Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn08004 » 22. oktober 2013 kl. 17.32

Hei!

Eg prøvar å finne rein farslinje for ein Johannes Andreas Forde, som emigrerte til USA. Han vart fødd utanomekteskapleg i 1863 i Førde, med faren Andreas Andreasson Høgset og Anne Johannesdotter Skei. Her er dåpen.

Eg lurer altså på om nokon veit kvar Andreas Andreasson Høgset kom frå, og kanskje nokon har farslinja hans vidare bakover?

Håpar på svar! :)

Mvh
Gunnar SA

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn03738 » 22. oktober 2013 kl. 18.23

Det er nok snakk om Hukset i Naustdal, typisk kalla Høisæter eller liknande.

Naustdal bygdebok bd. 2, s. 850, Hukset, plassen Slettevollen:

1841 til kr. 1870
Andreas Ivar Andersson f. 1818 på Vatne bnr. 1, d. 1898 på Furehaugen. Gift 1840 med Berta Maria Nilsdotter f. 1809 på plassen Ekrehogen på Horstad.
Born:
a. Gabriel Kornelius f. 1840, d. 1923, neste brukar.
b. Andreas Olai f. 1842. Gift 1874 i Bergen med Karolina Andrea Dahl frå Kinn.
c. Ola Matias f. 1844, d. 1845 på Hukset.
d. Abel Martin f. 1845, d. 1845 på Hukset.
e. Oliana Guri f. 1847, d. 1937. Oliana fekk i 1877 eit barn, Henrikke Bertina, med Ola Gunnarsson Naustdal. Henrikke vart i 1904 gift med Botolv Andersson Lyngset frå Leikanger, men ho døydde berre ei veke etter giftarmålet.
f. Oliana f. 1848 d. 1867 på Brufloten.
g. Andrea Helena f. 1853.

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn03738 » 22. oktober 2013 kl. 18.28

Naustdal bygdebok bd. 1 s. 433, Vatne bnr. 1:

1804 til 1857
Anders Madsson f. kr. 1779 i Løvika (sjå Apalset bnr. 1), d. 1857 på Vatne. Gift 1. 1805 med Gjø Andersdotter f. 1785 på Vatne, d. 1854 på Vatne. ...
Born:
...
e. Andreas Ivar f. 1818, gift 1840 på Vatne med Berta Maria Nilsdotter Horstad, d. 1898 på Furehaugen, bst. plassen Slettevollen på Hukset.
...

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn03738 » 22. oktober 2013 kl. 18.32

Naustdal bygdebok bd. 1 s. 154, Apalset bnr. 1:

1760 til 1763
Mads Ivarsson f. 1731 i Løvika, d. 1787 i Løvika. Gift 1. 1761 med Rakel Rasmusdotter f. 1740 på Vevring bnr. 4, d. 1820 i Løvika. Dei overtok gardsbruk i Løvika.
Born nemnde i skiftet etter Mads:
...
i. Anders f. kr. 1779 ...
...

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn03738 » 22. oktober 2013 kl. 18.36

Løvika er no i Askvoll og er behandla i bygdebøkene derifrå. Dei har eg ikkje.

tk

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn03738 » 22. oktober 2013 kl. 18.43

Skifte i Løvika 1761 etter avdøde ektefolk Iver Mortensen og Henricha Madsdatter (høgre side, nede til høgre):

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Svanø birk tinglag, Skifteprotokoll A 13a , 1742-1763, oppb: Statsarkivet i Bergen.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24201/265/

Barn nr. 2 var
Madz Iversen boer paa Apildset

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn03738 » 22. oktober 2013 kl. 18.54

Vigde i juli 1728, høgre side høgt oppe:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1728, side 8.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-8

Iver Mortensen Løevig (?) og Hendricha Madsdatter Aalen

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn03738 » 22. oktober 2013 kl. 19.00

Ein Morten Tollefsøn 54 år i Løvika 1701:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =3080#ovre

Ikkje ung, men kan ha blitt far til Ivar.

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn08004 » 11. november 2013 kl. 20.29

Tusen takk! Her var det mykje nytt sidan sist eg logga meg inn! :)

Du kan kanskje oppklare noko eg lurer på i samband med Andreas Andreassen. Grunnen til at eg stussa mest i utgangspunktet var den jenta han fekk born med, Anne Johannesdatter frå Skei. Eg ser at Skei er ein nabogard til Hukset, men eg fann ikkje ho i bygdeboka på bokhylla.no. Der var ei Anne Johannesdotter, men det stemde ikkje med alderen. Der var vel også ein gard som heitte Skei i Førde sentrum (i følge finn.no sine kart), og ein av fadderane - og han som melde frå om graviditeten - var frå Hafstad, rett over elva. I tillegg er der ein gard, Høgset, ved Holsavatnet i Førde. Kan denne Andreas Olai Andreassen som du har funne i bygdeboka vere ein annan enn han som fekk born med Anne Johannesdotter? Også med tanke på at bornet, Johannes Andreas tok namnet Forde/Førde då han reiste til Amerika. Det stend kanskje i bind 1, eller i ei bygdebok for Førde? Den er i sofall ikkje på bokhylla.no.

Takk, nok ein gong! :)

Mvh.
Gunnar

dn08004
Innlegg: 120
Registrert: 7. februar 2011 kl. 20.01
Sted: VOLDA

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn08004 » 11. november 2013 kl. 23.24

Når det med fadderen er sagt, ser eg at ein av fadderane var frå Jonstad, nabogarden til Skei i Naustdal. Men endå viktigare, Severine Johannesdotter Schei gjev oss eit hint som ei mogleg syster til Anne. Ho finn eg fødd i 1843, som dotter av Johannes Nilsson og Brita Simonsdotter Førde - og der kom Førde-namnet inn. Desse får fleire born: Anne Sofie (1826), Ide Anne Marie (1828), Anne Helene (1835) og Severine (1843). Med dei tre fyrste bur dei på Hjelle, rett aust for Førde. Med Severine bur dei på Førde. Av fadderane ser vi fleire frå Skei i Naustdal, men og frå Førde-området, så her har det vore ei slekt med tette band til begge dalane.

Takk for granskinga bakover, Torodd! :)

dn31149
Innlegg: 1
Registrert: 18. november 2013 kl. 18.55
Sted: Førde

Re: Bygdebokoppslag, Andreas Andreassen Høgset

Legg inn av dn31149 » 18. november 2013 kl. 19.10

John (Johannes Sioahola) FORDE (sioahola Betyr Sjøhola og ligg ved garden skei i Førde
Birth 29-JUN-1863 in Forde, Sunnfjord, Norway
Death 16-OCT-1943 in Lake Mills, Iowa

Gift Med

Synnove Severina Ingeabrigtsdtr KINDEN (Kinden er sannsynleg Kinna rett utanfor Førde
Birth 12-NOV-1850 in Forde, Sunnfjord, Norwa
Death 2-FEB-1930 in Lake Mills, Iowa

Fekk Ein Sønn


Selmer (Sam) Jayhard FORDE
Birth 4-AUG-1908 in ,Worth Co.,Iowa
Death 2-FEB-1986 in Harlan,,Iowa

Kan prøve og fiine ut noko meir.. send mail til frank.o.oen@gmail.com

Svar

Gå tilbake til «Naustdal»