Gjert Anderson fødd i Nordfjord i 1720-åra

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
Erling Osvald Hagerup
Innlegg: 1
Registrert: 28. oktober 2022 kl. 21.40

Gjert Anderson fødd i Nordfjord i 1720-åra

Legg inn av Erling Osvald Hagerup » 8. november 2022 kl. 18.17

I sjømannsrulle 1773 for Romsdal, "Lade- og Strandsidder-Pladsene", er det under Bud fiskevær ført inn ein "Giert Andersen", 48 år gammal, og fødd i Nordfjord.(Nr. 18 i protokollen s. 179.) Dersom han i 1773 var i sitt 48. år (dvs. fylt 47 år), kunne han ha vore fødd rundt 1726 (eventuet 1725 dersom han hadde fylt 48 år).

Giert Andersen 48 aar

Det ser ut til at Gjert Anderson kom til Bud som lærar seinast rundt 1755. Han vart då nemnt der som "Skolemester". Rundt 10 - 12 år seinare var han lensmann i Bud. Han døydde der i 1803. I folketeljinga 1801 heiter det at Gjert var 74 år, "Enkemand", "lever af Fiskerie". Om alderen 74 år i 1801 var korrekt, kunne Gjert ha vore fødd rundt 1727/1728. 

Eg skulle gjerne hatt fleire opplysningar om opphavet og fødestaden til Gjert, og om fødselsåret hans.

Eg har leitt i kyrkjebøkene utan å finne noko om dåpen eller konfirmasjonen hans.

Etter det eg kan sjå var det i 1720-åra 4 prestegjeld i Nordfjord: Selje, Eid, Innvik og Gloppen, og i tillegg eit sokn under Kinn prestegjeld: Bremanger.

Selje manglar kyrkjebøker for tida 1715-1731. I kyrkjeboka 1731-1743 for Selje finn eg ingen opplysningar om konfirmasjonar.

Både Eid og Gloppen har kyrkjebøker for det aktuelle tidsrom, men eg finn ingen Gjert (Andersen) der i dei aktuelle åra.

I Innvik er eldste kyrkjeboka frå 1750.

I kyrkjeboka for Kinn finn eg to Gjert, men ingen fødd i Nordfjord, Bremanger. (Den eine Gjert i Kinn var døypt i 1724 i Florøy, og den andre i 1711 i Svanøy. Ingen av desse to kan vere identiske med Gjert Anderson i Bud frå 1755. Den Gjert som var fødd i Svanøy i 1711 må ha vore fødd for tidleg, og den Gjert som var fødd i 1724 i Florøy, måtte ha farsnamnet Valentinsen (han var son av Valentin Høvik).

I "Rulle over sjølimitter" Bremanger sokn 1745 finn eg på s. 160 (ved "Lægsmændenis Nafn", nr. 4, Augustinus Augustinussen, i rubrikken unge mannskap 1 - 16 år) ein "Giert Anders.", 16 år.

Ruller over sjølimitter 1745 Bremanger sokn

Dersom denne Gjert hadde fylt 16 år i 1745 kunne han ha vore fødd rundt 1729. Kunne denne Gjert i Bremanger 1745 vere identisk med den Gjert som seinare flytta til Bud? Har nokon kjennskap til desse Gjert'ane, eventuelt frå skifte m.m.?
 
 

Svar

Gå tilbake til «Bremanger»