Torstein Johannesson Lyngstad (ca. 1643-1722)

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj21119
Innlegg: 3
Registrert: 5. februar 2014 kl. 17.50
Sted: Bergen

Torstein Johannesson Lyngstad (ca. 1643-1722)

Legg inn av gj21119 » 5. februar 2014 kl. 19.13

Hei. Lurer på om bygdebøkene for Gaular eller andre kjelder har noko meir info om denne karen:

Torstein Johannesson Lyngstad (ca. 1643-1722), frå Lyngstad i Gaular
Gift 1. gong med NN Olsdotter Grøneng, busett i Haukedalen i Førde
Gift 2. gong med Anne Sjursdotter Vie (ca. 1648-1725), busett på Mo i Førde
Sist redigert av gj21119 den 7. februar 2014 kl. 0.18, redigert 1 gang totalt.

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Johannes Torsteinsson Lyngstad (ca. 1643-1722)

Legg inn av gj09903 » 6. februar 2014 kl. 19.06

Eg reknar med at det er Torstein Johannesson du ynskjer opplysningar om, jfr. Førde bygdebok 1, s. 56: http://www.nb.no/nbsok/nb/6e5e9a49b7411 ... index=0#57

I 1701-manntalet er han (Tosten Johansøn) på Grøneng: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... 3131#nedre

Torstein er nemnt mellom arvingane i skiftet frå 1693 etter mora Ingebor på Lyngstad (høgre side):
Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Lenet tinglag, Skifteprotokoll A 2a , 1687-1697, oppb: Statsarkivet i Bergen.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24185/150/
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 630150.jpg
I dette skiftet vert og nemnt den avlidne sin enkemann Elling Andersson, samt døtrene Marite og Ma(n)gnilde Johannesdøtre og Ingebor Ellingsdtr.

gj21119
Innlegg: 3
Registrert: 5. februar 2014 kl. 17.50
Sted: Bergen

Re: Johannes Torsteinsson Lyngstad (ca. 1643-1722)

Legg inn av gj21119 » 7. februar 2014 kl. 0.51

Inge skrev:Eg reknar med at det er Torstein Johannesson du ynskjer opplysningar om, jfr. Førde bygdebok 1, s. 56: http://www.nb.no/nbsok/nb/6e5e9a49b7411 ... index=0#57


Sjå der hadde eg klart å byte om namna, beklagar det! Du må ha tusen, tusen takk for det du fann fram der!

Elles eg litt ny i gamet og ikkje så altfor god til å lese gotisk skrift, så eg lurer på om det står kva faren til Ingebor(g) på Lyngstad heiter der. Står det ikkje ...dotter etter namnet hennar?

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Johannes Torsteinsson Lyngstad (ca. 1643-1722)

Legg inn av gj09903 » 8. februar 2014 kl. 8.56

Det står eit namn etter Ingebor, men det er ikkje lett å tolke kva som er meint. Utifrå teksten ser det ut som det står dognels datter.
I skifteregisteret er ho registrert som Ingeborg Danielsdtr. I boka "Gardssoga for Gaular", er ho nemnt som Ingeborg Dognaldsdtr. (sjå bnr. 3): http://www.nb.no/nbsok/nb/d20e5f1eef599 ... index=0#77

Eg ser at det i denne gardssoga (som i manntalet for 1701), er nemnt fleire med namnet Dognald/Dagnald. På side 81 under Tjønneland står "Dognald Olson (Dognild, Daniel)....."

Harald L. Bakke
Innlegg: 950
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Johannes Torsteinsson Lyngstad (ca. 1643-1722)

Legg inn av Harald L. Bakke » 9. februar 2014 kl. 8.06

Eg trur helst det skal være Rognaldsdtr. - Rognald var eit vanelg namn i Sunnfjord.

Brukeravatar
Else Berit Rustad
Innlegg: 17941
Registrert: 3. november 2006 kl. 9.10

Re: Johannes Torsteinsson Lyngstad (ca. 1643-1722)

Legg inn av Else Berit Rustad » 9. februar 2014 kl. 9.46

Mulig det skulle vært Rognaldsdatter, men i lenken til skiftet står det tydelig Dognels Datter (men med små forbokstaver)

Mvh
Else B.

Svar

Gå tilbake til «Gaular»