Marita Jonsdotter Grøneng (Hatlestad)

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj21119
Innlegg: 3
Registrert: 5. februar 2014 kl. 17.50
Sted: Bergen

Marita Jonsdotter Grøneng (Hatlestad)

Legg inn av gj21119 » 7. februar 2014 kl. 1.30

Hei. Denne gongen lurer eg litt på foreldra til ho her:
Marita Jonsdotter Grøneng (f. Hatlestad, d. 1746), gift med Ingebrigt Johannesson Grøneng

Ei slektstavle vi har i slekta fortel at faren heiter Jon Monsson Kvammen. Eg går utifrå at Kvammen er fødenamnet hans, og så at han seinare har gifta seg til Hatlestad i Gaular. Eg finn nemleg denne oppføringa i manntalet frå 1701: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... 5&merk=875 . I tillegg finn eg ein 10-åring som truleg må vere han under manntalet 1664-66: http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/35520/68 . Er det andre som har kjelder som støttar at alt dette er same personen? Bygdeboka?

Når det gjeld mora, har ulike kjelder ulike namn. Slektstavla vår og Geni.com har Siri Hansdotter Hatlestad som mor, medan denne sida har Gjø Hansdotter Hatlestad som mor, med bygdebøkene for Førde og Gaular som kjelder: http://www.users.ties2.net/~tenneyl/Moe ... .htm#i5599 . (Likevel finn eg ikkje dette i bygdeboka for Førde.) Er det nokon som har andre kjelder som kan avklare dette?

dn20985
Innlegg: 83
Registrert: 30. januar 2007 kl. 1.42
Sted: SANDE I SUNNFJORD

Re: Marita Jonsdotter Grøneng (Hatlestad)

Legg inn av dn20985 » 9. mars 2015 kl. 22.30

Mulig du skal se i Bygdebok for Gaular, Viksdalen sokn, og under gården Kvamen. Mulig du vil komme ett steg nermere da.

Svar

Gå tilbake til «Gaular»