Etterlysning Solem + Søndalen Ca. 1800

Moderator: MOD_Sogn_og_Fjordane

Svar
Per Helge Kvistad
Innlegg: 17
Registrert: 18. juni 2006 kl. 23.16
Sted: FØRDE

Etterlysning Solem + Søndalen Ca. 1800

Legg inn av Per Helge Kvistad » 18. juni 2006 kl. 23.27

Kjenner nokon til forfedre til Carsten Larsen Solem (1803 - 1881) og kona Agnete Olsdtr. Søndalen (1798 - 1880), foreldre til Rachel Cornelia C. Solheim (1838 - 1900)?

Brukeravatar
16531
Innlegg: 19
Registrert: 21. november 2004 kl. 0.26
Sted: FLORØ
Kontakt:

Re: Etterlysning Solem + Søndalen Ca. 1800

Legg inn av 16531 » 19. juni 2006 kl. 21.57

I Gamalt og Nytt frå Norddalsfjord, av Arent Midtbø, står det på s. 66 om Bjørnsettunet på Solheim:
Lars Rognaldson Solheim (d. 1775), skiftet etter han var i 1775, g.m Kari Simonsdtr. (f. 1864, d. 1839[NB!!]).
Barn:
Ola Larsson f. 1745, fekk bruket.
Synneve, g.m Ole Storøen.
Karen, g.m Gjert Solheim

Ola Larson Solheim (f. 1745, d. 1836), g. i 1775 med Synneve Martinsdtr., f. 1746.
Barn:
Lars, f. 1775, fekk bruket.
Kari, f. 1755.
Karsten, f. 1782. Ein son, Anders, f. 1834, g. i 1836 m Ragnhild Johannesdtr. Havikbotn, f. 1813.
Mari, f. 1786.
Anders, f. 1787, d. 1798.
Gjert, f. 1788, d. 1798. (Anders og Gjert drukna i Solheimsvatnet.
Anna, f. 1791.
Synneve, f. 1796.

Lars Oleson Solheim. (f. 1773, d. 1850), g.m Trine Pedersdtr.
Barn:
Karsten Larsson Solheim, f. 1800, d. 1861.
Synneve.

Karsten Larsson Solheim (f. 1800, d. 1861), g.m. Agnete Olesdtr. Sundal (f. 1798, d. 1880).
Barn:
Ludvig Olai, f. 1825, d. 1840.
Katrine, f. 1826, d. 1914.
Anne Katrine, f. 1827, g. i Myra, Midtbø.
Ola Johannes, tok over bruket.
Helene Sofie, f. 1831, g.m. Arne Andreasson Bjørnset.
Sara Oline, f. 1834, d. 1912. g.m. Aksel Matias Simonson Nordal, f. 1842.
Korneilius, f. 1836, d. 1836.
Rakel Kornelia, f. 1837, g.m. Bendik Høydal. Han vart spedalsk.
Lydia, f. 1841, d. 1841.
Ludvig Kornelius, f. 1843.



Forfedrene til Agnete Olsdtr. finn eg ikkje heilt ut av, men nokre er klart nemde i heftet.

På s. 33, Sundal, Bruk 2.
....bruket gjekk over til ein mann frå bruk 1 i Sundal: Rasmus Martinson Sundal. Han vart gift med Aalet Mortensdtr., f. 1746, d. 1829. Dei hadde 4 barn: Martin, f. 2774, Eli, f. 1772, Ole, f. 1770 og Margrete, f. 1768 konf. 1786.

Ole Rasmusson fekk bruket etter faren - skøyta 1793. Han var g.m. Sara Andersdtr. f. 1761, d. 1856. Han vart til vanleg kalla Aalet-Ola etter mora. Han var ein stor og kraftig kar, ho var lita, og han var ofte lei mot henne vart det fortalt. Dei hadde desse barna:
1. Rasmus f. 1793, g.m. Oline Pedersdtr. Solheim. Dei budde i Knudsvika og hadde ei dotter, Anne Oline, f. 1827.
2. Anders f. 1795, g.m. Synneve Pedersdtr. Solheim, f. 1787. Dei busette seg i Vaagen.
3. Agnete f. 1798, g.m. Karsten Larson Solheim.
4. Abigal f. 1800, g.m. Ole Knutson Synnervåg. Mannen var spedalsk og døydde av det. Kona vart g.m. Samson Henrikson Aarebrot.
5. Pernille f. 1807, d. 1887, g.m. Kolbein Abrahamson Tirdal som tok over bruket.
6. Aksel f. 1805, d. 1856. Han bygsla bruk på Toene, Midtbø.
7. Johannes f. 1808, d. 1839.
8. Peder f. 1809, d. 1901, g.m. Anna Abrahamsdtr, Tirdal.
9. Malene f.1813, konf. 1730 [NB!!]. Ho vart g. i Bergen.


Heftet Gamalt og nytt frå Norddalsfjord, Slekts- og Bygdesoge ved Arent Midtbø er truleg gitt ut 1983-84. Utgjevarane har skrive under på føreordet i september 1983. Heftet finst på Flora Folkebibliotek.
Helsing Hasse

Svar

Gå tilbake til «Flora»