leitar etter abraham hanson brukar 1690 ytre torheim

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj08134
Innlegg: 2
Registrert: 21. januar 2009 kl. 22.41
Sted: DAVIK

leitar etter abraham hanson brukar 1690 ytre torheim

Legg inn av gj08134 » 21. januar 2009 kl. 22.47

Er på leiting etter Abraham Hanson og kvar han kom i fra, Leitar og etter informasjon om kona til Chrestaphore sonen hans.
Legg ved det eg har av opplysningar om dei og håpar at det er nokon her som har komt over desse navna..

Informasjon om Abraham Hanson:

I følge Jacob Aaland, bygdebok for Davik, budde Abraham Hanson i 1690 på bruk no 2 på Ytre Torheim (Eid/Davik) I folketellinga i 1701 var han 41 år og budde på Ytre Torheim. Han må han flytta fra Torheim. Var det då Abraham Hanson som vart brukar i Gjesdal, Davik og fekk bygsel der 07.07.1730? Abraham Gjesdal var gravlagd 13.07.1749, 97 år gammal. Eg trur han var gift fleire gangar, men vår ættemor var nok siste kona Christi Christensdatter, fødd ca 1674 frå Vik i Ålfoten, Davik. Christi døyde i Lida, Davik 15.04.1758. Sonen Chrestaphor budde då der.

I stiftsamtmannens arkiv, Gloppen kompani i 1734 finn vi frå Ytre Torheim m.a. Simon Abrahamson 29 år ( brukar i Gjesdal) og Chrestaphor Abrahamson 23 år. (Kristoffer)

Eg leitar og etter foreldra til Abraham Hanson og kvar han kom i frå?

Chrestaphor Abrahamson ca 1711 – 1790. Han fann vi i nokre militære rullar i fogdearkivet. I 1740 var han i rulle for Gloppen kompani. Han var då frå garden Torheim i Ålfoten og fødd i 1711. Han var bondesønn, ugift og budde då på garden Lund i Eid. I følge pantebok for Nordfjord, 6 folie 51; Skjøte fra Anne Paulsdatter Glad til ærlige og mandhaftige soldat Christopher Abrahamson og hans tilkommende hustrue på Lien i Davigen…. Datert 31.03.1746

Chrestaphore gifta seg den 19.06.1746 med Cathrine Ellingsdatter ib. Vitner var Jens Pedersen Færestrand og Iver Iversen Gjesdal

Sidan Iver Iversen Gjesdal er vitne for Chrestaphore er det godt mulig at det er faren Abraham Hanson som flytte til Gjesdal.

Har ikkje funne Cathrine Ellingsdatter nokon plass og finn heller ingen samanheng med vitnet Jens Pederse Færestrand (Vågsøy) veit heller ikkje kva skikken var før med hensyn til vitner, var det slekt eller bekjente som var vanleg?

Svar

Gå tilbake til «Bremanger»