Johanne Pedersdatter Birknæs

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
Bjarne Husevåg
Innlegg: 96
Registrert: 5. februar 2005 kl. 3.27
Sted: DEKNEPOLLEN

Johanne Pedersdatter Birknæs

Legg inn av Bjarne Husevåg » 4. juli 2005 kl. 4.26

Mi oldemor Johanne Pedersdatter Birknæs f. 15.10 1859 i Byrknes, datter av Peder Thrulss. Birknæs og kone Oline Hansdatter, gifta seg med Abel Olai Steffensøn Olsbø frå Rugsund i Nordfjord 18.7.1887. Eg leiter etter syskjen og aner til Johanne. Frå folketeljinga i 1865 finn eg familia på garden Birknæs i Eivindvig prestegjeld. Dei er då 6 syskjen. Vidare finn eg at broren Hans er flytt til Bergen i 1883, broren Peder (f 1866) flytta til Bergen i 1892, systera Elisabeth (Lisbeth) flytta til Lindås i 1898. Dei tre siste,Andreas Peders, Berthel Peders og Jørgine Pedersda finn eg ikkje noko om. Johanne måtte og på eit eller anna vis ha vore i Bergen, for det var der ho trefte Abel, som gjekk i bakarlære hjå Martens. Johanne melde flytting frå Eivindvik til Rugsund i Juni 1887, og bestemor mi vart fødd i Oktober same året.

Kan nokon hjelpe meg med kor denne familia vart av?

Med helsing
Bjarne Husevåg
6718 Deknepollen

epost: bjarne.husevag@adsl.no

dn06606
Site Admin
Innlegg: 1088
Registrert: 10. oktober 2004 kl. 18.39

Re: Johanne Pedersdatter Birknæs

Legg inn av dn06606 » 4. juli 2005 kl. 23.27

Du finner litt om disse menneskene i boka Gulen i gammal og ny tid III, Gards- og ættesoga; Ivar Kleiva; Gulen kommune 1996 på side 250 og side 256-7 om Byrknes. Hvis du ikke har tilgang til boka kan jeg legge inn noe av informasjonen her når jeg får litt tid.
mvh Jan

Bjarne Husevåg
Innlegg: 96
Registrert: 5. februar 2005 kl. 3.27
Sted: DEKNEPOLLEN

Re: Johanne Pedersdatter Birknæs

Legg inn av Bjarne Husevåg » 5. juli 2005 kl. 1.16

:lol:
Takk skal du ha for hjelpa so langt. Eg skal bestille boka på biblioteket i morgon den dag.

mvh
Bjarne

Svar

Gå tilbake til «Gulen»