Anna Maria Falk

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
7870
Innlegg: 121
Registrert: 21. februar 2005 kl. 23.26
Sted: SANDSTAD

Anna Maria Falk

Legg inn av 7870 » 29. juli 2008 kl. 22.30

Den 2.mars 1834 vart det døypt ei jente i Eid kyrkje. Ho fekk namnet Anna Maria Falk, og var fødd den 25.februar. Foreldra var ikkje gifte. Faren var snekkar Annanias Falk frå Bergen og mora var Anna Magdalena Bakken (det står Bakke i kyrkjeboka). Faren reiste til Tromsø, vart gift og stifta familie der. Mora, som var fødd i Sandviken ved Bergen i 1806, var dotter av sjømann Kristoffer Jakobsen Bakken og kona Anna Maria Rasmusdotter. Begge kom opprinneleg frå Trøndelag. Etter at dotra Anna Marie Falk var døypt i Eid, reiste mora Anna Magdalena tilbake til Trøndelag og vart etter ei tid gift, fekk fleire born og flytta rundt 1850 til Hemnes i Nordland.
Men jenta med det flotte namnet Anna Maria Falk har eg ikkje greidd å finne att - ikkje i Bergen og ikkje i Trøndelag. Kanskje ho vart att i Nordfjord? Om DU veit noko om det, så ville eg bli glad om du ville sende meg eit ord.
Beste helsing
Svein Bertil frå Hitra

Brukeravatar
Svehn Ruskelöv
Innlegg: 2603
Registrert: 31. juli 2012 kl. 10.30
Sted: Sverige

Re: Anna Maria Falk

Legg inn av Svehn Ruskelöv » 27. september 2008 kl. 1.06

Hei Svein!

Er du sikker på om denne jenta Anna Maria levde opp??
Da kanskje det skulle underlette litt i sökingen etter henne,for jeg har forsökt med alle midler,men uten resultat.
Kanskje du skulle pröve med etterlysing i debattforum.

Mvh,Svehn. 8)

Svar

Gå tilbake til «Eid»