Hovland, Kinn Eikefjord

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
gj04151
Innlegg: 7
Registrert: 24 des 2006 01:37:27
Sted: SYKKYLVEN

Hovland, Kinn Eikefjord

Legg inn av gj04151 » 30 des 2006 00:09:00

Nokon som kan hjelpe meg med opplysningar om korleis det gjekk seinare i livet med

Salamon Andersen Hovland f 1896 i Eikefjord i Kinn
Har funne ut at han var døypt i 1911 og fekk att. 14/9 23 (ekteskap)
Men så er det full stopp for ein nybegynnar som meg.......

gj04217
Innlegg: 1
Registrert: 03 jan 2007 16:06:46
Sted: RUGSUND

Re: Hovland, Kinn Eikefjord

Legg inn av gj04217 » 03 jan 2007 20:51:14

Asbjørn Hovland skrev:Nokon som kan hjelpe meg med opplysningar om korleis det gjekk seinare i livet med

Salamon Andersen Hovland f 1896 i Eikefjord i Kinn
Har funne ut at han var døypt i 1911 og fekk att. 14/9 23 (ekteskap)
Men så er det full stopp for ein nybegynnar som meg.......


Hei!

Salamon Andersen Hovland er min farfars bror.(Ansgar Andersen Hovland.)
Eg har ikkje så svært mange opplysningar om han, men noko har eg da...

Fødd 3/11- 1896, konfirmert 1911, men når og kvar han gifta seg veit eg ikkje, men han gifta seg med Helmi..?..fra Åbo i Finland, dei budde truleg i Eikefjord ei tid, men så reiste Helmi tilbake til Åbo, med et barn og et underveis.
Salamon reiste til Kirkenes(Sør-Varanger) i 1934, der han bygde båtar.

I 1944 reiste han til Åbo og henta familien med seg til Kirkenes, og der budde han og Helmi til Salamon døde i 1975, han enda sine dagar da han skulle ta ein prøvetur med ein nybygd båt, og fekk ein storm over seg..

Helmi reiste deretter til Amerika, til borna som hadde utvandra før, og der budde ho til ho døydde i1997.Helmi var fødd 13/3-1902.

Barna til Salamon og Helmi er Anja og Heikki, alderen er eg uviss på, men dei er iallfall fødd før krigen.

Dei bur i California.

Dette er det eg veit om familien, håpar det er ei hjelp!

Mvh. Anja Vingelven.

gj04151
Innlegg: 7
Registrert: 24 des 2006 01:37:27
Sted: SYKKYLVEN

Re: Hovland, Kinn Eikefjord

Legg inn av gj04151 » 03 jan 2007 23:52:41

Takk for opplysningane.
Vil gjerne vite meir dersom det er andre som har noko å tilføye.
Salamon var min " ukjente" farfar.

Svar

Gå tilbake til «Flora»