Bernt/Berent Nilsson Jelle

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Bernt/Berent Nilsson Jelle

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 26. januar 2012 kl. 10.37

Er det nokon som kan gje meg opplysningar om kven Bernt Nilsen Jelle som gifter seg i Førde med Helene Rognaldsdtr. Qvame den 15.08.1832 var?
Par nr. 11: Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1842), Ekteviede 1832, side 344.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-293

Som forlovarar hadde dei Ludvig Nielsen Førde og Johannes Nielsen do. som begge var søner til Nils Madsen og Alette Andersdtr.

Eg har lett etter dåpen hans i Førde og trudde han var son til Nils Madsen f. Hornes og Alette Andersdtr. f. Terve på Hjelle/Førde i Førde, men eg kan ikkje finne at dei har hatt ein son Berent/Bernt til dåpen i Førde.

Det er ikkje skifte etter Nils Madsen d. 1840 eller Alette Andersdtr. d. 1817 så det er ikkje hjelp å få der heller.

Einaste Bernt/Berent Nilsen eg kan finne f. i Førde i høveleg tid er døypt 21.12.1800 son til Niels Rasmussen Vie og Alet Olsdtr. og eg ser han har m.a. Helge Andersdtr. Terva som fadder. (kan ho være syster til Alette ?)

Svar

Gå tilbake til «Førde»