1620 Brukar 1653
(I Folketelj. år 1664-66 (ID.nr 5989) står- gard Setter - side 214 nr 1087 – og i manntalet 1663-66 står
ID.nr 5981 Rasmus Joensøn 44 år Nedre Stryn Sokn
ID.dnr 5590 Bordner (Bodvar?) Oluffsen 60 år « « «
ID.nr 5991 Førenamn: Enchen ? (ingenting anna)
+ektemake ??
Rasmus Joensøn og ektemaken (?) fekk 4 gutar og 2 jenter, eg har funne 5.

** 1.Jakob Rasmusson Sætre (odelsgut - barnlaus) død ca 1734
Flytte til Rake og tok etternamnet Rake Skifte: gard Rake – skipsreide Olden - side 478 – protokoll 7 – 1731-1734. (reg.skifte 1731-1734). Flytte truleg seinarfe til Olden og tok namnet Bakke. Det same gjorde broren – Henrik.
+ Marit Jensdtr. frå?
Skifteprotokoll:
I skifteprotokollen av 18. mai år 1734/ sak 54 står det (sitat): Etter avdøde Jacob Rasmussen Bakke i Olden, i live enke Marit Jensdtr. Ingen barn eller livsarvinger derfor avdødes søsken etter igjenlevende barn: Bror Henrik Rasmusson Bakke, avdøde Absalon Rasmusson som var gift og boende på Røros hans igjenlevende barn og arvinger, søster Malene Rasmusdtr Sætres igjenlevendes 4 sønner og 2 døtre.
I skifte- og overformynderimidlar finn eg ein (Idnr 1485) Jakob Rasmussen - Gard Rake, Skipsreide Olden. Protokollnr 7, page 478 år 1731 – 1734 Fogderi Nordfjord. (kan dette vere rette Jakob?).
Det står elles om ein Jakob Rasmussen i Aalandsboka bind I – side 661. «I 1728 vart bruk nr 6-8 som var kome under kruna i 1680-åra – seld til denne brukaren.» Om det er rette Jakob kan kansje tinglyste dokument gje svar på.
** 2. Henrik Rasmusson flytta truleg til Olden – tok namnet Bakke ** ** 3. Absalon Rasmusson gift og busett på Røros.
** 4. Malene Rasmusdtr Sætre vart bonde i Utigard – Sætre. sjå neste ættledd
** 5. Synnøve Rasmusdtr Sætre gift (Registerskifte 1687-1697)
(I skifteprotokollen år 1749/sak 2 : 13 mai Synnøve Rasmusdtr Sætre, Olden, i live mannen Peder Jacobsen. 3 barn: Jacob Peder 8 år, Rasmus 2 og Kristi 12.)
Nytt ætteledd:
* Malene Rasmusdtr. Sætre (odelsjente) Brukar gnr. 43/3 frå 1723 (skifteregister år 1727-1731 – Idnr 1165)
Skifte: gard Sætre – skipsreide Stryn- side 509 – protokoll 6 – 1727-1731.
+ Samsson Andersson (kvar kom han frå) brukar/skøyte 1699 - d. 1722
Barn:
¤¤ 1.Rasmus Samsonsen Sætre, Bonde i Utigard f ca 1698 sjå neste ættledd/ikkje med
¤¤ 2. Ola Samsonsen Sætre f. ca 1699 (et folketeljing 1701) Busett i Bergen
¤¤ 3. Anders Samsonsen Busett i Bergen
¤¤ 4. Absalon Samsonsen
¤¤ 5.Ane Samsonsdtr gift til Brynestad i Olden med Ole Olsen Brynestad – død ca 1753 -
1 son Samson Olsen f. ca 1744/45.
Skifte:
Etter Nordfjord skifterett sin protokoll av år 1731/sak 21 står det(sitat):» Etter avdøde enke Malene Rasmusdtr Sætre i Stryn som i retten møtte med broren Jacob Rasmussen Bakke.
4 barn: Rasmus Samsonsen myndig, Ola Samsonsen myndig og bur i Bergen, Anders Samsonsen likeså myndig og bur i Bergen og Absalon Samsonsen er myndig».
Men i
I skifte av 28. mai 1753/sak 30 (sitat)
«Etter avdøde Ole Olsen Brynestad i Olden, i live enke Ane Samssondtr som møter i retten med broren Rasmus Samsonsen Sætre.
1 sønn Samson Olsen 8 ½ år.»
Dette tilseier at Ane er datter til Malene Rasmusdtr Sætre og Samson Anderson – kvifor ho ikkje er nemnd i skifte etter Malene Rasmusdtr er litt rart – kanskje fordi ho er jente?? Ser at det same skjer i andre skifter og.
---------------------------------------------------

Dette vart mykje og alt er vel ikkje klart nok sett fram, men eg vil vere glad for alle tips eg får – kva andre fora eg kan evt vende meg til. Det liggt mykje stoff ute på nettet, men alt er ikkje likelett å tyde for meg iallefall.
Med helsing Astrid

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Emne: garden Sætre – bruk Utigard gnr 43/3 i Stryn

Legg inn av gj09903 » 23. februar 2012 kl. 2.53

Her er lenke til skiftet frå 1731: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24223/504/

Det vert nemnt 6 born (som og nemnt i skiftet etter Jacob), først sønene (som skikken var) og til sist to døtre:

Rasmus, Ole, Anders og Abraham (ikkje Absalon) alle Samsonsen
samt Ane Samsonsdatter "nu 22 aar gammel" og Mari (eller "Marj") Samsonsdatter "21 aar"

Her er skiftet etter Jacob Rasmussen på Rake: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24224/481/

Som ein kan sjå, vart Rake skrive "Rache" på denne tida. Dette kan ha ført til samanblanding med Bakke. Også Hendrich Rasmussen står nemnt med Rache som gardnamn og ikkje Bakke.

54698
Innlegg: 6
Registrert: 23. februar 2012 kl. 0.37
Sted: STRYN

Re: Emne: garden Sætre – bruk Utigard gnr 43/3 i Stryn

Legg inn av 54698 » 26. februar 2012 kl. 21.54

Hei! Takk for hurtig svar. No har eg iallefall fått på plass odelsgutten som reiste over fjellet til Rake. Takk for at du omsette det som stod i skifta. Eg er veldig dårleg på gamal skrift. No ventar eg spent på om eg får fleire svar på mine spørsmål.

Svar

Gå tilbake til «Stryn»