Lydian Jonson Egge(1889-?) flytta til Stave, Stadtlandet

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj17541
Innlegg: 90
Registrert: 19. desember 2012 kl. 22.04
Sted: Oslo

Lydian Jonson Egge(1889-?) flytta til Stave, Stadtlandet

Legg inn av gj17541 » 4. januar 2013 kl. 1.37

Lydian Jonson Egge vart fødd på Egge i Breim, Nordfjord i 1889.

Han gifta seg med Kanutta Steffendotter, og flytta til Stave på Stadtlandet ifølge bygdeboka for Gloppen og Breim.

Eg lurer på om han fekk barn med Kanutta?
Fekk barna evt. etternavn Stave?
Kva heitte barna, når var dei født?
Veit nokon om der fins nolevande etterkomerar?

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Lydian Jonson Egge(1889-?) flytta til Stave, Stadtlandet

Legg inn av 19879 » 6. januar 2013 kl. 18.26

Godt nytt år!
Her kjem dei opplysningane du spør om, etter tlf.samtale med grannen til familien Egge på Stadtlandet:
John og Kanutta var gift i Gloppen, og fekk ein son der i 1934 eller 35, før
dei kom til Stadtlandet. Han fekk namnet John etter bestefar sin. Kring 19 år gammal vart
han skadd på sjøen og døydde i 1935. Han var det einaste barnet deira.
Eg er leid for å måtte koma med så triste opplysningar.
Med helsing Einar frå Gloppen.

gj17541
Innlegg: 90
Registrert: 19. desember 2012 kl. 22.04
Sted: Oslo

Re: Lydian Jonson Egge(1889-?) flytta til Stave, Stadtlandet

Legg inn av gj17541 » 7. januar 2013 kl. 14.15

Reknar med du meinar han døde i 1955 da og ikke 1935?

Det var jo trist at han døde ung og at der ikke var flere søsken :(
Men tusen takk for opplysningene :D

Men dersom det finnes en familie på Stadtlandet i dag som heter Egge, må vel de være etterkommere etter Lydian, vel?
Korfor ville dei ellers heite Egge?
Kanskje det var slik at naboen du snakka med har budd der samstundes med at dei levde, men at der ikkje er nokon no som heiter Egge?

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Lydian Jonson Egge(1889-?) flytta til Stave, Stadtlandet

Legg inn av 19879 » 7. januar 2013 kl. 21.48

Beklagar feilskrivinga. Jon døydde, etter det grannen opplyste, i 1953,altså ca. 19 år gl.
Min informant hevdar at der er ingen etterkomar etter denne familien på Stadtlandet i dag.
Dei hadde berre denne sonen,som altså døydde i 1953.

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Lydian Jonson Egge(1889-?) flytta til Stave, Stadtlandet

Legg inn av 19879 » 7. januar 2013 kl. 22.14

Eg har berre tlf.kat. frå 2006,og der er ei kvinne i Selje : Gunnhild Egge. Men Egge i Breim er, som du ser, ein stor gard, og breimningare har alle dagar søkt ut. Dei seier du vil finna dei i Konstantinopel med. Men denne familien er altså historie. Om dei skreiv seg Egge eller Stave spurde eg ikkje grannen. Men kanskje du skulle røkja litt etter han som for til sjøs og seinare busette seg i Amerika: broren Johan f. 1885, eller Anne Marie f. 1879 ?
Lukke til. Høyrer gjerne frå deg om du finn opplysningar om dei.
Mvh Einar

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Lydian Jonson Egge(1889-?) flytta til Stave, Stadtlandet

Legg inn av 19879 » 10. januar 2013 kl. 11.00

Har funne dette om Johan Egge,f. 1707-1885:
Heimeverande 1900 - middelskuleelev.
Kom til Amerika 1917. Gift med Karen i Hennepin i Minnesota.
1920: busett i Williams, North Dakota.
1930: busett i Brown,South Dakota. I hushaldet er Elsie Egge.
1940: busett Inglewood, Los Angeles,California. Ser ut for at han kom dit 2704-1928.
- arbeidar - med eige hus,verd 2000. Medlemer av familien:
John Egge (54), Jean Egge (11), Margaret Jenkins (52).
1960: Døydde John Egge i L.A., California.

I amerikanske folketeljingar er han skriven Johan,John,Johan Johnson,Johan Easten
(Esten)Egge.

Systera Anne Marie er dpt. i 1894 i Breim. Elles har er ikkje funne henne.

Mvh Einar

19879
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2006 kl. 11.17
Sted: ØYSTESE

Re: Lydian Jonson Egge(1889-?) flytta til Stave, Stadtlandet

Legg inn av 19879 » 12. januar 2013 kl. 15.10

Opplysningar om Anne Marie Johnsdtr. Egge: Heimeverande i 1900, tente på br.nr.1 på Kleppe i Breim i 1910, framleis ug. Då skriven Anna J. Egge. Er det alt vi får vita om henne tru?
Einar

gj17541
Innlegg: 90
Registrert: 19. desember 2012 kl. 22.04
Sted: Oslo

Re: Lydian Jonson Egge(1889-?) flytta til Stave, Stadtlandet

Legg inn av gj17541 » 26. januar 2013 kl. 20.15

Tusen takk for opplysningane om Johan Egge.
;-)
Eg hadde ikkje kommet så langt at eg hadde begynt å leite etter han.
Visste bare at han blei sjømann og at han emigrerte til Amerika, men ikkje meir.
Då virker det klart at han fekk døtre, men foreløpig er det ingenting som tyder på at han hadde nokon søner?
Skulle gjerne vore meir sikker på korvidt der fins noen sønner, siden eg kartlegger farslinja mi og prøver å finne alle greinene av den.
Lurer på om der fins nokon måte å være sikker på om han fikk sønner eller ikkje?
Må vel evt. ta kontakt med nolevande etterkommere i USA for å vite sikkert?

Svar

Gå tilbake til «Vågsøy»