Hei Svehn.
Det tok si tid før eg fekk svare deg, men her er det eg fant i bygdeboka for Jølster under Nedrebø (Nærbøe) om Daniel Sørensen og Søren Danielsen og deira nære familie.
Litt rotete oppstilt, men det er like "rotete" opplista i boka!!!
-
Skifte 1730 etter Søren Daneielsen "Nærbøe" til enka Brite Andersdtr. og barna deira Daniel og Ane. Lagverge for Daniel var farbroren Jens Danielsen Ålhus og klokkaren Per Sørensen Solheimsnes var lagverg for Ane.
-
1722 brv. (brurvigd) Søren Danielsen og Brite Andersdtr.
Det ser ut for at Søren Danielsen sin far Daniel Sørensen var klokkar i Jølster for i 1708 la svigerfaren hans Simon Nedrebø opp sak mot han for brot på avtale : "at Simon let han få halve jorda si i Nedrebø og at Simon då skulle få halve klokkarjorda Solheim i 3 år; og i den tid skulle klokkaren hjelpe værfaren og den sjuke kona hans. - Simon vann ikkje styre Solheim i to år og klokkaren baud han då ein åker til ei tønne utsæd. Retten dømde klokkaren til å gje Simon 8 tønner korn med 3 våger pr tønne, eller 8 dalar i pengar".
- "
1706 Tnglese bygselsetel til klokkaren Daniel Sørensen på 1 pund 6 merker Naustdalkyrkjejord frå stiftsskrivaren Hermand gaardmand 11. mai 1766"
- 1711 : "Klokkaren Daniel Søfvrensen med sin Hustrue - . med mange smaae børn, hadde bondegaard (som han fekk av værfaren) og levde som ein bonde og stod seg ikkje god, skreiv presten"
- 1717 i ei tingvitning er det nemt at Daniel Sørensen var død
- 1731 skifte etter Malene Simonsdtr. til enkemannen Olav (Ole) Sjursen og barna hennar med Daniel:
- Søren Danielsen, død - hadde barna Daniel og Ane
- Jens Danielsen, gift
- Klaus Danielsen, 22 år
- Sakris D. (Sakarias), 19 år
- Danilde Danielsdtr. 15 år.
I 1778 ser det ut til at Sakarias Danielsen bur på Haukeland i Fana.
*****
Brite Andersdtr. gifte seg tydeligvis oppatt med Simon Person (Pederson) for det er skifte etter han i 1765 til enkja Brite Andersdtr og barna:
- Søren Simonsen i Bergen
- Daniel, myndig
- Jens, 21 år
- Pernille gm. Rasmus Simonson Eikås
- Margrete gm. Nils Nilsson Øvrebø
I Juli 1771 skifte Brite med borna sine. Dei var då:
- Daniel Sørensen, busett på Møhlenpris ved Bergen
- Anne Sørensdtr. gift med Anton Sakariassen på Brattland sør for Bergen
- Søren Simonsen, busett i Bergen
- Daniel Simonsen , busett på Nedrebø
- Jens, myndig - prestedreng i Jølster
- Pernille
- Margrete
Brite Andersdtr. døde 1778.
I 1779 budde Jens Simonson "nær Bergen" og systra Pernille og mannen Rasmus Simonson budde på Hegrenes i Jølster.
Mvh Harald.