Kven var Ole Olsen og Marthe Pedersdtr? (gifte før 1828)

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj07363
Innlegg: 32
Registrert: 22. juli 2008 kl. 18.46
Sted: VOLDA

Kven var Ole Olsen og Marthe Pedersdtr? (gifte før 1828)

Legg inn av gj07363 » 10. august 2008 kl. 13.35

Hei!
Eg har ikkje greidd å finne ut kvar dette ekteparet kom frå og kven som var foreldra deira.
Kanskje einkvan har ei bygdebok, der det står noko om Ole Ols og Marthe Pedersd? (busette på Fløde)

Dei er foreldre til
Torbjørn, f. 10. april 1828:
Ministerialbok - dåp nr 18
Klokkarbok - dåp nr 18
Ministerialbok - konfirmasjon nr 23

Anders, f. 25. juni 1830:
Ministerialbok - dåp nr 54

Brithe Pernille, f 30. juli 1833:
Ministerialbok - dåp nr 56

Anne Lisbeth Stavland
Innlegg: 2474
Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
Sted: BREMNES

Re: Kven var Ole Olsen og Marthe Pedersdtr? (gifte før 1828)

Legg inn av Anne Lisbeth Stavland » 13. desember 2008 kl. 23.29

Hei :)

Har ikkje funne kor dei er ifrå, men har funne fødselsår og dødsår til Ole. Fødd 1796, død 07.02.1867. Fylkesarkivet Sogn og Fjordane/persondata.


fylkesarkiv.no/

Anne Lisbeth :)

Tor Åge Kvien
Innlegg: 88
Registrert: 17. desember 2004 kl. 19.18
Sted: LANGHUS
Kontakt:

Re: Kven var Ole Olsen og Marthe Pedersdtr? (gifte før 1828)

Legg inn av Tor Åge Kvien » 23. desember 2008 kl. 1.50

Dei er ikkje nemnde i bygdeboka under Fløde (Aaland 1943).
Tor Kvien

Anne Lisbeth Stavland
Innlegg: 2474
Registrert: 3. oktober 2008 kl. 18.16
Sted: BREMNES

Re: Kven var Ole Olsen og Marthe Pedersdtr? (gifte før 1828)

Legg inn av Anne Lisbeth Stavland » 23. desember 2008 kl. 12.32

Hei :)

Her er 7 stk Ole Olsen som er fødd i Selje på 1790 tallet. Utifrå at eg tidligare har funne fødselsåret hans til 1796 i Fylkesarkivet i S&FJ og at Torbjørn kan vera oppkalt etter bestemor si (Thorbiør), passer kandidat nr 6. Men det er ikkje 100% sikkert.
Dessverre virka ikkje linken, så eg skriv info.

Ole Olsen fødd 4. sept. 1796. Foreldre Ole Jonsen og Thorbiør Samuelsdatter, Refviken, Selje. (Men det er ikkje 100% sikkert).

Anne Lisbeth :)

gj07363
Innlegg: 32
Registrert: 22. juli 2008 kl. 18.46
Sted: VOLDA

Re: Kven var Ole Olsen og Marthe Pedersdtr? (gifte før 1828)

Legg inn av gj07363 » 9. juli 2012 kl. 12.49

Dette var til god hjelp, trur nok dette stemmer om Ole :)

Kan Marte Johannesdotter vere identisk med Marte Pedersdotter?

Marte J 12 år er på Fløde i Folketeljinga 1801 Mor til Marte J er Marte Gundersd, truleg den same som er gift m Peder Hansson, Marte J kan difor ha kalla seg Marte Pedersd, også.

Marte J gift m Ole Olson og mor til 1. barnet hans (Martha Olava, 20. juli 1826)

Marte P er mor til dei tre neste borna til Ole. (Torbjørn, Anders, Brithe)

Finn inga Marte J død på Fløde før 28.1.1862

Finn ikkje ekteskap mellom Ole og Marte P

Finn inga Marte Pedersdotter død på Fløde, men Marte Johannesdotter er død på Fløde 28.1.1862

Svar

Gå tilbake til «Selje»