Fam. Martinus Olson Starem og Brithe Jonsdtr. - på Stårheim

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Fam. Martinus Olson Starem og Brithe Jonsdtr. - på Stårheim

Legg inn av 20544 » 09 sep 2012 11:57:31

Eg ynskjer opplyningar om Martinus Olson og Brithe Jonsdtr. f. Myrold

I følge bygdeboka Eid-Hornindal
Dei var brukarar av Stårheim i Eid br. nr. 7 frå ca 1784 då han fekk skøyte på br. til ca 1804 då garden vart seld og ein ny brukar bygsla bruket.

I 1801 finn vi familien med følgande barn:
Rasmus (11)
John (4)
Lisbeth (16)
Ingeborg (7)

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =2270#ovre

Same året finn eg dattera Lisbeth konfirmert i Eid
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Eid, Ministerialbok nr. A 3 (1770-1805), Kronologisk liste 1803, side 129.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-130
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 630188.jpg

Kva skjedde så med familien mellom 1801 og 1804 ?
Flytte dei bort eller skjedde det noko anna ?
Eg har ikkje klart å finne nokon av dei blandt døde, konfirmerte eller ektevigde i Eid.

gj00900
Innlegg: 299
Registrert: 03 mar 2005 13:28:57
Sted: FYLLINGSDALEN

Re: Fam. Martinus Olson Starem og Brithe Jonsdtr. - på Står

Legg inn av gj00900 » 10 sep 2012 21:15:36

jeg ser at en Rasmus Martinusen Starem gifter seg i KK i Bergen 16/4-1815, ser i FT 1815 for Bergen at en Ingeborg M bor på samme adresse.

20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Re: Fam. Martinus Olson Starem og Brithe Jonsdtr. - på Står

Legg inn av 20544 » 10 sep 2012 21:39:19

Mange takk Rune!

20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Re: Fam. Martinus Olson Starem og Brithe Jonsdtr. - på Står

Legg inn av 20544 » 10 sep 2012 22:44:53

Tja trur dette kansje er feil mann.
Det var nemleg TO Rasmus Martinusson på Stårheim i 1801.
Tom fedrene deira har same namnet Martinus Olson og begge si mor heiter Brithe !!!

Han eg leitar etter er f. 1790 son av Martinus Olson og Brithe Jonsdtr.
Her i 1801: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =2272#ovre

Den andre er f. ca 1799 og høyrer til i denne familien: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =2065#ovre

Den siste høver med den Rasmus Martinussen Stareim som dør i Bergen 1860, busett i Domkirkens sogn :
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =6827#ovre

Rasmus Martinusen Starem som gifter seg i Korskirken 16.april 1815 er ikkje alder oppgjedd på
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?s ... %2509%25F3

Den Rasmus Martinsen som bur i Domkirkens sogn 18-56 er 24 og og gift med Ingeborg, truleg dei same som vi finn vigde i Korskirken same året.
Ingeborg er riktignok skriven som Martins(datter) i FT-1815 og ved vigsla Ingeborg Martine Larsdtr., men dei er vel truleg same paret.
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... 11263#ovre

Er alderen rett på paret vi finn ved FT-1815 høver det med den Rasmus Martinusson eg leitar etter!


Vanskeleg floke dette....

20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Re: Fam. Martinus Olson Starem og Brithe Jonsdtr. - på Står

Legg inn av 20544 » 10 sep 2012 23:08:47

Og her er kona Ingeborg Martine Larsdtr.død 1845
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... 37589#ovre

Alderen hennar stemmer meir med det som er oppgjedd i FT-1815

Då hallar eg meir til at det KAN være rette Rasmus eg har funne likevel....

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26 aug 2009 19:51:20
Sted: SYKKYLVEN

Re: Fam. Martinus Olson Starem og Brithe Jonsdtr. - på Står

Legg inn av gj09903 » 10 sep 2012 23:57:17

Rasmus Martinussen fødd i 1799, var frå garden Nedre Høynes, og ville vel ikkje utan vidare nytte Stareim som etternamn?
I alle høve vart Rasmus Martinussen, fødd på Høynes i 1799, gift i 1835 (nr. 11): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-134

I skiftet etter faren Martinus Olsen Høynes vart han nemnd som busett på Mandsæt(er): http://arkivverket.no/URN:sk_read/24249/202/
Rasmus Martinussen Mandsæter døydde i 1865: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-303

20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Re: Fam. Martinus Olson Starem og Brithe Jonsdtr. - på Står

Legg inn av 20544 » 11 sep 2012 06:27:57

Sjølvsagt har du rett Inge!

At eg kunne oversjå at han var frå Høynes og ikkje frå Stårheim....?
Eg får skulde på at det var seine kvelden :roll:

Då er det nok rette mannen eg har sjølv om dei har bomma med ti år i kyrkjeboka då han døydde.

Takk for oppklaringa Inge.

Svar

Gå tilbake til «Eid»