Mons Olsen Midgaard, ca 1719 - 1763, kven var han?

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Mons Olsen Midgaard, ca 1719 - 1763, kven var han?

Legg inn av gj15561 » 13. juli 2013 kl. 20.56

Den 29. desember 1743 trulovar ein Mons Olsen Midgaard seg med piken Inger Christensdatter Wiik (1723-1786) frå Vik i Ålfoten.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 2 (1742-1816), Kronologisk liste 1744, side 8.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-9

Desse to busette seg på Midtgård i Måløy og får etterkvart 5 born der; Lars f. 1745, Synnøve f. 1747, Christian f. 1749-78, Inger f. 1753 og Ole f. 1758.

Det har vist seg svært vanskelig å finne ut noko meir om Mons. Finner ingen skifter etter syskjen eller foreldre som plasserar han, ei heller nokon dåpsinnføring sidan han er fødd i det tidsromet det manglar kyrkjebok for i Selje prestegjeld. Det bur ein Ole Simensen 41 år med ein son Jon 8 år på Midtgård i 1701, men om denne Ole er den som også vert far til Mons bortimot 20 år seinare er heller usikkert.

Spørsmålet mitt vert då om nokon annan har klart å finne ut noko meir om Mons og opphavet hans?

Håpar nokon kan hjelpe meg litt med dette.

mvh
Morten Sylte

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Mons Olsen Midgaard, ca 1719 - 1763, kven var han?

Legg inn av gj09903 » 13. juli 2013 kl. 21.45

Far til Mons var Ole Simensen (Torheim?), og mor hans var Ole si tredje kone, Synneve Abrahamsdtr. Ole og Synneve vart gift i 1710 (øverst høgre side): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-68

Her er eit skifte frå 1768 der Mons Olsen sine born er mellom arvingane i skiftet etter Mons sin bror, Simen Olsen på Flister i Selje: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24232/247/

Ole Simensen er mellom mine eigne anar, gjennom dottera Gunilde Olsdtr. frå Ole sitt fyrste ekteskap.

Aaland kallar Mons Olsen for Gotteberg i bygdeboka, men det er nok ei mistyding som kjem av at halvbror til Mons, Joen Olsen, vart busett på Gotteberg. Aaland nemner elles at Mons og Inger fekk firlingar i 1756. Her finn du Mons og Inger i bygdeboka: http://www.nb.no/nbsok/nb/2428ce07288c5 ... ndex=1#315

Skiftet etter Simen Olsen Torheim i 1705 nemner ein son Ole Simensen busett på Skram. Skram er nabogard til Midtgård. Eg trur dette er den same som Ole Simensen Midtgård, men her er eg ikkje heilt sikker. Skiftet etter Simen Olsen Torheim: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24218/108/

gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Re: Mons Olsen Midgaard, ca 1719 - 1763, kven var han?

Legg inn av gj15561 » 14. juli 2013 kl. 17.16

Kva kan ein seie, Inge. Takk føles litt for lite etterkvart. Den hjelpa du har gjeve meg må eg sikkert bruke eit heilt liv til for å gje tilbake litt av. Eg er svært takknemlig!

Ahles Olsdatter var eit namn som kom opp i samanheng med dåp av borna til Mons men eg klarte ikkje plassere henne. Men no er det meste falle på plass. Og kan det vere at skiftet i 1705 som Åland nemner i samband med Vik i Ålfoten der Synnøve Monsdatter gifta seg er plassert? Vel det finn ein vel aldri ut av, men interessant er det iallefall.

Med venlig helsing
Morten

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Mons Olsen Midgaard, ca 1719 - 1763, kven var han?

Legg inn av gj09903 » 28. juli 2013 kl. 22.08

På slutten av skiftet etter Simen Olsen på Torheim vert "Olle Simensen Medgaard" nemnt: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24218/111/
Då er det vel klart at Ole Simensen Midtgård var son til Simen Olsen på Torheim. Men eg skjøner ikkje heilt kva dette skiftet skulle ha å gjere med arveskifter som angår Vik i Ålfoten? Der var det vel dessutan snakk om 1704, og ikkje 1705.

I 1704 var det skifte etter Torlef Olsen på Vik, og det vel truleg dette skiftet Aaland siktar til: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/169/
Her vert m.a. Christen Torlefsen (morfar til Synneve Monsdtr.) nemnt som son og arving.

Om ein skulle ha lyst til å granske vidare kring Mons Olsen si slekt, så viser dette svaret frå statsarkivet i Bergen at Mons Olsen (sameleis som fullbroren Simen Olsen) var i "2. og 3. ledd" i slekt med Simen si kone Gjertrud Olsdtr.: http://forum.arkivverket.no/topic/18599 ... ve-i-1742/

Utifrå det felles skiftet etter Simen og Gjertrud, og ved å samanhalde det med bygdeboka, kan ein sjå at Gjertrud var frå bruk 1 på Indre Drage (dotter til Ole Larsen): http://www.nb.no/nbsok/nb/2428ce07288c5 ... ndex=1#153
Dette hjelper kanskje ikkje akkurat no til å kome noko vidare, men er ein heldig kan kanskje samanhengen dukke opp?

gj15561
Innlegg: 41
Registrert: 15. januar 2012 kl. 13.38
Sted: Fosnavåg

Re: Mons Olsen Midgaard, ca 1719 - 1763, kven var han?

Legg inn av gj15561 » 2. august 2013 kl. 15.35

Inge skrev:Men eg skjøner ikkje heilt kva dette skiftet skulle ha å gjere med arveskifter som angår Vik i Ålfoten? Der var det vel dessutan snakk om 1704, og ikkje 1705.

I 1704 var det skifte etter Torlef Olsen på Vik, og det vel truleg dette skiftet Aaland siktar til: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/169/
Her vert m.a. Christen Torlefsen (morfar til Synneve Monsdtr.) nemnt som son og arving.


Grunnen til å nemne Vik i Ålfoten var at det i 1705-skiftet frå Torheim er nemnt Anders Christensen Wiig frå Ålfoten som bror til Anne Christensdatter, og det at eg meina eg huska Åland nemnde eit skifte frå den tida i samband med Christen Tollefsen Wiig. Sett i lys av skiftet i 1704 ser eg at eg tydeligvis har kome i skade for å lage ein samanheng som ikkje er eksisterande. Det var ikkje min meining og eg beklagar det ... !

Fantastisk kva du har funne og eg er svært takknemlig for at du vil dele det med meg!

mvh
Morten

Svar

Gå tilbake til «Vågsøy»